onsdag 5. november 2008

Sjuke barn

Det er forandring i lufta. Det er haust og vi nærmar oss vinteren. Det er tid for sjukdom. For med 4 barn i huset seier det seg sjølv at vi må innom det meste i løpet av ei årstid. Det er ikkje lenge sidan vi hadde den legendariske oppkast og diare sykja her. Det starta på ein laurdag med minstemann og sidan gjekk det slag i slag. Frå den eine til den andre er det noko som heiter. Og slik var det her den veka. Ikkje før hadde den eine fått det før den andre tok over. Travelt? JA!! Sidan vi har vegg til vegg teppe på romet til barna (allertgitesta så klart), var mor føre var og dekte til. Har nemleg vore utefor "uhell" før og det er ikkje så kjekt når teppe er fast. Som ein av mine sa det: "Det kjem så fort mamma at eg ikkje rekk å vakne eingang". Ja då er det ikkje greit seier eg og trøster så godt som ei mor kan. Sjølvom eg er sjukepleiar og burde vere immun mot alle slags lukter, så kan eg love deg at brekningane står i halsen på meg og når dette rammer hardt og brutalt.

Vi kom oss igjennom den veka og, sjølvom det tok si tid. Sjeldan har mor og far våre så sjuke sjølv. Det satt lenge i og slappheita ville ikkje gi slepp før den 4 dagen var passert. Då søndagen kom vår vi alle friske og glade igjen.

 

No er det altså noko nytt på gang. Feber, forkjølelse, snørr og tårer. Lange netter og lite søvn. Stakkar lillebrorgull som akkurat no ligg i senga si og har ei god stund. Søvnen er ikkje på topp, så det blir fleire små blundar i løpet av ein dag. Når barna våre er sjuke tilbyr vi dei det meste, eller? Iallefall er det slik her i huset. Drikke er viktig. Så saft blir blanda og brus blir leita fram. Vi trøster og bærer. Hipser og hapser. Les i bøker og ligg på golvet og leikar lego, prøver så godt vi kan å vere supermamma.  Det er dette det handler om. Det å vere mor. Å vere der for dine små. Prøve så godt du kan å gjere dei til lags. Uansett kor sliten du er, uansett kor trøtt du er. Som dokke ser på bileta kan det vere gode stunder og. Smilet ligg der på lur og når det kjem fram opplevest det som ekstra godt.

I dag tidleg kom Benjamin og klaga over vondt i halsen. Han for på skule, men eg er spent på kva form han er i når han kjem heim. Eg er i grunnen forberdt på at no er det i gang igjen. Frå den eine til den andre er i grunnen eit veldig passande uttrykk. Lykke til alle småbarnsfamilier, som til liks med oss vil verte plaga av sjukdom utover hausten.

DSC01575DSC01572

 

 

 

 

 

 

1 kommentar:

Cecilie sa...

ja, sjuke barn føler eg at eg kan det aller meste om. Eg er også 4-barnsmamma og det at sykja går frå den eine til den andre er så sant som det er sagt.

No har den vesle prinsessa vår Benedicte fått halsbetennelse og øyreverk. Var til legen i dag og fekk penicillin, så eg håper at det går rask over, slik at vi kan gjere oss klare til eit trøystens ord til neste mann som blir sjuk.