mandag 29. desember 2008

Dei finaste presangar

Julekvelden er over. Det vanka mykje fint både til små og store denne kvelden. Dei finaste gåvene fekk eg og min kjære med dei tre største borna våre. Dei er så fine at eg gjerne vil dele dei med dykk. Samtidig vil eg rose lærarane på "vår" skule, og på alle andre skular. Noko må borna våre lære sidan dei kan kome heim med slike verdifulle ting i sekken til jul. Lærarane er både flinke, tolmodige og generøse. Eg beundrar dei for den jobben dei klarer å utføre med dei midlar dei har til rådigheit.

Sjå berre her kva som låg under treet vårt:

 

DSC02101

Nydelege roser laga av papir

Desse fekk eg av Elise Marie storejenta mi:)

DSC02106

Denne hengaren fekk pappa av jenta si. "Slik han kan henge frå seg ting og tang på:)" i følge Elise Marie

DSC02107

Denne penne holdaren fekk vi begge to:) Det ligg alltid så mange pennar overalt! Sant nok det:)

DSC02102 DSC02103

Av Benjamin fekk vi denne flotte lyslykta. Veldig spesiell, med nissar og snømenn på. Og eit handtak laga av streng og perler:)

Denne står og lyser så fint på bordet heile jula...

DSC02111

Benjamin hadde og laga eit filteple til å henge på juletredet.

DSC02108 DSC02109

DSC02110

Preben hadde laga desse nydelege gryteklutane på håndarbeid. Sjå berre på saumen og trykket. Flott arbeid. Desse vart eg veldig glad for. Mest fordi eg trudde mormor skulle få dei. Det var det han sa når han kom heim med dei. Eg tenkte at det var veldig snilt gjort. Preben har alltid vore mormors gut, men eg hadde mest lyst på dei sjølv. Stor var overraskelsen då eg fekk dei på julekvelden. Til mamma med hjarte bak stod det. Gjett om eg vart glad:)

 

EG YNSKJER ALLE EI FIN NYTTÅRSFEIRING!!!

Til slutt vil eg takke for alle utmerkingar og utfordringar eg har fått siste vekene. Eg skal ta fatt på det, men det blir ikkje idag:)

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hei igjen....så vart det ikkje til at me traff kvarandre denne gongen heller. Men noko sjuke vil me ikkje ha i hus, så vi får berre ta det igjen.
Flotte presangar dokke har fått. Og det er heilt rett, at slike presangar varmar heilt inn i hjarterota. Vi har også fått mykje fint som er heimelaga, og litt gjekk til både mormor, morfar og tante. Og jammen fekk vi ein liten ting frå tantegull Aleksander også, eit fingertroll! Å sjå dei forventningsfulle augene når vi pakkar opp, og sjå kor det strålar når vi blir så glade. Ubetaleleg.
Håper dokke har komt dokke på beina igjen etter sykje, snakkast på tlf.
Klem.

Anna Lisa sa...

Så koselig!!
Fine ting dei har laga. Eg var også heldig som fekk nokre fine ting med mine barn til jul. Kjekt med slike gåver.
Ønska deg fin romjul vidare.
Klem

Anonym sa...

Det er ingen tvil om at de hjemmelagede gavene fra barna er de som varmer mest. Man ser så godt at barna har lagt sin sjel i å lage de, og det betyr mye for oss.

Har masse flott som Kevin laget da han gikk i barnehagen, men i år laget de ikke julgave på skolen så kevin laget en hjemme istedenfor.

Klem fra Gry Hege

Guttemamma sa...

Så herlige ting de har laget, skjønner godt at du ble rørt og glad!! Og jeg ble rørt av "lærerskrytet", det varmer!! KLem og riktig godt nytt år til dere og!!

AnneGrethe7 sa...

Nydelege presangar du har fått, vi fekk også ei slik lyslykt frå prinsessa på 5 år og vi har tent lys i ho kvar dag sidan.

Ønskjer deg ein fin dag :)

Dagny- Heim sa...

Finnest ikkje finare gåver enn dei ungane lagar sjølve!! (Vil helst ha alle dei har laga, sjølv om det er kjekt at dei tenkjer på besteforeldra også.... :)

Kos deg, og ha ei strålande nyttårsfeiring!

Anita sa...

Så masse fint barna dine har laget. Synes også det er flott med det barna har laget selv. Minsten her i huset lager mye rart ennå, blir ikke fullt så mye på jentene som er 16 og 18. Men hun på 16 strikket skjerf til bestemor til jul i år, det ble kjempedeilig - vil gjerne ha et sånt selv;o)
Godt Nytt År til deg og dine.
klem

Anonym sa...

Neimen...så fint du har laga til bakgrunnen på bloggen din! Du får taket på det no etterkvart :-)
Skal me ta å ringast snart?
Klem frå Maj Britt