søndag 22. februar 2009

Hei igjen.....

Føler eg må byrje slik, for det er tross alt nokre veker sidan sist. Eg har ikkje behov for å begrunne mitt "fråvær" i denne bloggverda. Det eg kan seie er at innerst inne har eg sakna dokke alle saman, Sjølv om eg har vore innom mange av dokke og lest dei siste innlegga.

Eg har starta med å realisere ein draum eg har hatt i mange år. Eg tok endeleg mot til meg og meldte meg inn i eit lokalt kor. Eg har alltid likt godt å synge, men aldri tatt meg tid til å ta steget fullt ut....Eg trur eg kan bidra med noko, men eg er fullstendig klar over at eg ikkje er ei ny Gloria Gaynor eller Whitney Houston:)

Berre det å ha ein hobby utanfor husets fire veggar trur eg er med på å "piffe" opp kvardagen min. Eg treng litt tid for meg sjølv og det beste av alt er at min kjære støttar meg 100 % :)

Etter nokre øvingar og ei rykande fersk øvingshelg bak meg føler eg berre glede. Eg går og trallar å syng mest heile dagen og studerer notar opp og ned. Den største utfordringa ligg i å lese notar. Dette er heilt nytt for meg, men eg får god hjelp av dei andre kordamene. Og det skal dokke vite: Desse damene får meg til å føle meg veldig velkomen. Dei uttrykte slik glede over ei ny kordame at det var reint rørande.

Og dirigenten er verkeleg ei dame med stor D!! Ei flott jente med bein i nasa og eit fantastisk engasjemang for jobben sin!!

Tusen takk til alle i Åmdalskoret "Berre damer" og ein spesiell takk til dirigent Janne for velkomsten eg har fått. Alle er ein inspirasjon til å fortsette med min nyerverva hobby!!!

torsdag 5. februar 2009

Tid for kaffibar

Som mange sikkert har merka har det vore litt bloggtørke inne hos meg.....Årsaken er enkel: Sjukdom...

Eg føler at den siste veka har gått med til å tørke snørr og måle feber samt passe på ein nyoperert gut. Mikkel Johann har vore inne siste veka med "virusliknande influensa". Sjølv om blodet er fri for bakteriar så hindrar det ikkje kroppen i å reagere med svært høg feber og slappheit...

Benjamin fekk endeleg gjennomføre ein etterlengta mandel og polypp fjerning operasjon. Forrige onsdag på Åse slapp legane til. Dette gjekk heilt fint, og guten er frisk og delvis rask igjen. I dag er det første dagen på skulen og han gledde seg til det. Utfordringa ligg i å IKKJE VERE I FYSISK AKTIVITET.....

Det kan vise seg å bli vanskeleg for ein fotballgal gut i 7 års alderen, men lærarane skulle passe godt på :)

Eg har då vore husmor og sjukepleiar denne veka, og det er kjekt det. Men jammen blir ein bra lei og av å berre sitte inne heile dagane....

Eg har lengta etter denne dagen lenge...

Eg skal nemleg ta meg ein tur på vår fantastiske Fugl Fønix Kaffibar...

Eg skal nyte ein kopp nykverna kaffi og eit stykke med deira nydelege gulrotkake:)

Treng eg seie stort meir??

Du som har vore innom dørene til denne koselege kaffibaren veit kva egsnakkar om:)

I morgon tek eg til med arbeidshelg og fortsetter utover veka med vakter nesten kvar dag. Så dette blir ei oppladning av dei store.

Avsluttar med nokre bilder eg har lånt frå heimesida til Fugl fønix:

image

image

onsdag 4. februar 2009

Mikkel Johann hos Fotograf Martha

Rundt 1 års dagen til Mikkel Johann var vi til fotograf. Vi ville ta dei vanlege bilda av minstemann, slik vi har gjort med alle dei andre, og samtidig prøve å få tatt nokre familiebilder.

Valget falt på Fotograf Martha Lystad

Det er henne vi har brukt tidlegare, både til barna og bryllaupet vårt og vi fann ut at vi ville bruke ho denne gangen og.

Og vi er svært nøgde med resultatet!! Servicen er det heller ingenting å seie på. Vi måtte nemleg utsette fotograferinga av Mikkel Johann både ein og to ganger pga sjukdom, alikevel stilte Martha opp, like blid og kjekk.  Dette er ei dame som kan faget sitt og eg nøler ikkje med å anbefale henne til andre.

Her er eit lite utdrag av bilda våre:

image

image

image

image

Olsen-0975

Olsen-0958

Olsen-0988

Olsen-0974

No er tid komen til å bestille evt forstørringar. Det er så populært med lerrets bilder no, og eg kunne gjerne tenkt meg både eit og to til å ha i trappegangen eller på stua.

Spørsmålet er kva skal vi velge....

No blir det ei stund til neste gang vi er med fotograf. Eller så lenge er det vel egentleg ikkje til, Preben er visst konfirmant om 4 år....

Som eg har sagt meir enn ein gang: Tida går så altfor fort!