søndag 30. november 2008

ADVENT

Så er endeleg dagen her. Første søndag i advent. Nedtellinga til Julehøgtida har begynt. Borna er fulle av forventningar til både advent og jul. Dei ventar spent på at pakkekalendaren skal kome på veggen, kikar nyskjerrig i alle posar eg kjem berande med og lurer fælt på kva dei får til jul i år.

I denne tida med så mykje terror, krig og elende ute i verda tykkjer eg det er viktig å fortelje borna kor heldige vi er. Her bur vi i eit flott land, eit fredfullt land, vi får gå på skule og vi har alle moglegheiter for framtida vår. Ikkje alle er like heldige seier eg med ei formanande finger. Tenk på alle små barneføter rundt omkring som ikkje har verken sko eller varme nok klede til å møte ein kald vinter. Tenk på alle dei som ikkje eingang her ein heim å gå til.

Elise sa ved frukostbordet i dag at ho håpte på ei koseleg jul utan for mykje tårer. "Eg tenker spesielt på mormor". "Fordi det er klart vi kjem til å gråte denne jula" sa ho vidare. For dokke som ikkje veit så var det vår tur til å opppleve det største marerittet i år. Ein dag i mai kom presten på døra med det triste bodskapet om at vår kjære pappa og morfar hadde omkome i ei arbeidsulykke. Så borna veit kva det vil seie å sørge. Livet er til tider vanskeleg å leve. Heldigvis står vi samla i sorga, ein stor syskjenflokk ilag  og med vår kjære gode snille mamma midt i.

Vi laga til ein litt ekstra god frukost i dag. Kokte egg og laga kakao med kremtopp. Dekka fint på og hadde ei koseleg førmiddag ilag. Men kven skulle tende det første lyset? Det er den same diskusjonen kvart år. Så det endar med loddtrekning. I år vart det Preben sin tur:) Heldigvis er det tre lys igjen:)

 

DSC01969  DSC01972  DSC01974

                                                             Tenn lys!

                                                  Eit lys skal brenne

                                                  for denne vesle jord,

                                                  den blanke himmelstjerna

                                                  der vi og alle bor.

                                                  Må alle dele håpet

                                                  så gode ting kan skje

                                                  Må jord og himmel møtest.

                                                  Eit lys er tendt for det.

 

Ynskjer alle i blogglandia ei riktig fin adventstid. Kos deg mykje ilag med familien, ta vare på kvarandre og gled dykk over tida de får ilag.

Varme klemmar frå Laila

 

lørdag 29. november 2008

Moteshow på Amfi

Butikkkane bugner over av fine kle. Alt er retta mot oss kjøparar. Enten det er julegåver til venner og familie eller nytt antrekk til oss sjølve eller barna. Alle butikkar vil gjerne vise oss kva dei har å by på, det er stadig noko nytt å bruke pangane på. Og barna blir meir og meir bevisst på kva dei vil ha. Det merkar iallefall eg. Preben på snart 12 veit meget godt kva han vil ha, eg har nesten slutta å kjøpe kle til han utan å "konferere" med han først. Eg risikerer berre ein byttedag alikevel:)

Det er fredag, julegata og julehandelen skal offisielt åpnast her i Ørsta. Amfi skal kjøre moteshow. Våre 3 eldste skal vise motar for Cubus, det er ikkje første gang så dei er godt forberedt, iallefall trur dei det. Det var berre så forferdeleg mykje folk på Amfi denne dagen. Alle ville sjå årets julekle:) Det er ikkje berre berre å klargjere alle store og små til eit moteshow, det tek tid å prøve kle, finne rett antrekk og rett størrrelse. Mange skal sminkast og fiksast på håret. Eg kan godt forstå at Jeanett sveitta. Her er eit lite innblikk i livet som mannekeng:

 

DSC01930          DSC01929       DSC01933

Dei store gutane var veldig opptatt av om hattane kom til å øydelegge den flotte sveisen.

Benjamin fann seg fort ein saccosekk å slappe av i medan andre tok siste finpussen. Elise er nydeleg som alltid.

DSC01936          DSC01931       DSC01961   

Preben likar å tøyse litt. Forresten var det han som reagerte på folkemengda..."Herligheit mamma!!! Eg holdt på å få hjarteinfarkt på toppen av rulletrappa!"

 

DSC01963        DSC01956        DSC01964

Elise likar veldig godt å "leike" modell...Er kanskje alle jenter slik? Tøff var ho iallefall. Legg merke til det moteriktige skotyet!!

 

DSC01957         DSC01955      DSC01960

Oj!! Her var det mylke folk du...Jentene later til å vere verdensvante:) Benjamin er sliten....men du så tøff:)

 

DSC01951       DSC01946

Mikkel Johann ville sjølsagt sjå han og. Det er godt å ha ein sterk pappa til å løfte seg høgt over folkemassene.

Då var det over for denne gang. Gåvekortet som alle får er ei kjærkoma "betaling". Som regel blir det brukt med ein gang, også i går. Og som regel er det kleda dei har vist som blir kjøpt. Det var tre fornøgde born som prøvde kle på stovegolvet i går kveld, vel vitande om at etter endt arbeidsdag vankar det løn for strevet:)

onsdag 26. november 2008

Utmerking til.....

Her for litt sida fekk eg ein søt liten vofseaward. Denne skal eg no gi vidare til 5 andre bloggarar og det er ikkje lett.  Ikkje berre fordi det er vanskeleg å velge blant alle, men og fordi eg føler presset på å levere eit korrekt oppsett av utdelingane. Med navn, bloggadresse link til den bloggen osv....Eg er ikkje noko datageni, på langt nær, så dette er meir enn ei utfordring til meg. Eg kryssar fingrane og håper det går bra:)

 

image

Her er den iallefall, denne søte blogg vofsen skal eg gi vidare til 5 utvalgte:

Anne Grete med bloggen sin The World Of Sandnes: Ei dame eg ser ofte, men ikkje pratar så mykje med. Kjekt å lese om deg og dine. Ein veldig ryddig og koselig blogg :)

Guttemamma med bloggen sin Guttemammas: Den første "ukjende" som la igjen ein kommentar til meg. Tusen takk for oppmuntringa til å fortsette med blogging:)

Dagny med sin koselige blogg Heim: Som bloggnamnet seier handlar dette om heim. Eg koser meg når eg er innom bloggen din Dagny!

Lill med hennar blogg Silje The Mustang: Ei fantastisk dame som eg kjenner så vidt gjennom Skulen til mine barn. Når eg les om saknet til jenta di "over there" rører det meg til tårer. Og når eg ser korleis Elise (mi jente) stråler når ho møter deg forstår eg at det er mykje varme og godheit å finne hos deg:)

Astrid med sin blogg Frå eit A4 liv: Alt denne dama kan by på...4 barns mor  (til tider 6 barn), student, oppussing av hus, bor fram i Bjørdalen, ein fantastisk blogg til oppmuntring. At vi skulle bli så gode venner hadde vell ingen trudd. Så glad i deg ven:):)

 

Då har eg klart dette oppdraget og. E er verkeleg fornøgd med meg sjølv i dag. No får det vere nok tid framfor skjermen, no er det middag, barn og lekser som står for tur. ha ein fin onsdags ettermiddag alle sammen!!!

 

 

 

 

To Molly with love

Eg heng meg på oppmodinga til Tove og sender eit hjerte fullt av varme klemmar og gode ord til Molly. Det er trist å lese det som skjer rundt deg Molly. Håper at ting roer seg og at du og familien får ei Trivelg Jul og eit Godt Nytt år. Og eg håper du finn mot og styrke til å halde bloggen din åpen. Den er ein inspirasjon. Klem :)

 

 

                                                                                            image

Dørskilt

Eg har lenge sett meg etter eit skilt til å ha ved inngangsdøra. Har leita både på nettet og på diverse handverksmesser rundt omkring utan å finne det heilt store. Lite visste eg at skiltet som passa oss perfekt var å finne ved døra til den nærmaste naboen vår :)

Eg fekk vite at vedkomande hadde bestilt det i Pandura katalogen og gjekk straks til verks sjølv. Det var ca 14 dagers leveringstid så stor var overraskelsen då pakken kom i går etter ei knapp veke. Når eg skal utføre noko, og spesielt noko eg har venta på må eg gjere det der og då. Så i går kveld fann eg fram maling og pensel, lim og tusj. Eg kan ikkje skryte på meg å vere spesilet kunstnerisk, men dette måtte eg vell klare??

 

                                DSC01916                     DSC01917

Drygolin er ein sterk utandørsbeis som tåler ein trøkk, den er i samme farge som karmane og listene våre og det vil nok bli bra tenkte eg. Skiltet kom nemleg ubehandla, men det var fort gjort å gi det to strøk med eggekvit beis.

Så til figurane som eg falt pladask for. Dei fantes i alle variasjonar og fargar. Det vansklegaste var å finne mamma og pappa figur...Barna fekk velge sjølv og det var sjølvsagt stas.

 

                              DSC01919                      DSC01922

Valet enda på denne koselige mannen med briller. Sidan pappa brukar briller syntest vi alle at denne brillemannen passa fint og talet på magen symboliserar fotball interesssa så klart.  Mamma figuren passa og syntest vi..for mamma er alltid blid :) "Nesten alltid iallefall" kom det forsiktig frå Elise...

Benjamin lever og ånder for fotball og valgte denne spreke guten med ball. Mikkel Johann måtte ta babyen sidan han ikkje har stemmerett enda. Elise er ei hoppande glad og sprudlane jente så denne passa henne ypperleg. Så lurer du vell på kvifor Preben valgte ein gut i fangedrakt?  Det gjer faktisk eg og.  Vi får håpe det er fordi han les Donald og har B-gjengen som favoritt og ikkje fordi han føler seg som ein fange her i Einemarka :)

 

 

                    DSC01925            DSC01927

 

Slik vart det endelege resultatet. Ikkje noko stort kunstverk, men eg har laga det sjølv og alle er fornøgde med det. Det er på plass allereide så no kan alle sjå kven som bur i det kvite huset i enden av Einemarka:)

onsdag 19. november 2008

På tur til Sykkylven

Eldstemann kom heim frå skule ein dag og fortalde han hadde kvalifisert  seg til skulecup i friidrett. Han kunne stolt fortelje at han skulle kjempe i 3 greiner: lengde, kulestøt og 60 m.  På onsdag skal vi ta buss inn i Sykkylven og kjempe om plassar til fylkesfinalen i Molde neste år sa han vidare. Som mor kan eg først som sist innrømme at eg er meget interessert i mine barns fritidssysslar og let sjeldan ein sjanse til å sjå dei i aksjon gå ifrå meg...Difor allierte eg meg fort med mi kjære mor om ein slyngartur til Sykkylven denne dagen. Det er alltid kjekt å vere fleire på tur, og særleg når ein har med ein vilter liten krabat:)

Den første øvelsen Preben kjempa i var lengde. Tre hopp kvar fekk dei, Preben enda på 3.79. Dette resulterte i ein 4 plass totalt. Kjempe bra innsats, men ikkje godt nok for ein tur til Molde. Bilda nedanfor viser Preben i luftig svev på vei over sanden.

                   DSC01858              DSC01863

 

Neste øvelse var 60 m. Preben vann sitt heat og kom vidare til finalen. Det skulle vise seg å bli tøft å kome seg vidare der ifrå. Som han så fint sa det Preben sjølv: "Dei for no som nokre kule"..."Heilt umulig å halde følge med dei". Dei var nok "profesjonelle" dei der trøsta eg.

I kulestøt var det fleire frå 6 klasse som skulle prøve seg. Og vist gjorde dei det bra, både jentene og gutane. Nedanfor ser de Marta, Preben og Babelon bruke kreftene sine. Alle tre gjekk vidare til fylkesfinalen i Molde neste år:)

DSC01881     DSC01885       DSC01887

Eg gratulerer alle som kom igjennom nålauget i dag og ynskjer dei lykke til neste år i Molde.

Du må ikkje tru dagen enda der. Nei er ein først på tur så må ein sjølvsagt shoppe litt. No er ikkje Sykkylven den heilt store plassen, men eit kjøpesenter trudde vi verkeleg der var. Der tok vi feil, men det skulle vise seg at sentrum hadde noko å by på alikevel. Gjekk oss på ein fantastisk liten søt butikk. Det var dei spesielle skilta som først fanga blikket mitt. Sjå berre her:

:DSC01868     DSC01869

 

Tenk om alle hadde hatt ein slik åpningstid politikk:) Hadde nok vorte litt mindre stress på oss småbarnsforeldre då ja:)

Innanfor døra var det lett å få tida til å gå. Mykje fint å kvile augene på. All julepynten var nok den som opptok oss mest...Men der var MYKJE anna og.

 

DSC01876    DSC01877   DSC01872

  DSC01871   DSC01878  DSC01874

I går kveld var eg inne på denne bloggen idamarimeland.blogspot.com, der vart eg svært betatt av ideen hennar til adventstake. Store lilla kubbelys i ei gamal margarinkasse. Med fine tal hengande på til pynt. NYDELIG!!!! Stor var difor min forbauselse då eg gjekk meg på akkurat desse tala inne i "Det lille hus"

 

DSC01875     DSC01892

Eg kunne sjølvsagt ikkje la vere. Kjøpte både dei og lysa samt denne koselige nissedama og God Jul bokstavane som skal ynskje dykk velkomen til Olsenbanden denne jula og fleire til. Til slutt vil eg anbefale alle ein tur til denne søte lille interiør/små ting og tang butikken i sentrum av Sykkylven.

tirsdag 18. november 2008

Ei utmerking til meg...

Denne lille søte vofsen låg å venta på meg i kveld.

image

Snille gode Tove frå tankar frå ein kvardag gav denne til meg. Ho har heilt rett i at eg er aldeles ny og ukjend i denne bloggverda. Eg har brukt nokre timar på å lese diverse bloggar og har fått med meg alle fine utmerkingane og awardsane som de så gledeleg deler ut til kjende og ukjende bloggvenner. No har eg fått to slike utmerkingar, og sjølvom desse er frå mine aller beste venninder ser eg på det som ei STOR ÆRE å motta dei. Det gleder meg mykje Tove å få denne frå deg. Eg set pris på ditt vennskap og håper vi kan halde det ved like i lang lang tid. Så til utfordringa: Klarer eg å hente denne vofsen? Eg trudde ikkje det nei, og skreiv det og på kommentar til deg. MEN DER TOK EG FEIL!!!! Det var slett ikkje så vanskeleg som eg trudde. Så i kveld får eg sove godt, vel vitande om at eg har lært noko nytt. Eg vil gjerne gi denne utmerkinga vidare til andre bloggarar, men eg må nok bruke litt meir tid på det.

Ynskjer alle ein fin kveld vidare:)

 

                                                                                           image

mandag 17. november 2008

Ein fin haustdag

Forrige søndag var ein nydeleg haustdag, og det var farsdag. Etter ein god frukost med kakao og egg, og overrekkelse av presang til verdens beste pappa, fann vi ut at turen i dag måtte gå til Romedalen. Dette er ein fantastisk fin dal, noko eg tørr påstå sjølvom eg kan reknast for å vere inhabil. Den ligg der med høge fjell på begge sider, grusvegen midt etter og elva som slanger seg framover, heilt frå Kolåsen og over til Barstadvik.

 

Min familie er så priviligerte at vi har eit lite sel, eller ei hytte fremst framme på Steinstøylen. Denne blir flittig brukt om sommaren og utover hausten. Når det nærmar seg vinter og snøen kjem er det ikkje råd å køyre fram, dessuten er det ofte fare for ras i frå gjøla på denne tida. Vi prøver difor nytte oss av selet så ofte vi kan. Dit skal eg ta dykk med ein annan gang. Denne dagen enda fram på flata etter Kubbestøylen. Der er nemleg tillaga bålplass, bord og benkar av stein og der er mange flotte klatretre. Sidan vi hadde med oss Ariana, ei av våre små låneprinsesser, som vi i tillegg er tante og onkel til var det greit å halde til der.

Pappa sette straks i gang med å lage bål slik vi kunne spidde pølser. Sidan vi ikkje hadde papir med oss tok det litt tid, men ongane fann fort på andre ting å gjere. Dessutan går det godt ann å hjelpe pappa og :)

 

DSC01730 DSC01742 DSC01741

 

Medan papsen jobba med bålet fann dei små og litt større ut at dei skulle klatre i tre og spikke spiddepinnar....Sjå berre :

DSC01727          DSC01746            DSC01743              DSC01733

Etter klatreleik, spikkeleik, springing og herjing i skogen var det tid for mat. Bålet visste seg å bli ein stor suksess, og mange som gjekk tur denne dagen hadde meir enn gjerne lyst på ein smakebit der dei kom trakkande framover. Det skulle dei og ha fått om vi hadde hatt med meir mat. Men det vi hadde putta i sekken gjekk ned på høgkant. Er det ikkje slik med dykk også? At maten borte smaker betre enn maten heime? Og spesielt ute i det fri smaker den aller best!!

DSC01751                         DSC01749

Dersom nokon lurer på kvar minstemann var ser du han i bakgrunnen. Han sov søtt i vogna si lenge. Då han våkna var han ivrig på å utforske både det eine og det andre:

 

DSC01661               DSC01664

Etter mat var det tid for leik. Gøyme og leite og spark på "pinne" var to av leikane som gjekk igjen denne dagen. Og jammen var det kjekt for dei vaksne og. Kjende minna kor dei strøymde på då eg låg bak store steinen og prøvde å vere musestille så ingen skulle finne meg. Det er kjekt å kunne vere barn igjen av og til....vi treng det alle saman!!!

Inne i skogen var det mange gøymeplassar, mange busker og tre, steiner og kratt. Men ikkje hadde vi rekna med å finne eit "trolltre". Preben var så heldig å finne dette rare tredet. Skummelt?? Vi synest det var både skremmande og morosamt. Tenk at naturen er slik, at tre og steinar finnast i alle slags former og fasonger? Elise synest det likna ein elg. Kva synest du??

                      DSC01760              DSC01759

Vi hadde ein fantastisk dag fram i Romedalen vår. Det var både mørkt og seint når vi vende nasen heim. Alle var vi enige om at dagen hadde vore kjekk. Og pappa synest det var ein fin måte å feire farsdagen på, til tross for at 2 omgang i Cup finalen måtte vike...:)