tirsdag 18. november 2008

Ei utmerking til meg...

Denne lille søte vofsen låg å venta på meg i kveld.

image

Snille gode Tove frå tankar frå ein kvardag gav denne til meg. Ho har heilt rett i at eg er aldeles ny og ukjend i denne bloggverda. Eg har brukt nokre timar på å lese diverse bloggar og har fått med meg alle fine utmerkingane og awardsane som de så gledeleg deler ut til kjende og ukjende bloggvenner. No har eg fått to slike utmerkingar, og sjølvom desse er frå mine aller beste venninder ser eg på det som ei STOR ÆRE å motta dei. Det gleder meg mykje Tove å få denne frå deg. Eg set pris på ditt vennskap og håper vi kan halde det ved like i lang lang tid. Så til utfordringa: Klarer eg å hente denne vofsen? Eg trudde ikkje det nei, og skreiv det og på kommentar til deg. MEN DER TOK EG FEIL!!!! Det var slett ikkje så vanskeleg som eg trudde. Så i kveld får eg sove godt, vel vitande om at eg har lært noko nytt. Eg vil gjerne gi denne utmerkinga vidare til andre bloggarar, men eg må nok bruke litt meir tid på det.

Ynskjer alle ein fin kveld vidare:)

 

                                                                                           image

3 kommentarer:

Guttemamma sa...

Gratulerer,så gøy!! Nå skal det soves...natti-natt!

Lill sa...

God morgon og tusen takk for koseleg helsing på bloggen min:)
Gratulerer med utmerking, alltid kjekt å få:o) Kjekt å finne nye menneske her inne i blogglandia. Nyt onsdagen
Smil frå Lill

Astrid sa...

Gratulerer Laila!!
Velfortent premie til ein flott blogg, ny eller ei:)
*Klem*