mandag 17. november 2008

Ein fin haustdag

Forrige søndag var ein nydeleg haustdag, og det var farsdag. Etter ein god frukost med kakao og egg, og overrekkelse av presang til verdens beste pappa, fann vi ut at turen i dag måtte gå til Romedalen. Dette er ein fantastisk fin dal, noko eg tørr påstå sjølvom eg kan reknast for å vere inhabil. Den ligg der med høge fjell på begge sider, grusvegen midt etter og elva som slanger seg framover, heilt frå Kolåsen og over til Barstadvik.

 

Min familie er så priviligerte at vi har eit lite sel, eller ei hytte fremst framme på Steinstøylen. Denne blir flittig brukt om sommaren og utover hausten. Når det nærmar seg vinter og snøen kjem er det ikkje råd å køyre fram, dessuten er det ofte fare for ras i frå gjøla på denne tida. Vi prøver difor nytte oss av selet så ofte vi kan. Dit skal eg ta dykk med ein annan gang. Denne dagen enda fram på flata etter Kubbestøylen. Der er nemleg tillaga bålplass, bord og benkar av stein og der er mange flotte klatretre. Sidan vi hadde med oss Ariana, ei av våre små låneprinsesser, som vi i tillegg er tante og onkel til var det greit å halde til der.

Pappa sette straks i gang med å lage bål slik vi kunne spidde pølser. Sidan vi ikkje hadde papir med oss tok det litt tid, men ongane fann fort på andre ting å gjere. Dessutan går det godt ann å hjelpe pappa og :)

 

DSC01730 DSC01742 DSC01741

 

Medan papsen jobba med bålet fann dei små og litt større ut at dei skulle klatre i tre og spikke spiddepinnar....Sjå berre :

DSC01727          DSC01746            DSC01743              DSC01733

Etter klatreleik, spikkeleik, springing og herjing i skogen var det tid for mat. Bålet visste seg å bli ein stor suksess, og mange som gjekk tur denne dagen hadde meir enn gjerne lyst på ein smakebit der dei kom trakkande framover. Det skulle dei og ha fått om vi hadde hatt med meir mat. Men det vi hadde putta i sekken gjekk ned på høgkant. Er det ikkje slik med dykk også? At maten borte smaker betre enn maten heime? Og spesielt ute i det fri smaker den aller best!!

DSC01751                         DSC01749

Dersom nokon lurer på kvar minstemann var ser du han i bakgrunnen. Han sov søtt i vogna si lenge. Då han våkna var han ivrig på å utforske både det eine og det andre:

 

DSC01661               DSC01664

Etter mat var det tid for leik. Gøyme og leite og spark på "pinne" var to av leikane som gjekk igjen denne dagen. Og jammen var det kjekt for dei vaksne og. Kjende minna kor dei strøymde på då eg låg bak store steinen og prøvde å vere musestille så ingen skulle finne meg. Det er kjekt å kunne vere barn igjen av og til....vi treng det alle saman!!!

Inne i skogen var det mange gøymeplassar, mange busker og tre, steiner og kratt. Men ikkje hadde vi rekna med å finne eit "trolltre". Preben var så heldig å finne dette rare tredet. Skummelt?? Vi synest det var både skremmande og morosamt. Tenk at naturen er slik, at tre og steinar finnast i alle slags former og fasonger? Elise synest det likna ein elg. Kva synest du??

                      DSC01760              DSC01759

Vi hadde ein fantastisk dag fram i Romedalen vår. Det var både mørkt og seint når vi vende nasen heim. Alle var vi enige om at dagen hadde vore kjekk. Og pappa synest det var ein fin måte å feire farsdagen på, til tross for at 2 omgang i Cup finalen måtte vike...:)

 

8 kommentarer:

Tove sa...

For nokre flotte bileter!!! Trestamma som Preben står bak liknar verkeleg på andletet til ein elg!!! Og lissje Mikkel Johan som tassar og kryp blant mose og lyng.... Deilig!!!!! Bra å sjå at Windows Live Writer er oppe og gå!!!

Guttemamma sa...

Snakk om sporty familie!!!

Anonym sa...

Heia vennen. Kjekt at du er "pålogga" igjen. No har du blitt riktig så flink. Artig lesing, og fine bilder :-)
Stor klem...

Lill sa...

Hei:))
For en kjekk blogg du har. Ser ut som farsdagen var heilt fantastisk kjekk. Olsenbanden er ein sprek gjen:) Nyt tysdagen.
Smil i regnet frå Lill

PS Håper det er greit at eg legg deg i blogglista mi:)

Astrid sa...

For ein kjekk frsdag dokke hadde då!
Her låg eg i senga og sov vekk halve dagen etter nattevakt, før vi for på middag med mamma og Petter.

Astrid sa...

ja der skulle stå farsdag:)

Tove sa...

Det ligg ei lita utmerking og ventar på deg på bloggen min, fru Olsen!!! No blir det spennande å sjå om du veit kva du skal gjere med den....hi, hi! Det blir kveldens utfordring!

Ingunn sa...

Så hyggelige bilder du viser!Det ser ut som om dere hadde en fin dag;)