søndag 7. desember 2008

2 Søndag i Advent

I dag er det andre søndag i Adventstida. Den som fekk tende det 2 lyset i staken vår var ELISE MARIE. Det var ei litt trøtt, men absolutt glad jente som tok plass framfor vindauget. Sidan vi har ein liten bror i huset går det IKKJE å pynte borda med dukar og lys, men staken den tek seg like fint ut i glaset den. Når lillebrorgull har funne senga kjem pynten på borda:) Reknar med alle med små barn kjenner seg att i denne beskrivelsen.

 

DSC02038     DSC02039

 

Tenn lys!

To lys skal skine

for kjærleik og for tru,

for dei som alltid elskar,

for dei som byggjer bru.

Må fangar verte frie

og heimlause få ly

Tenn lys for dei som sørgjer

kveik deira mot på ny.

 

Sidan det var slik eit nydeleg ver idag tok eg med meg Mikkel Johann på ein trilletur. Det har vore veldig kaldt her siste tida, så vogna har fått stått mykje i ro. Eg fekk ikkje med meg nokon av dei andre. Elise ville slappe av, Benjamin var på søndagskule, Pappa hadde ryddedag og Preben var opptatt med sitt. Vi skulle nok kose oss aleine vi.

Det er merkeleg korleis ein finn roa når ein går ute i naturen. Ein slappar av i heile kroppen, tek seg tid til å lytte, til å lukte. Vinteren har slik ei god lukt synest eg. Folk inne fyrer og røyk siv frå pipene. Det knitrar under skoa og fuglane syng vintersongen sin. Mikkel og eg gjekk til gravplassen i dag. Vi ville tende lys for Morfar og Pappa. Ein kan tydeleg sjå at kulda har vore på besøk. Dei to små spurvane var fulle av is og rosene frå mamma var stive av kulde. Alikevel er dei fine og gjev utrykk for saknet vi alle kjenner på.

DSC02028 DSC02029 DSC02030

Vi tende lys i dei to lyktene. To lys for kjærleik og for tru. Vi saknar deg slik....

På vegen heim tok eg desse bileta:

 

DSC02026 DSC02031 DSC02025

Når eg er så godt i gang må eg ta med kva resten av søndagen har gått med til og. Etter tips frå ein nabo fekk vi vite at Folkehøgskulen skulle ha julegåve innsamling til born i Romania. Opp på loftet bar det. Vi fann fram Dunjakker, vottar og luer. Til og med to små babydressar fann vegen ned. Elise hjalp til med innpakking:

   DSC02037     DSC02036

Etter dette får vi ein fin følelse i hjartet vårt sa Elise:) Eg var heilt enig. Desse klea gjer mykje meir nytte for seg på gutar og jenter i Romania enn oppe på loftet vårt. Det er iallefall sikkert!!

Vi avslutta dagen med å delta på Julegrantenning og Fakkeltog. Grana blir tend 2 søndag i advent kvart år, med påfølgande fakkeltog til inntekt for Redd Barna. Det er mange som tek vegen til Haldeplassen denne dagen. Og det er like kjekt kvart år. Hornmusikken spelar og vi syng Deilig er Jorden. Det var og kollekt til inntekt for Redd Barna. Visste du forresten at 50 kr er nok til at eit barn får gå på skule i 1 år? I denne førjulstida bør vi alle tenke på kor lite som skal til for å glede andre.

 

 DSC02044   DSC02042

Til slutt takker eg for utmerkelsar og utfordringar eg har fått. Eg skal prøve å få sett nærmare på dei i løpet av nokre dagar. Det er fortsatt ting eg er litt usikker på angåande dette:)

Ha ein fin kveld alle saman:)

3 kommentarer:

Anita sa...

Ser ut som du har hatt en flott dag. Lillegutt er jo bare nyyyyydelig;o)
Har "bare" vært hjemme med syk sønn i dag, og stort sett gjort det han ville. Ikke så ofte han er syk, så da må jeg jo skjemme han litt bort;o)
Ha ei fin uke.

Guttemamma sa...

Dette var helgens flotteste innlegg!! Klem ra Anette

Anonym sa...

Så koselig dere har hatt det i helgen :)
Her hos oss har det vært 19 minus ute så det har ikke blitt så mye uteværing på oss.Jeg trives overhode ikke ute når det er kaldt, men kevin har vært ute og kjørt scooter.

Håper dere får ei flot uke :)