tirsdag 23. desember 2008

Det er jul...

Hei kjære bloggvener og andre som kikar inn til meg:) No er det ei god stund sidan eg har vore "aktiv" på bloggen min. Det er sjukdom kombinert med den så altfor godt kjende tidsklemma som er årsaka. Siste veka har både husbonden og minstemann hatt feber og stygg hoste kombinert med slappheit og svimmelheit. Det har vore travelt! Samtidig som eg har medlidenheit for min betre halvdel, kjenner eg at eg er irritert fordi tida ikkje strekk til. Eg skal pynte, vaske, handle og samtidig vere sjukepleiar på heimefronten. I tillegg er det 3 andre born i huset som krev sitt. Dette er ikkje meint som noko klagebrev! Eg benyttar vell heller sjansen til å forklare kvifor eg ikkje har blogga. Har litt dårleg samvet for det og. Difor er det godt å tenke på det som tidlegare har blitt skreve i blogglandia: Ein skal blogge når ein har tid og lyst og overskudd. Det skal vere kjekt og lystbetont å blogge! Tusen Takk alle saman.

Det er dagen før dagen. Tida står nesten stille. Iallefall føles det slik for mine små englar her i huset. Plutseleg er det kjedeleg, det er ingen ting å gjere på, timane går for sakte...Eg prøver så godt eg kan å forklare dei at timane går akkurat like fort/seint som dei alltid har gjort:)

Dei gled seg slik til å feire jula fram på dalen med Mormor, Onkel Ole Andre, søskenborna Ariana og Anabelle, Onkel Terje og Tante Monika. Vi bestemte oss tidleg for å tilbringe julekvelden ilag i år. Det blir ei spesiell jul, ei jul med mange tankar og følelsar i sving. Det blir heilt sikkert ei fin jul, men og ei trist jul. Tårer vil bli felt, latteren vil kome. Minna vil strøyme på. Gode minner om ein snill mann, ein omsorgfull pappa og ein koseleg og spøkefull Morfar. Vi minnast deg med kjærleik....

Den einaste som ikkje er her ilag med oss Siv Beate. Ho er langt ute på havet og fiskar. Nær Bjørnøya. Vi skulle så gjerne hatt deg her ilag med oss Siv. Barna saknar den alltid så snille og gavmilde tanta si.

Eg må berre seie det at eg er så stolt av deg Siv. Du er så modig synest eg, aldri om eg hadde klart det som du. Tenk å reise så langt vekk, så tett inn i jula for å bli vekke så lenge. Det står respekt av det Siv.

Du er eneståande, modig og sjølvstendig. Husk det når ting buttar imot. Ta vare på deg sjølv venn:) Varme klem frå systa di:)

                                                            DSC02001     DSC02008

I går var det 4 søndag i advent, eg tende sjølv alle lysa denne dagen. Så slapp vi diskusjonar rundt bordet.

DSC02057

                                                    Tenn lys!                                                       
No stråler alle
dei fire lys for han
som elskar alt som lever,
kvar løve og kvart lam.
Tenn lys for himmelkongen
som kjem med ljos og fred.
No møtest jord og himmel
og englar jublar med.

 

Til tross for sjukdom og elende i heimen kom vi i mål denne gangen og. Eg har fått på plass det eg vil av julepynt. Den fine Nissefamilien som mi kjære mamma har laga til oss er på plass. Ikkje der den vanlegvis står, men i trappa. I trygg forvaring frå små naskete barnehender...

DSC02064   DSC02065

Nissekoret står så fint i vindauget:)

DSC02069

Nissefar vakar over oss:)

DSC02062

Orkideane mine blomstrar og tek seg godt ut ilag med hjarta som pyntar opp i vindauga.

DSC02067

Sist, men ikkje minst er julekrybba på plass. Den står på sin faste plass i kjellaren. Godt synleg for borna når dei vaknar om morgonen. Som ei påminning om kvifor vi feirar denne høgtida.

DSC02072    DSC02073

Til slutt vil eg fortelje om noko som hende meg i dag.

Eg satt her og blogga, i ei hålete ullskjorte, gammal joggebukse og med håret til alle kantar. Eg treng vell ikkje seie at besøk var det siste eg venta meg...

Det ringde på døra, og der stod ei veninne eg sjeldan ser og som eg enda sjeldnare pratar med. Igjen kan eg legge skylda på tidsklemma, men ein kjem ikkje lenger av den grunn. Nei, ein må berre ta seg tida, ta seg tid til å besøke kvarandre, ringe kvarandre og syne for einannan at ein bryr seg.

Det var akkurat det denne dama gjorde idag. Ein varm klem og ein fin bukett med blomar og eit kort der desse orda strålar imot meg:

Vi tenker på dokke i julehøgtida. Klem frå Trine og Stig:)

DSC02070    DSC02071

Tusen Takk Trine for denne fine gesten. Det gjorde meg veldig glad. Det varma kring hjartet og gråten pressar på i denne stund.

Det er godt å vite at vennskap ein knyt i barne og ungdomsåra har slik ei kraftig rot at den veks og blir sterkare med åra, til tross for til tider dårleg vedlikehald.

Eg ynskjer Trine og Stig med familie ei Retteleg God Jul og Eit Fortryllande Nyttår :)

Til alle andre her i blogglandia: Takk for alle fine og varme kommentarar, takk for oppmuntring til å blogge. Takk for at eg får ta del i denne spanande verda. Eg set pris på alle og einkvar av dokke

Det er sant som det blir sagt: Vennskap blir knytt her inne, på kryss og tvers av alle landets breibånd!!

 

Eg ynskjer alle ei Fredeleg Julehøgtid i nærvær med familie og vener, ei roleg og fin nyårsfeiring og eit  2009 fylt med tru, håp og kjærleik:)

image

 

10 kommentarer:

Anonym sa...

Er innom for å ønske deg og dine ei fantstisk og fredfull jul. Kos dere masse sammen og ta vare på hverandre i denne flotte høytiden.

Tusen takk for at jeg har fått bli kjent med deg og ditt liv. Det setter jeg stor pris på :)

Mange juleklemmer fra Gry Hege

Anonym sa...

Hei på deg vennen min:-)
Ja jeg er innom for å se om det er noe nytt. Nå vi ikke har så god tid til telefonsnakk, så er det iallefall fint for meg å se hva som skjer hos dere.Du er blitt kjempeflink til å skrive og lage det fint til på bloggen din:-) Håper vi kanskje snakkes sent ikveld. Men uansett ønsker jeg deg og hele Olsenbanden en fin julekveld. Ja, jeg vet den vil bli sår også, og at savnet etter Anders vil gjøre vondt. Ta godt vare på hverandre Laila. Hils Lise så mye. Glad i deg vennen min.
KLem fra Ingrid

Unknown sa...

Takk for helsing på bloggen min, Laila:0)
Ynskjer deg og dine ei god jul til tross for tomrommet som vil vere ekstra merkbart i år...då er det godt å vere samla!!
Set pris på at du har funne fram til meg, og eg ser fram til ei fin fortsetjing av bloggvennskapet i 2009:0)
Varm klem Line

Anonym sa...

Heia vennen.
Her sit eg med feitt hår, tåfis og sveittelukt under armane. Tenkte eg skulle ringe ikveld, men tida strakk ikkje til. Hilde & co kom idag, så her har det vore full rulle, i tillegg til siste julevasken. No har alle lagt seg, eg supar siste dråpane av vinflaska. Ryggen er ikkje heilt god, så litt sovemedisin gjer berre godt....
Du har blitt kjempeflink til å blogge no. (må innrømme eg syns det går litt lenge mellom kvar gong, er innom kvar dag for å sjå etter nytt)
Fekk forresten litt tid til å lese avisa her i stad. Kom ein liten klump i halsen når eg såg kva Monica og Terje hadde skrive inn... Visst ikkje eg får ringt i morga, så får du helse så mykje til alle ihop fram på dala. Tenkjer det er godt for dokke å vere ilag.
Vi snakkast.
Stor juleklem frå meg.

Anita sa...

God Jul til deg også.

Nissene som moren din har laget er kjempefine......;o)

AnneGrethe7 sa...

Eit flott innlegg Laila!!

Måtte de alle få ei god og fredfull julehøgtid på trass av sorg og sakn.

God betring i heimen, og tidsklemma og det dårlege samvitet som du skildrar er vi nok mange som kjenner på...men jul blir det heldigvis lell:)

Takk for bloggvenskapet denne hausten!!!:)

Tak vare på kvarandre!

Juleklem

Lill sa...

God Jul til dokke alle i Olsenbanden:)) Nydeleg inlegg Laila, og ta vare på dei gode minnane om ein fantastisk pappa. Slikte følelser blir så mykje sterkare i julehøgtida:)
Vi berre nyter julefreden og har ein såkalt lat dag idag:)) Lov det innimellom:))
Stor juleklem frå Lill

Anette {foreldremanualen} sa...

Heisann!

Vi har også slitt med litt sykdom i jula - omgangssyken! Det har nesten blitt en del av juletradisjonen her hos oss.... skjønner ikke at man ikke kan holde seg frisk når man har fri! ;-)

(vil også si at det ligger en liten award til deg inne på siden vår...)

Dagny- Heim sa...

I går ettermiddag var eg på grava til besteforeldra mine på Askjellhaugen og tende lys. Då gjekk også tankane mine til dåkke som har mist ein kjær på ein slik måte de har gjort. Tenkte på at neste gong er det kanskje vår tur... Måtte til slutt ta meg saman for ikkje å begynne å storgråte....

Håper at julehøgtida vert ei god tid, likevel.

Varm romjulsklem frå meg.

Unknown sa...

Heisann:0)
Har noko til deg inne hos meg!!
Klem