onsdag 5. november 2008

1 døgn som bloggar....

Det er no over 24 timar sidan eg heilt impulsivt tok valet om å gå frå "skapbloggar" til ein ekte bloggar. Eg hadde absolutt ingen planer om å lage meg ein blogg då eg starta maskina mi 4 november 2008. Eg satt og kosa meg med ein kopp kaffi og kika på forskjellige bloggar. Tenkte høglytt for meg sjølv "alt folk har tid til". Kanskje var det akkurat din blogg som gav meg det siste kicket til å ta steget fullt ut? Iallefall før eg viste ordet av det satt eg der. Med min eigen blogg!! Eg vart litt skremt over meg sjølv. Tenkte at dette har du ikkje tid til Laila...Men litt lenger bak i hovudet var det ei lita stemme som sa: kom igjen..dette har du hatt lyst til lenge.. Hopp i det!!! Eg var snar å sende ei melding til ein annan bloggar,ei som du ganske sikkert kjenner til, Tove frå "Tanker frå ein kvardag". Denne meldinga ropte HJELP!!! Eg forstod jo fort at eg måtte ha litt grunnleggande opplæring. Berre det å legge inn eit bilde fekk eg store problem med. Eg måtte ha hjelp, og helst der og då. Takk og pris for gode venner seier eg. Trur du ikkje Tove kom oppom utpå kvelden, 2 timar gjekk raskt og eg var plutseleg ikkje så uvitande om blogging lengre. No kan eg berre seie at eg allereide er bitt av basillen.

Mikkel Johann har vore sjuk i dag, han har difor sove meir enn vanleg. Dette har ført til at eg har tilbragt altfor mange timar framfor dataskjermen. Allereide...Sukk..No tenker du vell at det passa utmerket slik eg virkelig kunne kome i gang med dette. Og den tanken har nok streifa meg og...Det verste er at dei 2 eldste barna i huset godt har merka at mamma har fått seg ein ny hobby. Brått var det ikkje så viktig med lekser rett etter skule, og nokon svær middag kan eg heller ikkje skryte på meg i dag. Dei lurer fælt på kva "å blogge" er og svar skal dei få etterkvart. Til no er dei fornøgde med bilda eg har brukt til å presentere dei og det lovar jo godt.

Det eg har grudd meg mest til og det som er grunnen til at eg har utsett blogg virksomheita mi så lenge er nok tanken på å skrive noko heilt på eiga hand, for så å legge det ut i full offentlegheit så alle kan lese det. Men eg må seie at eg er positivt overraska over meg sjølv. Berre i dag har eg produsert 3 innlegg og er stor fornøgd med det. No er nok mine innlegg ganske sikkert ikkje av det beste du har lest, men som eg skreiv tidlegare så er eg villig til å ta tida til hjelp for å oppnå gode resultat, og ikkje minst er eg forberedt på å måtte jobbe med meg sjølv, datakunnskapane mine så vel som norsk kunnskapane mine.

I morgon skal eg få lære enda meir. Astrid frå "frå eit A4 liv" har invitert til blogg/kose kveld og det ser eg veldig fram til . Eg higar etter meir kunnskap slik eg kan prøve ut nye og spennande ting. Så eg får berre håpe eg ser deg igjen seinare. Ha ein hyggelig kveld!!

8 kommentarer:

Lykkeligkaos sa...

velkommen skal du være :)
kjekt å lese innom :)
blir nok litt som blir forsømt av og til, men sann blir det når ein dag berre har 24 timar, her er det lesinga som får svi no og då, sånn som no. men eg ser heller på det som ei mental pause ;)

god klem og lykke til vidare!

Dagny- Heim sa...

Heisan! Kjekt at du også har teke steget ut i bloggverda! Blir spennande å sjå korleis bloggen din blir etterkvart. Gløymer ikkje første dagane eg bevega meg inn i denne verda, fekk mest ikkje sove fordi eg låg og tenkte på kva eg skulle skrive om neste gong.

Men tida blir brått oppeten av denne hobbyen, så eg har roa ned litt etterkvart. Stiv nakke og skuldrar heng også med på lasset. Men det er verdt det :-)

Lykke til vidare, Laila :-D

Nunne sa...

God morgen. Du er så flink, som bare det! Og du skal få sjå at dette er artig. Heldig er du, som har kontakt med de to gode jentene du nevner. De er jo storbloggere, begge to! Jeg har flere favoritter i ørsta/Volda-området, så du blir nok en av dem!
Ang. syke unger, så er det godt at sånne høstepidemier går fort over. Godt mamma kan stelle med gutten sin, det hjelper ofte mere enn paracet og hostesaft :)
Jeg var så i tvil ang. middag igår, og tror du ikke jeg fant et tips inne hos
http://www.detblahjertet.com...
Ho har lagt ut bilder med oppskrift, så det hadde vi igår, og det falt i smak hos alle som spiste. Kopierte oppskrifta og sendte til jentene mine også.
Liker sånne ting som man kan sette i stekovn og ha alt i ei form.
Ha en god dag da, og tusen takk for besøket hos meg!
Olsenbanden ønskes en god dag!

Anonym sa...

No sit vi her på jobb og kikar på bloggen din:)
Helsing "Nattens Dronninger" ;)
P.S: Saknar deg på natta!!

Ida Mari... sa...

Koselig at du stakk innom bloggen min.. :) Eg har lagt deg til lista mi..
Lykke til :)

Guttemamma sa...

Gratulerer og velkommen skal du være!!! Ganske så fersk jeg og,har holdt på siden 4.oktober..Hektet og har innsett at det tar litt for mye tid...men det er jo så gøy!!! Jeg linker deg jeg,så kanskje jeg kan hjelpe deg inn?? Klem fra Anette

AnneGrethe7 sa...

hallo...
Gratulerer med bloggen din:) Kjekt at du tok steget ut i denne verda.....men ja, ein blir ein smule hekta...hihi

Lykke til !

Silje sa...

Kjekt å sjå fleire ferskingar som meg sjølv her inne; men du e no kjempeflinke!!! Trur me starta opp bloggane våra samme dag, forrige mandag, å ej e vertfall hekta allereide...lykke til, ej legge dej til ej og kjeme til å følge med på bloggen din:)