lørdag 6. desember 2008

Mykje og meir som skal gjerast

Det nærmar seg jula med stormskritt. For kvar dag som går innser eg at det fortsatt er MYKJE meir å gjere. Heldigvis er eg fortsatt i barsel permisjon så eg har kanskje  litt meir tid til å ordne ting enn dei fleste andre?...Alikevel føler eg at tida ikkje strekk til. No er vi komne til 6 desember. Og det er BERRE 18 daga igjen til sjølve juleafta. Dette veit eg godt fordi barna her i huset har nedtelling, slik som sikkert mange andre har.

 

Eg har alikevel fått gjort unna mykje. Saman har vi baka julemanna, sandkaker og Mors hardvafler (anbefalast på det sterkaste). Oppskrifta på hardvaflene har eg fått frå ho Mor ut på Neset. I tilfelle nokon vil prøve å lage desse legg eg inn oppskrifta:)

 DSC01900    DSC01899

 

DSC01982

 

Julekort er noko eg synest høyrer jula til. For oss er det tradisjon å sende ut bilde av borna med ei hyggeleg helsing på. Dette har vi gjort kvart år sidan Preben vart fødd for snart 12 år sidan. Eg har brukt å bestille kort på ein eller annan fotobutikk på nettet eller brukt vår lokale forhandlar Fotograf Lystad. Fornøgd har eg vore kvart år. Men i år hadde eg lyst å prøve å lage dei heilt frå starten av sjølv...Eg såg føre meg eit kvadratisk kort med fleire bildemotiv på. Det var mange som hadde denne typen i fjor og eg må berre innrømme at eg var litt misunneleg:)

Eg byrja å leite på nettet. Søkte på kvasir og fekk opp MANGE TREFF!! Fann ein link til eit program som heitte PHOTOSCAPE. Ei dame hadde til og med lagt ut ei brukarveiledning slik eg lettare kunne finne ut av ting. Dette må no vere TOPPEN tenkte eg. For å gjere ei lang histore kort: Eg klarte til slutt å orientere meg, og eg vart veldig fornøgd. Eg fann og ut at det var kjempe kjekt å lage noko sjølv og at timane flyg når du sitt framfor skjermen og leikar deg :)

Det endelege resultatet blei slik:

 

                                                   Julebilde fredig 2008

Eg skal printe det ut heime, eller det vil seie Richard skal ta seg av det:) Finne nokre fine konvoluttar og klistermerker og få det i posten snarast. Kanskje får DU eit i posten ein av dagane:)

Dette programmet finn du HER

Til slutt oppskrifta som eg lovde:

 

MORS HARDVAFLER

4 egg

250 gr smelta smør

250 gr sukker

1/2 kg potetmjøl

3 ts bakepulver

2 ss kveitemjøl

 

Eggeplomene og sukker piskast stivt. Ha i smør. Deretter potetmjøl, bakepulver og kveitemjøl. Ha i stivpiska eggekvite til slutt.

Smør jernet m/smør dei første gangane for å hindre at hjarta brenn seg fast. Ha godt med røre pr vaffle.

Håper denne fell i smak:)

7 kommentarer:

david santos sa...

Brilliante!

Anita sa...

For et flott julekort. Sånn vil jeg også ha:o)

Anonym sa...

Flott julekort :)
Bruker photoscape selv, men er ikke så flink til det enda......men øvelse gjør mester sies det :)

Håper du får en flott 2.søndag i advent :)

Guttemamma sa...

Noen av de fineste julekortene jeg har sett!

Tove sa...

For eit flott innlegg!!!! Julekortet var alldeles nydeleg... Skal prøve photoscape, sjølv om eg har bestilt mine julekort i år òg. Eit av dei finn nok vegen til Mosmarka... Ser forresten at David Santos har kommentert innlegget ditt! Det var den mannen eg advarte om på bloggen min ein gong! Han har ein ekkel blogg om kidnapping og seksuelle overgrep av små jenter. Ikkje gå inn på sida og legg at spor....

No skal eg, tru det eller ei, inn på jobb. Det så mange slags juleførebuingar, tentamensretting er ein av dei...... Kom gjerne ut på Halsane ein tur, her er du alltid velkomen veit du!

Anonym sa...

Tar gjerne imot den ja....kan være greit å lære seg å bruke photoscape skikkelig :)

Anonym sa...

Flinke du...det var eit flott julekort. Du sender vel eit ut i Selje...? Vi vart endeleg ferdige på loftet, så i helga har eg og mamsen hengt opp gardiner :-) Så no blir det god plass til overnatting når dokke kjem på besøk. Snakkast.
Klem frå meg.