torsdag 5. februar 2009

Tid for kaffibar

Som mange sikkert har merka har det vore litt bloggtørke inne hos meg.....Årsaken er enkel: Sjukdom...

Eg føler at den siste veka har gått med til å tørke snørr og måle feber samt passe på ein nyoperert gut. Mikkel Johann har vore inne siste veka med "virusliknande influensa". Sjølv om blodet er fri for bakteriar så hindrar det ikkje kroppen i å reagere med svært høg feber og slappheit...

Benjamin fekk endeleg gjennomføre ein etterlengta mandel og polypp fjerning operasjon. Forrige onsdag på Åse slapp legane til. Dette gjekk heilt fint, og guten er frisk og delvis rask igjen. I dag er det første dagen på skulen og han gledde seg til det. Utfordringa ligg i å IKKJE VERE I FYSISK AKTIVITET.....

Det kan vise seg å bli vanskeleg for ein fotballgal gut i 7 års alderen, men lærarane skulle passe godt på :)

Eg har då vore husmor og sjukepleiar denne veka, og det er kjekt det. Men jammen blir ein bra lei og av å berre sitte inne heile dagane....

Eg har lengta etter denne dagen lenge...

Eg skal nemleg ta meg ein tur på vår fantastiske Fugl Fønix Kaffibar...

Eg skal nyte ein kopp nykverna kaffi og eit stykke med deira nydelege gulrotkake:)

Treng eg seie stort meir??

Du som har vore innom dørene til denne koselege kaffibaren veit kva egsnakkar om:)

I morgon tek eg til med arbeidshelg og fortsetter utover veka med vakter nesten kvar dag. Så dette blir ei oppladning av dei store.

Avsluttar med nokre bilder eg har lånt frå heimesida til Fugl fønix:

image

image

3 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Hallo Laila!

Kaffien og kaka har du verkeleg fortjent etter ei skikkeleg heimeveke. Ikkje kjekt i det heile når desse gulla våre vert sjuke. Vi er på siste dagen med penicilin for Iver August og på onsdag skal vi på utgreiing om han må ha dren.

Emma tok mandlar og polyppar for eitt år sidan. Vart ei heilt anna jente med tanke på sjukdom.

Ønskjer deg ei fin helg ! :)

Englemor sa...

Hei
Trur sjukdom i ymse variantar verserer i store mengder i sunnmørsbygdene for tida.. Her i huset har vi IKKJE hatt noko enda. (bank i bordet). Sikker på at det var godt å få komme seg ut.. En blir ganske so lei at å gå heime å pleie andre.. Deilig å ha litt tid for seg sjølv.
Ha ei god helg vidare:)

Anna Lisa sa...

Ja det er trasig med sjukdom. Vi har også hatt vår kvote her i hus. Håpa på lettare dagar for deg også.
Fugl fønix virka som ein flott cafe. Har aldri vore innom der ennå, sjølv om eg bor i Volda :) er så sjelden eg tar meg slike turar til Ørsta.
Ha ei flott veke
Klem