mandag 29. desember 2008

Dei finaste presangar

Julekvelden er over. Det vanka mykje fint både til små og store denne kvelden. Dei finaste gåvene fekk eg og min kjære med dei tre største borna våre. Dei er så fine at eg gjerne vil dele dei med dykk. Samtidig vil eg rose lærarane på "vår" skule, og på alle andre skular. Noko må borna våre lære sidan dei kan kome heim med slike verdifulle ting i sekken til jul. Lærarane er både flinke, tolmodige og generøse. Eg beundrar dei for den jobben dei klarer å utføre med dei midlar dei har til rådigheit.

Sjå berre her kva som låg under treet vårt:

 

DSC02101

Nydelege roser laga av papir

Desse fekk eg av Elise Marie storejenta mi:)

DSC02106

Denne hengaren fekk pappa av jenta si. "Slik han kan henge frå seg ting og tang på:)" i følge Elise Marie

DSC02107

Denne penne holdaren fekk vi begge to:) Det ligg alltid så mange pennar overalt! Sant nok det:)

DSC02102 DSC02103

Av Benjamin fekk vi denne flotte lyslykta. Veldig spesiell, med nissar og snømenn på. Og eit handtak laga av streng og perler:)

Denne står og lyser så fint på bordet heile jula...

DSC02111

Benjamin hadde og laga eit filteple til å henge på juletredet.

DSC02108 DSC02109

DSC02110

Preben hadde laga desse nydelege gryteklutane på håndarbeid. Sjå berre på saumen og trykket. Flott arbeid. Desse vart eg veldig glad for. Mest fordi eg trudde mormor skulle få dei. Det var det han sa når han kom heim med dei. Eg tenkte at det var veldig snilt gjort. Preben har alltid vore mormors gut, men eg hadde mest lyst på dei sjølv. Stor var overraskelsen då eg fekk dei på julekvelden. Til mamma med hjarte bak stod det. Gjett om eg vart glad:)

 

EG YNSKJER ALLE EI FIN NYTTÅRSFEIRING!!!

Til slutt vil eg takke for alle utmerkingar og utfordringar eg har fått siste vekene. Eg skal ta fatt på det, men det blir ikkje idag:)

tirsdag 23. desember 2008

Det er jul...

Hei kjære bloggvener og andre som kikar inn til meg:) No er det ei god stund sidan eg har vore "aktiv" på bloggen min. Det er sjukdom kombinert med den så altfor godt kjende tidsklemma som er årsaka. Siste veka har både husbonden og minstemann hatt feber og stygg hoste kombinert med slappheit og svimmelheit. Det har vore travelt! Samtidig som eg har medlidenheit for min betre halvdel, kjenner eg at eg er irritert fordi tida ikkje strekk til. Eg skal pynte, vaske, handle og samtidig vere sjukepleiar på heimefronten. I tillegg er det 3 andre born i huset som krev sitt. Dette er ikkje meint som noko klagebrev! Eg benyttar vell heller sjansen til å forklare kvifor eg ikkje har blogga. Har litt dårleg samvet for det og. Difor er det godt å tenke på det som tidlegare har blitt skreve i blogglandia: Ein skal blogge når ein har tid og lyst og overskudd. Det skal vere kjekt og lystbetont å blogge! Tusen Takk alle saman.

Det er dagen før dagen. Tida står nesten stille. Iallefall føles det slik for mine små englar her i huset. Plutseleg er det kjedeleg, det er ingen ting å gjere på, timane går for sakte...Eg prøver så godt eg kan å forklare dei at timane går akkurat like fort/seint som dei alltid har gjort:)

Dei gled seg slik til å feire jula fram på dalen med Mormor, Onkel Ole Andre, søskenborna Ariana og Anabelle, Onkel Terje og Tante Monika. Vi bestemte oss tidleg for å tilbringe julekvelden ilag i år. Det blir ei spesiell jul, ei jul med mange tankar og følelsar i sving. Det blir heilt sikkert ei fin jul, men og ei trist jul. Tårer vil bli felt, latteren vil kome. Minna vil strøyme på. Gode minner om ein snill mann, ein omsorgfull pappa og ein koseleg og spøkefull Morfar. Vi minnast deg med kjærleik....

Den einaste som ikkje er her ilag med oss Siv Beate. Ho er langt ute på havet og fiskar. Nær Bjørnøya. Vi skulle så gjerne hatt deg her ilag med oss Siv. Barna saknar den alltid så snille og gavmilde tanta si.

Eg må berre seie det at eg er så stolt av deg Siv. Du er så modig synest eg, aldri om eg hadde klart det som du. Tenk å reise så langt vekk, så tett inn i jula for å bli vekke så lenge. Det står respekt av det Siv.

Du er eneståande, modig og sjølvstendig. Husk det når ting buttar imot. Ta vare på deg sjølv venn:) Varme klem frå systa di:)

                                                            DSC02001     DSC02008

I går var det 4 søndag i advent, eg tende sjølv alle lysa denne dagen. Så slapp vi diskusjonar rundt bordet.

DSC02057

                                                    Tenn lys!                                                       
No stråler alle
dei fire lys for han
som elskar alt som lever,
kvar løve og kvart lam.
Tenn lys for himmelkongen
som kjem med ljos og fred.
No møtest jord og himmel
og englar jublar med.

 

Til tross for sjukdom og elende i heimen kom vi i mål denne gangen og. Eg har fått på plass det eg vil av julepynt. Den fine Nissefamilien som mi kjære mamma har laga til oss er på plass. Ikkje der den vanlegvis står, men i trappa. I trygg forvaring frå små naskete barnehender...

DSC02064   DSC02065

Nissekoret står så fint i vindauget:)

DSC02069

Nissefar vakar over oss:)

DSC02062

Orkideane mine blomstrar og tek seg godt ut ilag med hjarta som pyntar opp i vindauga.

DSC02067

Sist, men ikkje minst er julekrybba på plass. Den står på sin faste plass i kjellaren. Godt synleg for borna når dei vaknar om morgonen. Som ei påminning om kvifor vi feirar denne høgtida.

DSC02072    DSC02073

Til slutt vil eg fortelje om noko som hende meg i dag.

Eg satt her og blogga, i ei hålete ullskjorte, gammal joggebukse og med håret til alle kantar. Eg treng vell ikkje seie at besøk var det siste eg venta meg...

Det ringde på døra, og der stod ei veninne eg sjeldan ser og som eg enda sjeldnare pratar med. Igjen kan eg legge skylda på tidsklemma, men ein kjem ikkje lenger av den grunn. Nei, ein må berre ta seg tida, ta seg tid til å besøke kvarandre, ringe kvarandre og syne for einannan at ein bryr seg.

Det var akkurat det denne dama gjorde idag. Ein varm klem og ein fin bukett med blomar og eit kort der desse orda strålar imot meg:

Vi tenker på dokke i julehøgtida. Klem frå Trine og Stig:)

DSC02070    DSC02071

Tusen Takk Trine for denne fine gesten. Det gjorde meg veldig glad. Det varma kring hjartet og gråten pressar på i denne stund.

Det er godt å vite at vennskap ein knyt i barne og ungdomsåra har slik ei kraftig rot at den veks og blir sterkare med åra, til tross for til tider dårleg vedlikehald.

Eg ynskjer Trine og Stig med familie ei Retteleg God Jul og Eit Fortryllande Nyttår :)

Til alle andre her i blogglandia: Takk for alle fine og varme kommentarar, takk for oppmuntring til å blogge. Takk for at eg får ta del i denne spanande verda. Eg set pris på alle og einkvar av dokke

Det er sant som det blir sagt: Vennskap blir knytt her inne, på kryss og tvers av alle landets breibånd!!

 

Eg ynskjer alle ei Fredeleg Julehøgtid i nærvær med familie og vener, ei roleg og fin nyårsfeiring og eit  2009 fylt med tru, håp og kjærleik:)

image

 

onsdag 17. desember 2008

3 søndag i advent

Eg er klar over at eg no er på etterskudd. Føler alikevel at eg må skape rettferd her i huset med å la dykk få vite kven som tende det 3 adventslyset her i hemen. Ein kan ikkje gjere forskjel veit du..

Først vil eg få seie at det er sjukdom på gang med oss. Ikkje ein, ikkje to, men heile tre av barna er/har vore sjuke. Det går i trøsting, måling av feber, sove når ein kan og mase om drikke osv....ja de kjenner til dette alle saman rekner eg med.

Det har vore nokre travle dagar, men eg trøystar meg med at vi er ferdige når julehøgtida ringast inn.

Denne dagen var det Benjamin sin tur å tende lys. Han fekk like godt tende alle tre. Og stolt som ein hane var han. Kanskje fordi tendaren vår var tom og han fekk bruke fyrstikker? Det er nemleg litt utanom det vanlege...

DSC02052

DSC02053

Tre lys tre lys!

Tre lys skal flamme

for alle som må slåst

for rettferd og for fridom

og saknar stø frå oss.

Må ingen misse motet

før fridomsklokka slår.

Tenn lys for fred og rettferd

på heile jorda vår!

 

DSC02054 

Med dette ynskjer eg alle venar, familie og kjende ei fin førjulsveke.

Juleklem frå Laila

 

torsdag 11. desember 2008

Visste du dette om meg?

Utfordringane kjem på rekke og rad. Ikkje noko er kjekkare enn det, men eg ser at tida ikkje alltid strekk til. Iallefall skal eg no prøve å fortelje 7 ting om meg sjølv som eg trur du ikkje veit frå før. Men som Astrid sa så bur vi i ei bygd der alle kjenner alle så vi får sjå....

 

1. Som lita jente trakka eg mine barnesko ut på Neset ilag med Mor og Beth (mormor og morfar). Eg likar å kalle meg halvt Sæbøjente og er så pass glad i denne staden at hadde eg fått med meg mannen min så hadde vi flytta dit.

2. Eg var litt av ei gutejente då eg var lita. Banka opp mange av gutane i klassa og hadde rykte på meg for å vere veldig sterk!! Kan ikkje seie eg er vidare stolt av dette...

3. Ser eg ei raud boble minner det meg veldig om barndomen og alle bilturane mamma og eg hadde ilag. Ho hadde nemleg ei slik og eg brukte å få ligge heilt bake i den lille luka. Var ikkje mykje snakk om barnesete og barnesikring for 33 år sidan nei....

4. Som 13 åring var eg fullestendig hekta på Carola. Kunne alle sangane hennar og hadde alle bøker om ho. Stod med den tradisjonelle hårbørsta og mima framfor mamma og resten av familien mang ein laurdaskveld:)

5. Då eg som 22 åring flytta til Førde for å gå på sjukelpleiehøgskulen hadde eg slik heimlengsel at eg gret kvar kveld. Både etter Richard, mine småsøsken og mamma....Dette gav seg sjølvsagt, men det tok tid!

6. Som 16 åring tok eg paraglidarsertifikat. Har hatt mange luftige turar frå fjelltoppar rundt omkring. Eg skal vere så pass å innrømme at eg har hatt nokre "harde" landinger og, bla i ei bjørk og halveis på panseret til ein bil.....No hadde eg aldri turt dette, eg føler at livet er altfor verdifullt etter at eg fekk barn:)

7. Då eg fekk sertifikat kjøpte eg meg ein plommeraude Talbot med elektriske vindauge og takluke for kr 3000,-.....Du huska den Maj Britt:)

Når ein bur i "grisgrente" strøk må ein investere. Bilen gjorde plikta si og meire til, den frakta meg og venner både hit og dit i mange år. Den vart til og med brukt som skyssbil til og frå Førde i 2 år.

Då er eg spent. Fekk du vite noko nytt om meg no? Denne utfordringa gjev eg vidare til alle som er innom bloggen min. Kjekt å få vite meir om alle andre bloggvenner:) Ynskjer alle ei god helg:)

mandag 8. desember 2008

HJELP!!!

Eit lite rop om hjelp frå ei som enda kaller seg ein uerfaren bloggar...

Ser at mange, ja nesten alle har advent og julepreg på sida si. Eg har og lyst til å prøve dette. Har forsøkt å klippe og lime div julemotiv slik som juletre og nissar, men utan hell. Det er nok noko eg ikkje gjer rett. Kan nokon hjelpe meg hadde eg sett stor pris på det. Gjerne ved å legge ei lita innføring på kommentarar.

Litt andre ting eg lurar på og:

  • korleis midtstille tekst?
  • korleis kan eg skrive rundt bilda?
  • korleis få annan skrift og farge på overskrifta?

Eg takker so mykje på førehand:)

 

PS: Eg brukar windows live writer.

Utmerkingar og utfordringar...

Det er nokre dagar sidan eg fekk denne utfordringa av  Ida Mari. Utfordringa går ut på å nemne favorittane dine i baderomskapet. Alle som kjenner meg veit at eg ikkje er så nøyen på å bruke alskens kremar og oljer. Ei av mine beste venninner har no begynt som Mary Kay konsulent. Ho var snar å kome hit for å halde party. Ho ordla seg omtrent slik: Du Laila, du må tenke på at vi nærmar oss 40... Huda vår treng omsorg og pleie for å unngå rynker. Eg har det rette til deg!!

Eg lyt gjere det beste ut av det, men du må love å ikkje le :)

 

1. Mary Kay Timewise 3-in-1 cleanser

2. Mary Kay Timewise Age-Fighting Moisturizer

3. Mary Kay Satin Hands (Anbefalast!!)

4. Mary Kay hand cream

5. Mary Kay Full Coverage Foundation

6. Loreal Eye and Lip Make-Up Remover

7. Max Factor Masterpiece maskara

8. Nivea Bodylotion

 

Må innrømme, kanskje spesielt til Maj Britt at det ikkje er kvar dag desse produkta er i bruk. Til mitt forsvar kan eg seie at rynkene IKKJE har dukka opp enda...

 

Den andre utfordringa fekk eg frå Anne Grete og av Cecilie. Her skal eg skrive ned 5 ting eg er avhengig av...

image  1. Richard og mine 4 englar

  2. Mamma mi.....

  3. Heimen min

  4. Stearinlys

  5. Daglege klemmar frå Preben, Elise, Benjamin og Mikkel

 

Denne utfordringa gjev eg vidare til desse 5:

 

   http://mitthusditthus.blogspot.com/

   http://tovehd.blogspot.com/

   http://mylife-riskorn.blogspot.com/

   http://guttemammas.blogspot.com/

   http://gullarebbestad.blogspot.com/

 

Det stoppar ikkje her må du tru. Av Lill fekk eg denne fine awarden med denne nydelege teksten. Tusen Takk Lill:)

image

"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!"
Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.

Tusen Takk for at DU e DU!!!

 

Eg ynskjer å gi denne vidare til desse 8 bloggarane:

 

http://siljenelly.blogspot.com/

http://astridbjordal.blogspot.com/

http://tovehd.blogspot.com/

http://lineah-rakfre.blogspot.com/

http://annemors.blogspot.com/

http://guttemammas.blogspot.com/

http://d-heim.blogspot.com/

http://gryslilleunivers.blogspot.com/

 

Takker alle som er innom bloggen min. Håper dokke får ei fin veke med tid til litt avslapping og kos i denne førjulstida. Varm Klem:)

 

søndag 7. desember 2008

2 Søndag i Advent

I dag er det andre søndag i Adventstida. Den som fekk tende det 2 lyset i staken vår var ELISE MARIE. Det var ei litt trøtt, men absolutt glad jente som tok plass framfor vindauget. Sidan vi har ein liten bror i huset går det IKKJE å pynte borda med dukar og lys, men staken den tek seg like fint ut i glaset den. Når lillebrorgull har funne senga kjem pynten på borda:) Reknar med alle med små barn kjenner seg att i denne beskrivelsen.

 

DSC02038     DSC02039

 

Tenn lys!

To lys skal skine

for kjærleik og for tru,

for dei som alltid elskar,

for dei som byggjer bru.

Må fangar verte frie

og heimlause få ly

Tenn lys for dei som sørgjer

kveik deira mot på ny.

 

Sidan det var slik eit nydeleg ver idag tok eg med meg Mikkel Johann på ein trilletur. Det har vore veldig kaldt her siste tida, så vogna har fått stått mykje i ro. Eg fekk ikkje med meg nokon av dei andre. Elise ville slappe av, Benjamin var på søndagskule, Pappa hadde ryddedag og Preben var opptatt med sitt. Vi skulle nok kose oss aleine vi.

Det er merkeleg korleis ein finn roa når ein går ute i naturen. Ein slappar av i heile kroppen, tek seg tid til å lytte, til å lukte. Vinteren har slik ei god lukt synest eg. Folk inne fyrer og røyk siv frå pipene. Det knitrar under skoa og fuglane syng vintersongen sin. Mikkel og eg gjekk til gravplassen i dag. Vi ville tende lys for Morfar og Pappa. Ein kan tydeleg sjå at kulda har vore på besøk. Dei to små spurvane var fulle av is og rosene frå mamma var stive av kulde. Alikevel er dei fine og gjev utrykk for saknet vi alle kjenner på.

DSC02028 DSC02029 DSC02030

Vi tende lys i dei to lyktene. To lys for kjærleik og for tru. Vi saknar deg slik....

På vegen heim tok eg desse bileta:

 

DSC02026 DSC02031 DSC02025

Når eg er så godt i gang må eg ta med kva resten av søndagen har gått med til og. Etter tips frå ein nabo fekk vi vite at Folkehøgskulen skulle ha julegåve innsamling til born i Romania. Opp på loftet bar det. Vi fann fram Dunjakker, vottar og luer. Til og med to små babydressar fann vegen ned. Elise hjalp til med innpakking:

   DSC02037     DSC02036

Etter dette får vi ein fin følelse i hjartet vårt sa Elise:) Eg var heilt enig. Desse klea gjer mykje meir nytte for seg på gutar og jenter i Romania enn oppe på loftet vårt. Det er iallefall sikkert!!

Vi avslutta dagen med å delta på Julegrantenning og Fakkeltog. Grana blir tend 2 søndag i advent kvart år, med påfølgande fakkeltog til inntekt for Redd Barna. Det er mange som tek vegen til Haldeplassen denne dagen. Og det er like kjekt kvart år. Hornmusikken spelar og vi syng Deilig er Jorden. Det var og kollekt til inntekt for Redd Barna. Visste du forresten at 50 kr er nok til at eit barn får gå på skule i 1 år? I denne førjulstida bør vi alle tenke på kor lite som skal til for å glede andre.

 

 DSC02044   DSC02042

Til slutt takker eg for utmerkelsar og utfordringar eg har fått. Eg skal prøve å få sett nærmare på dei i løpet av nokre dagar. Det er fortsatt ting eg er litt usikker på angåande dette:)

Ha ein fin kveld alle saman:)

lørdag 6. desember 2008

Mykje og meir som skal gjerast

Det nærmar seg jula med stormskritt. For kvar dag som går innser eg at det fortsatt er MYKJE meir å gjere. Heldigvis er eg fortsatt i barsel permisjon så eg har kanskje  litt meir tid til å ordne ting enn dei fleste andre?...Alikevel føler eg at tida ikkje strekk til. No er vi komne til 6 desember. Og det er BERRE 18 daga igjen til sjølve juleafta. Dette veit eg godt fordi barna her i huset har nedtelling, slik som sikkert mange andre har.

 

Eg har alikevel fått gjort unna mykje. Saman har vi baka julemanna, sandkaker og Mors hardvafler (anbefalast på det sterkaste). Oppskrifta på hardvaflene har eg fått frå ho Mor ut på Neset. I tilfelle nokon vil prøve å lage desse legg eg inn oppskrifta:)

 DSC01900    DSC01899

 

DSC01982

 

Julekort er noko eg synest høyrer jula til. For oss er det tradisjon å sende ut bilde av borna med ei hyggeleg helsing på. Dette har vi gjort kvart år sidan Preben vart fødd for snart 12 år sidan. Eg har brukt å bestille kort på ein eller annan fotobutikk på nettet eller brukt vår lokale forhandlar Fotograf Lystad. Fornøgd har eg vore kvart år. Men i år hadde eg lyst å prøve å lage dei heilt frå starten av sjølv...Eg såg føre meg eit kvadratisk kort med fleire bildemotiv på. Det var mange som hadde denne typen i fjor og eg må berre innrømme at eg var litt misunneleg:)

Eg byrja å leite på nettet. Søkte på kvasir og fekk opp MANGE TREFF!! Fann ein link til eit program som heitte PHOTOSCAPE. Ei dame hadde til og med lagt ut ei brukarveiledning slik eg lettare kunne finne ut av ting. Dette må no vere TOPPEN tenkte eg. For å gjere ei lang histore kort: Eg klarte til slutt å orientere meg, og eg vart veldig fornøgd. Eg fann og ut at det var kjempe kjekt å lage noko sjølv og at timane flyg når du sitt framfor skjermen og leikar deg :)

Det endelege resultatet blei slik:

 

                                                   Julebilde fredig 2008

Eg skal printe det ut heime, eller det vil seie Richard skal ta seg av det:) Finne nokre fine konvoluttar og klistermerker og få det i posten snarast. Kanskje får DU eit i posten ein av dagane:)

Dette programmet finn du HER

Til slutt oppskrifta som eg lovde:

 

MORS HARDVAFLER

4 egg

250 gr smelta smør

250 gr sukker

1/2 kg potetmjøl

3 ts bakepulver

2 ss kveitemjøl

 

Eggeplomene og sukker piskast stivt. Ha i smør. Deretter potetmjøl, bakepulver og kveitemjøl. Ha i stivpiska eggekvite til slutt.

Smør jernet m/smør dei første gangane for å hindre at hjarta brenn seg fast. Ha godt med røre pr vaffle.

Håper denne fell i smak:)