onsdag 17. desember 2008

3 søndag i advent

Eg er klar over at eg no er på etterskudd. Føler alikevel at eg må skape rettferd her i huset med å la dykk få vite kven som tende det 3 adventslyset her i hemen. Ein kan ikkje gjere forskjel veit du..

Først vil eg få seie at det er sjukdom på gang med oss. Ikkje ein, ikkje to, men heile tre av barna er/har vore sjuke. Det går i trøsting, måling av feber, sove når ein kan og mase om drikke osv....ja de kjenner til dette alle saman rekner eg med.

Det har vore nokre travle dagar, men eg trøystar meg med at vi er ferdige når julehøgtida ringast inn.

Denne dagen var det Benjamin sin tur å tende lys. Han fekk like godt tende alle tre. Og stolt som ein hane var han. Kanskje fordi tendaren vår var tom og han fekk bruke fyrstikker? Det er nemleg litt utanom det vanlege...

DSC02052

DSC02053

Tre lys tre lys!

Tre lys skal flamme

for alle som må slåst

for rettferd og for fridom

og saknar stø frå oss.

Må ingen misse motet

før fridomsklokka slår.

Tenn lys for fred og rettferd

på heile jorda vår!

 

DSC02054 

Med dette ynskjer eg alle venar, familie og kjende ei fin førjulsveke.

Juleklem frå Laila

 

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hei på deg :-) Offa, kjempetravelt med sjuke ungar. Kryss i taket: vi var sjuke i jula i fjor, så iår vil vi vere friske!
Kjem heim på fredag ein snartur, må handle dei siste julegåvene. Så då får vi sjå om dokke er friske før eg lovar eit førjulsbesøk...
Vi snakkast.
Klem frå meg.

Anna Lisa sa...

Tusen takk Laila!!

FOr et koselig innlegg :)
Ha en fin kveld.
Klem

Anonym sa...

Masse god bedring til dere alle der hjemme.....håper sykdommen forsvinner fort :)

Ønsker deg en flott kveld :)
Klem fra Gry Hege

Anonym sa...

Håpar at alle er friske att no då...
Kjem berre iinom for å sei at eg har prøvd oppskrifta di på tørre vaflar!!
Dei var knallgode, så no har eksperen(les:Fredrik) bestemt at denne oppskrifta skal vi bruke for evig og alltid;0)
Takk for at du delte oppskrifta med oss medbloggarar:0)
Ynskjer deg ei fin helg...
Klem frå Line(Kvardagsliv i Storemyra)

AnneGrethe7 sa...

Halloen :)

Uff, håper at ungane dine har friskna til, ikkje noko kjekt i det heile når skattane våre ikkje er i form.

Nydeleg adventsstake du har og kjekt for ungane å få tende :)

Ønskjer deg ein super laurdag, her går det i vasking, men ser enden no.

Klem

Anna Lisa sa...

God jul til deg og dine!!!
Klem