onsdag 19. november 2008

På tur til Sykkylven

Eldstemann kom heim frå skule ein dag og fortalde han hadde kvalifisert  seg til skulecup i friidrett. Han kunne stolt fortelje at han skulle kjempe i 3 greiner: lengde, kulestøt og 60 m.  På onsdag skal vi ta buss inn i Sykkylven og kjempe om plassar til fylkesfinalen i Molde neste år sa han vidare. Som mor kan eg først som sist innrømme at eg er meget interessert i mine barns fritidssysslar og let sjeldan ein sjanse til å sjå dei i aksjon gå ifrå meg...Difor allierte eg meg fort med mi kjære mor om ein slyngartur til Sykkylven denne dagen. Det er alltid kjekt å vere fleire på tur, og særleg når ein har med ein vilter liten krabat:)

Den første øvelsen Preben kjempa i var lengde. Tre hopp kvar fekk dei, Preben enda på 3.79. Dette resulterte i ein 4 plass totalt. Kjempe bra innsats, men ikkje godt nok for ein tur til Molde. Bilda nedanfor viser Preben i luftig svev på vei over sanden.

                   DSC01858              DSC01863

 

Neste øvelse var 60 m. Preben vann sitt heat og kom vidare til finalen. Det skulle vise seg å bli tøft å kome seg vidare der ifrå. Som han så fint sa det Preben sjølv: "Dei for no som nokre kule"..."Heilt umulig å halde følge med dei". Dei var nok "profesjonelle" dei der trøsta eg.

I kulestøt var det fleire frå 6 klasse som skulle prøve seg. Og vist gjorde dei det bra, både jentene og gutane. Nedanfor ser de Marta, Preben og Babelon bruke kreftene sine. Alle tre gjekk vidare til fylkesfinalen i Molde neste år:)

DSC01881     DSC01885       DSC01887

Eg gratulerer alle som kom igjennom nålauget i dag og ynskjer dei lykke til neste år i Molde.

Du må ikkje tru dagen enda der. Nei er ein først på tur så må ein sjølvsagt shoppe litt. No er ikkje Sykkylven den heilt store plassen, men eit kjøpesenter trudde vi verkeleg der var. Der tok vi feil, men det skulle vise seg at sentrum hadde noko å by på alikevel. Gjekk oss på ein fantastisk liten søt butikk. Det var dei spesielle skilta som først fanga blikket mitt. Sjå berre her:

:DSC01868     DSC01869

 

Tenk om alle hadde hatt ein slik åpningstid politikk:) Hadde nok vorte litt mindre stress på oss småbarnsforeldre då ja:)

Innanfor døra var det lett å få tida til å gå. Mykje fint å kvile augene på. All julepynten var nok den som opptok oss mest...Men der var MYKJE anna og.

 

DSC01876    DSC01877   DSC01872

  DSC01871   DSC01878  DSC01874

I går kveld var eg inne på denne bloggen idamarimeland.blogspot.com, der vart eg svært betatt av ideen hennar til adventstake. Store lilla kubbelys i ei gamal margarinkasse. Med fine tal hengande på til pynt. NYDELIG!!!! Stor var difor min forbauselse då eg gjekk meg på akkurat desse tala inne i "Det lille hus"

 

DSC01875     DSC01892

Eg kunne sjølvsagt ikkje la vere. Kjøpte både dei og lysa samt denne koselige nissedama og God Jul bokstavane som skal ynskje dykk velkomen til Olsenbanden denne jula og fleire til. Til slutt vil eg anbefale alle ein tur til denne søte lille interiør/små ting og tang butikken i sentrum av Sykkylven.

5 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Ein butikk heilt etter min smak:) Det du hadde kjøpt var veldig fint. Finnest ein nettbutikk eg likar godt; http://lobelia.no/ Virkeleg verdt eit besøk, mykje fint!
Ønskjer deg ein fin torsdag!

Astrid sa...

Du har spreke, flinke ungar Laila! Flotte prestasjonar av Preben:)

For ein koseleg butikk du gjekk deg på då! Sjeldan eg er i Sykkylven, men skal eg dit bør eg nok få med meg denne skjønar eg.

Gledar meg til julebordet i kveld, vi snakkast då:) Satsar på at det vert like kjekt som for to år sidan;) Eller kanskje skal vi ta det litt "rolegare" i år?

Astrid sa...

Grattis med over 1000 besøkande berre på nokre få veker!!!

Takk for i går forresten:)
Glade du va der vennen!
*Klem*

Dagny- Heim sa...

Gratulerer til Preben med ein kjempeflott innsats!! Utruleg dyktige var dei alle saman! Imponerande å lese resultatlistene.

Må visst innom Sykkylven sentrum når eg besøkjer bror min neste gong.

Ida Mari... sa...

For nokre flotte bileter! :)
Eg skal ned i posten å hente advent pynten min no i frå den franske landstil..Håpar den er like fin i virkeligheita som på bileta :)