onsdag 12. november 2008

Mikkel Johann 1 år

 

I dag er ein spesiell dag. I dag fyller lillebrorgull eller lillemann, som farmor likar å kalle han, 1 år. Tenk på det...Tida har gått frykteleg fort, ja skremandes fort. Synest mest det var som i går vi reiste på føden for å helse velkomen vårt 4 barn.

 

Ofte tenker eg på kor heldige vi er.  4 friske og kjekke barn har vi, og kvar og ein av dei er som ei sol for oss. Då vi fortalde våre tre største barn at det skulle kome ein baby i hus var det berre godord å få. alle sammen ville meir enn gjerne ha ei søster eller ein bror. Og det er ikkje måte på kor glade dei er i denne lille karen. Det viser igjen på gleda dei har av å leike med han, passe han og vere god mot han. Som eg sa, jammen er vi heldige!!

 

Vår lille prins elsker det våte element. Nesten kvar kveld får han duppe den vesle lubne kroppen sin i badekaret. Og ingenting er meir stas enn det.

 

                                                              DSC01627

 

                                                               DSC01632

 

                                                              DSC01641

 

 

No når 1 års dagen er nådd er det ikkje lenge til dagane blir veldig annerledes både for Mikkel Johann og mamma. Etter nyttår skal bror begynne i barnehage og mamma skal tilbake i 60 % jobb. Dette er både spennande og kjekt på same tid som det er trist og skummelt. Men slik er det berre, arbeide må man for å få penger inn i kassa. Hadde det vore opp til meg skulle eg gjerne vore heimeverande mamma på fulltid:)

 

På laurdag blir det bursdagsfeiring her i Einemarka. Alle kjem, besta og besten, farmor og mormor, alle søskenbarna, tantene og onklane. Det blir stor stas. Forresten så er Mikkel Johann allergisk mot melk og melkeprodukter s¨mamma er litt i tvil om kva ho skal lage til selskapet. Noko godt må jo bursdagbarnet få smake på:) Er det nokon som har nokre idear til kakebaking tek eg gjerne imot tips. Takker så masse for det:)

               Gratulerer med dagen din vår kjære lille Mikkel Johann

 

Avslutter med eit lite "dikt" som vi har sendt inn til lokalavisa.

 

        DSC01785  

 

Vi har ein liten kar

som er så veldig snar

han åpner skuffer og tar

alle kopper og kar

 

Leike med søsken er toppen for deg

då smiler du og ler på din veg

og så flink til å leike"titt titt tei"

kjøyrer bilen din i ein fei

 

Etter nyttår er det barnehagen som venter

fullt med andre gutar og jenter

det blir kjekt lille vennen vår

stor klem frå oss alle du får

 

PS: Vil berre seie det at dette innlegget har eg halde på med i heile dag...Eg har prøvd å feila og prøvd igjen.  Men endeleg kan eg publisere det. Det er deilig det!! :)                                                                                            

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei vennen!!
Ja tenk det er 1 år siden jeg fikk bilde på mobilen om at en ny liten prins ble født. Det har vore veldig kjekt at vi har hatt "fri" på likt. Håper vi får til en siste møte før du starter på igjen.
Glad i deg vennen:-)
Klem fra Ingrid

Anonym sa...

Gratulerer så mykje med Mikkel Johann! Han er verkeleg ein søting : ) Fin side du har laga til!
Helsing Hild

annemor sa...

Skjønningen! Gratulerer med overstått dag til Mikkel, og ei god helg til deg og dine :)

Cecilie sa...

Gratulerer med den skjønne prinsen. Ser ut til å være litt av eit sjarmtroll.

Her er ei oppskrift på sjokoladekake utan melk, har ikkje prøvt den sjølv, men kanskje verdt eit forsøk.
Lykke til.

Sjokoladekake uten egg og melk
Bunn:
4 ss Freia Originalkakao (el. O`boy)
4 dl sukker
3 ts Freia Vaniljesukker
1/4 ts salt
7 dl hvetemel
3 ts Freia Bakepulver
4 dl melk, f.eks. rismelk/havremelk
5 ss matolje

Glasur:
300 g melis
100 g melkefri margarin (tilsett litt salt hvis margarinen er usaltet)
1 1/2 ss Freia Originalkakao
2 ss Freia Vaniljesukker
3 ss kaffe

Guttemamma sa...

Gratulerer!!! Ja,tenk så heldige vi er, du med dine fire og jeg med mine tre. Er evig takknemlig for de alle tre, trodde vi skulle få to også kom minsteprinsen allikevel...lykke!! Skjønne badebilder du viser!! Klem