mandag 2. mars 2009

Tusen Takk Tante Nutte!!!

Eg må berre vise fram det siste strikkaplagget som Mikkel Johann har fått. Eg har lenge hatt lyst på ein Gråtass genser og då mi snilde tante tilbaud seg å strikke noko til minstemann var det ikkje nei takk frå min munn:)

Og det skal ho ha dama...Strikke kan ho. Og det fort!! Det gjekk 5 dagar frå eg leverte garn til eg fekk det ferdige produkte levert så eg seie på døra. Ho hadde til og med strikka ei fine hue i samme fargane.

Sjå du berre:

DSC02451

DSC02452

Var den ikkje fin? Og det er nydeleg arbeid og. Eg har ikkje peiling på strikk...men tilbakemeldingane eg har fått er av karkateren SKRYT!!

Og den vart ikkje mindre fin når den kom på:)

DSC02549

DSC02548

Genseren og hua er i bruk nesten dagleg. Både Mikkel og Mamma er svært fornøgd og sender ein

STOR KLEM TIL TANTE NUTTE PÅ SÆBØ:)

Ein ny liten verdensborgar....

Søndag 1 mars vart min bror Bjørn Ottar og hans kjære Janita foreldre for første gang!! Ein liten prins såg dagens lys etter ei strabasiøs natt på føden i Volda.

Guten var 2830 gr og 47 cm lang, ein liten og nette gut med andre ord:)

Vi gratulerer dei stolte foreldra og gleder oss over å ha vorte Tante og Onkel atter ein gang!!

Dei fire små i heimen gleder seg over eit nytt søskenbarn å bli kjent med:)

Eg kunne ikkje dy meg og måtte ta turen bort for å sjå den lille prinsen.

Og eg kan berre konstantere at følelsen du får når du held eit nyfødt barn er den samme som den alltid har vore. Dufta av det dunkledde hovudet, den lette kroppen, dei små fingrane som strekker seg ut. Føtene som sparkar fritt....Blir ein nokon gang ferdig med å ynskje seg slike små?

Eit ord beskriver følelsen godt:

NYDELEG!!!

Lillebror Krøvel

Til Lillebror

Å oppleve ditt komme til verden

er den største glede

Fullendt!

Inga lykke

har nokon gang

vore så sann

Din første gråt vil vi bære med oss

gjennom heile livet

Klem frå Mamma og Pappa:)

 

Så kjære bror og svigerinne:

Gratulerer med den skjønne guten de ilag har sett til verda, han er deres til odel og eie.

Nyt tida framover, set pris på dei små kvardagsaugeblikka og sist men ikkje minst gled dokke over broren og over kvarandre:)

God varm klem frå

Tante og Onkel

Preben, Elise, Benjamin og Mikkel Johann

Vinter ferien over....

Ja i dag tidleg var det ingen nåde...Opp måtte dei alle som ein! Og det var ingen lett sak. Vi er så heldige/uheldige at vi har fire tildels sove glade born. Dei har alltid likt å ligge lenge, og i helgane og i feriane sine nyt dei det i lange drag. Klokka er gjerne 10 og vel så det før dei kjem fram frå dyna. Dette er vi sjølvsagt glade for, men av og til kan det skape uro og frustrasjon i heimen. Som i dag....Det er alltid verst første skuledag etter ein lang og deilig ferie, og i dag måtte eg purre på både fire og fem ganger før dei innsåg at det er SKULE!!!!!

 

Vinter ferien er over og vi har knapt vore på ski...:( Det har bøtta ned med vatn frå oven og den lille snøen som kom for like fort. Alikevel har det vore deilig. Vi har kosa oss ilag og vore mykje ute med lillebrorgull. Vi ser at han har samme lidenskapen for vatn og sølepyttar som alle andre born har ein tendens til å ha. Og det er så gøy å plaske med hendene.

Vi har og bidratt til handelslekasje! Torsdag var vi på Moa. Vi var på shopping, leikeland og avslutta med Mc Donalds og ein tur i svømmehallen. Dette var ein suksess. Og vi anbefaler alle andre til å ta seg tid til det ein dag. Svømmehallen på Moa passer til barn i alle aldre. Og for oss som har dei frå 1 år - 12 år er det ypperleg!!

Mamma fekk ta seg ein tur på Tante Brun og enda opp med eit lite kjøp der. Eg fann bla eit skilt som eg falt for. Og eit nydeleg termometer med ei lita søt jente på. Dette skal få plass på kjøkken veggen min ganske så fort:)

 

                                                                             DSC02542

DSC02544

I går, søndag, tok vi turen ned på vårt nærmaste friluftsområde. Setrevegen. Dette ligg nesten inntil stove veggen vår og vi prøver å nytte oss av det så ofte vi kan. Vi pakka med oss grill, pølser, akebrett, snowboard, ski og masse godt humør og traska oss ned. Heldigvis kunne vi drage med oss vogna framover slik at Mikkel Johann fekk sin daglege blund. Vi kosa oss både store og små. Og pølsene smakte i fri luft. Her er nokre bilder frå turen.

DSC02516

Mamma og lillebrorgull klar til å sette utfor kanten..Hjelp!!

DSC02525

Pappa og Elise var kokkar!

DSC02531

Preben og Mikkel Johann i farta!

DSC02538

Vi hadde med oss ein ekstra gut denne dagen. Kompisen til Benjamin, Mathias, som bur i Førde var på overnatting og måtte sjølvsagt vere med oss på utflukt.

Sjølv om det var svært vått denne dagen var det ei kjekk stund der vi alle fekk tilbringe litt kvalitetstid ilag.

Til og med storebror fekk vi med oss. Og det er ikkje alltid like lett!! Er det andre som har det problemet? Føler eg til stadigheit må lokke og lure. Han er berre 12 år, men alt er så kjedeleg...Er det slik at borna vår blir fortare vaksne enn vi vart? Og kva skal vi godta av vil ikkje, gidde ikkje, skal berre gjere slik og sånn først.....?

Eg er åpen for tilbakemeldig på korleis du har takla "problemet" med å få STORE BARN....Tek gjerne imot råd:)

Då var altså vinterferien OVER!!!!!

Men det er ikkje så lenge til neste ferie: Påska nærmar seg og det blir heilt sikkert eit like deilig avbrekk i kvardagen, sjølv om eg skal tilbringe mesteparten av fri dagene på jobb:)

Ynskjer alle ei fin veke:)

 

 

   

søndag 22. februar 2009

Hei igjen.....

Føler eg må byrje slik, for det er tross alt nokre veker sidan sist. Eg har ikkje behov for å begrunne mitt "fråvær" i denne bloggverda. Det eg kan seie er at innerst inne har eg sakna dokke alle saman, Sjølv om eg har vore innom mange av dokke og lest dei siste innlegga.

Eg har starta med å realisere ein draum eg har hatt i mange år. Eg tok endeleg mot til meg og meldte meg inn i eit lokalt kor. Eg har alltid likt godt å synge, men aldri tatt meg tid til å ta steget fullt ut....Eg trur eg kan bidra med noko, men eg er fullstendig klar over at eg ikkje er ei ny Gloria Gaynor eller Whitney Houston:)

Berre det å ha ein hobby utanfor husets fire veggar trur eg er med på å "piffe" opp kvardagen min. Eg treng litt tid for meg sjølv og det beste av alt er at min kjære støttar meg 100 % :)

Etter nokre øvingar og ei rykande fersk øvingshelg bak meg føler eg berre glede. Eg går og trallar å syng mest heile dagen og studerer notar opp og ned. Den største utfordringa ligg i å lese notar. Dette er heilt nytt for meg, men eg får god hjelp av dei andre kordamene. Og det skal dokke vite: Desse damene får meg til å føle meg veldig velkomen. Dei uttrykte slik glede over ei ny kordame at det var reint rørande.

Og dirigenten er verkeleg ei dame med stor D!! Ei flott jente med bein i nasa og eit fantastisk engasjemang for jobben sin!!

Tusen takk til alle i Åmdalskoret "Berre damer" og ein spesiell takk til dirigent Janne for velkomsten eg har fått. Alle er ein inspirasjon til å fortsette med min nyerverva hobby!!!

torsdag 5. februar 2009

Tid for kaffibar

Som mange sikkert har merka har det vore litt bloggtørke inne hos meg.....Årsaken er enkel: Sjukdom...

Eg føler at den siste veka har gått med til å tørke snørr og måle feber samt passe på ein nyoperert gut. Mikkel Johann har vore inne siste veka med "virusliknande influensa". Sjølv om blodet er fri for bakteriar så hindrar det ikkje kroppen i å reagere med svært høg feber og slappheit...

Benjamin fekk endeleg gjennomføre ein etterlengta mandel og polypp fjerning operasjon. Forrige onsdag på Åse slapp legane til. Dette gjekk heilt fint, og guten er frisk og delvis rask igjen. I dag er det første dagen på skulen og han gledde seg til det. Utfordringa ligg i å IKKJE VERE I FYSISK AKTIVITET.....

Det kan vise seg å bli vanskeleg for ein fotballgal gut i 7 års alderen, men lærarane skulle passe godt på :)

Eg har då vore husmor og sjukepleiar denne veka, og det er kjekt det. Men jammen blir ein bra lei og av å berre sitte inne heile dagane....

Eg har lengta etter denne dagen lenge...

Eg skal nemleg ta meg ein tur på vår fantastiske Fugl Fønix Kaffibar...

Eg skal nyte ein kopp nykverna kaffi og eit stykke med deira nydelege gulrotkake:)

Treng eg seie stort meir??

Du som har vore innom dørene til denne koselege kaffibaren veit kva egsnakkar om:)

I morgon tek eg til med arbeidshelg og fortsetter utover veka med vakter nesten kvar dag. Så dette blir ei oppladning av dei store.

Avsluttar med nokre bilder eg har lånt frå heimesida til Fugl fønix:

image

image

onsdag 4. februar 2009

Mikkel Johann hos Fotograf Martha

Rundt 1 års dagen til Mikkel Johann var vi til fotograf. Vi ville ta dei vanlege bilda av minstemann, slik vi har gjort med alle dei andre, og samtidig prøve å få tatt nokre familiebilder.

Valget falt på Fotograf Martha Lystad

Det er henne vi har brukt tidlegare, både til barna og bryllaupet vårt og vi fann ut at vi ville bruke ho denne gangen og.

Og vi er svært nøgde med resultatet!! Servicen er det heller ingenting å seie på. Vi måtte nemleg utsette fotograferinga av Mikkel Johann både ein og to ganger pga sjukdom, alikevel stilte Martha opp, like blid og kjekk.  Dette er ei dame som kan faget sitt og eg nøler ikkje med å anbefale henne til andre.

Her er eit lite utdrag av bilda våre:

image

image

image

image

Olsen-0975

Olsen-0958

Olsen-0988

Olsen-0974

No er tid komen til å bestille evt forstørringar. Det er så populært med lerrets bilder no, og eg kunne gjerne tenkt meg både eit og to til å ha i trappegangen eller på stua.

Spørsmålet er kva skal vi velge....

No blir det ei stund til neste gang vi er med fotograf. Eller så lenge er det vel egentleg ikkje til, Preben er visst konfirmant om 4 år....

Som eg har sagt meir enn ein gang: Tida går så altfor fort!

 

 

fredag 30. januar 2009

Utfordring frå Tove

Det er no kanskje over 1 veke sidan eg fekk denne utfordringa no. Men betre seint enn aldri seier dei:)

Eg skulle gå inn på bildemappene mine. Finne mappe nr 6 og bilde nr 6.

Så skal eg legge dette bilde ut på bloggen min og skrive litt om det.

Her er bildet:

DSC00649

Dette er frå ein kjempe fin sommar dag/kveld i fjor sommar. Vi var invitert fram til Gry og Frode på Myra på ein aldri så liten grill sammenkomst.

Tre familier, 6 vaksne og 9 barn. Kjempekoseleg!!

Som dokke ser er det fotball som er det store for både barna og fedrene. Det gjekk aktivt for seg, alle var både sveitte og slitne. Nokre måtte til og med bytte både T-skjorte og underkle....Fremst i bilde ser du mannen min og Daniel. Sittande i raud skjorte Ådne, Pappa Frode, Pappa Kim og Sigurd i mål.

Det ser ut som det er midt på dagen, men klokka er faktisk nærmare 2300....

Dette er ein kveld vi minnast med glede. Og vi vil gjerne gjere det opp igjen.

Tusen takk til vertskapet for ein koseleg grill kveld :)

Legg ved nokre bilder til for å vise kor kjekt vi hadde det

DSC00664

Eit fint knippe med blide barn. Mikkel Johann sov i vogna si..

DSC00660

To blide jenter:)

DSC00662

Fotball er livet Fotball er gøy!!

 

Førde tur:)

Det er 15 år sidan eg flytta til Førde for å gå på sjukepleiehøgskulen. I tre år skulle eg halde til der. På ein plass eg nesten ikkje hadde høyrt om. Eg måtte flytte frå mamma og dei andre heime, vennane mine og ikkje minst kjæresten min Richard. Eg var ikkje særleg høg i hatten då eg vinka farvel til mamma og co som hadde kjøyrt meg og flyttelasset den lange vegen frå Ørsta til min nye studiestad.

Det skulle vise seg å bli tre fantastiske år. Eg sit igjen med berre positive minner. Sjølvom lengselen heim til tider var svært vanskeleg å takle så steig trivselen etter kvart som månadane gjekk. Richard kom ofte på besøk og bussturen heim på vel 4 timar vart berre kortare og kortare.

Sjukepleiestudiane gjekk så det suste, Kull 24 vart veldig sammensveisa og mang ein "eksamensfest" sit spikra i minnet. Det beste med tida i Førde er vennskapet med Ingrid. Dette er ei dame med bein i nasa og tunga rett i munnen. Ho veit akkurat kva ho vil og får det som oftast slik....Ikkje sant Helge :)

Ho har iallefall verdens snillaste mann!!

Til deg Ingrid: Eg er så glad i deg og dine. Håper vennskapet vårt varer for evig og alltid.

Så då det endeleg klaffa med Førde tur forrige fredag var vi ikkje seine med å kaste oss på bussen. Mikkel Johann og eg pakka det vi trengde og vinka på gjensyn til dei andre i Olsenbanden:)

Forresten er det eit lite mirakel at vi to har kvar sin 1 åring ilag. At vi skulle få oppleve å verte mamma same året var noko vi begge hadde slått ifrå oss. Difor er det ekstra kjekt å kunne snakke saman om Kasper og Mikkel Johann. Og som dokke ser er dei gode kompisar:

 

 IMG_1296

Førde er i grunnen ein flott plass å bu. På desse 15 åra har lille Førde vokst frå å vere ein liten plass mellom Ålesund og Bergen til ein middels stor by med fantastiske shopping moglegheiter. Byen veks for kvar gang eg er der, iallefall med antal butikkar. Der er både Hennes og Mauritz, Kappahl, Lindex, Spar kjøp, Plantasjen, Biltema  m.m

For meg er dette toppen. Og det er nok ikkje alltid  like kjekt for Ingrid å dilte etter meg overalt. Vi tek oss alltid tid til ein  kafetur og det kos. Då slapper vi av medan barna sover i vogn. Deilig!!

Søndag var det eit nydeleg vinter/vår veir.  Slik som det var her heime har eg høyrt, og sett på bloggane dykkar. Vi pakka litt niste til Odin og la i veg:)

IMG_1289

Vi var ikkje aleine om å gå på tur denne søndagen. Det verka som om halve Vieåsen såg sitt snitt til ein aldri så liten vårtur. Det var så fint å sjå sola kor ho spegla seg i vatnet, isen smelta og fuglane kvitra.

Vi har ikkje nådd Februar ein gang, men våren ligg i lufta likevel...

Her er nokre stemningsbilder:

IMG_1284  IMG_1286  IMG_1282

Dei tre gutane leika seg fint ilag. Sjølvom det kunne vere litt travelt for storebror Odin, ikkje alltid like kjekt å bli forstyrra av to små gutar når ein sit å leikar seg fint med bilane sine.

IMG_1247   IMG_1288

Odin Eide, snart 4 år. Ein fantastisk kjekk og fin gut.

Dei to andre rakkarane i fin leik:

IMG_1260 

Ser nesten ut som det er eit lite suss i lufta... 

IMG_1256

Fekk låne dumper med Fredrik. Det var svært!!

Tre dager går så altfor fort når ein har det gøy. Vi gleder oss til Ingrid og Kasper kjem til Ørsta i April/Mai. Vi kan kanskje håpe på at Odin blir med og??

Tusen Takk for denne gang Ingrid og Helge:)

Ellers kan eg skrive at i denne stund sit eg heime med to sjuke gutar. Benjamin har fjerna mandlar og polypper og skal vere i ro i 14 dager. Det kan by på utfordringar skal eg seie...

Mikkel Johann har høg feber og hoste atter ein gang...

Men vi får berre stå i det. God Helg til alle saman:)

torsdag 22. januar 2009

Eg vann!!!!

Seint onsdagskveld ser eg det har kome inn ein kommentar til meg. Sjølvsagt må eg sjekke kven det er ifrå. Og overraskelsen er meget stor, ikkje fordi det er frå Tove, men pga av bodskapet hennar.

Som mange av dokke allereide har registrert har denne dama hatt 1 års jubileum som bloggar. Og for ei bloggdame!! Det er ingenting som er for lite eller for stort for Tove. Og som eg skreiv til henne: Du har mange jarn i ilden, men ingen av dei blir kalde.

Det står respekt av deg og arbeidet ditt. Både det du utfører som lærar, husmor, politikar og bloggdame.

At eg skulle bli den heldige vinnar av hennar konkurranse er eg veldig glad for. Og slike fine premiar!

Det har seg nemleg slik at denne flotte boka snart kjem meg i hende:

image

Slik beskriver Tove den på bloggen sin:

Dette er ei rykande fersk bok med dikt og foto av Turid Skjelten frå Brattvåg. Ho har boklansering og sleppfest i dag, og eg ringte henne i dag for å bestille ei bok til utlodning på bloggen min! Tekstene handlar om det som skjer mellom og i mennesker, det som ikkje i første omgang er beviseleg og handfast. Boka er både ei mental og visuell reise i kjensler  og stemningar (både bilete og fakta om boka er hente frå heimesida til Turid, som du kan finne her). Denne har du vel lyst på???

Om eg har!! Eg gleder meg til den er på plass. Først må eg finne tid og rom til å invitere Tove, og kanskje nokre andre blggdamer, på vaflebesøk m/meir:)

Tusen Takk Tove fordi du trakk meg ut av denne store haugen med lappar:

image

God helg til alle saman.

I morgon reiser eg forhåpentlegvis til Førde på etterlengta veninnebesøk:)

tirsdag 20. januar 2009

Ei utfordring:)

Her ein dag hadde Tove vore frampå med ei aldri så lita utfordring til meg. Eg har lete den vente lenge nok no  så her kjem min eigen lille fasit på

Fire x Fem:)

Fire favorittprogram på TV:

1. Greys

2.Prison Break

3. 71 grader Nord

4. Farmen

Eg er vell det ein kalle ei TV kjerring :)

 

Fire ting eg gjorde i går:

1. Prøvde så godt eg kunne å trøste ein sjuk Mikkel Johann

2. Var på Stil og Stemning å kjøpte noko for eit gavekort eg har hatt liggande sidan jul

3. Hadde ein lengre telefonsamtale med ei venninne som eg, desverre, ikkje får sjå så ofte som eg skulle ynskje

4. Prøvde å sove av meg eit migreneanfall

 

Ting eg ser fram til:

1. Somaren, varmere tider og kanskje Syden tur

2. Arbeidsdagen min

3. Førde tur. Planen er å besøke Ingrid m/fam i helga. Kryssar fingre og tær for at Mikkel Johann er frisk fredag

4. Varme gode klemmar frå Richard og mine fire englar

 

Favorittrestauranter:

Her må eg berre seie at vi sjeldan går ut for å ete. Og dessutan er det ikkje så mange restauranter  å velge mellom her i Ørsta.

Eg vil likevel trekke fram Mamma Mia fordi dei har ein nydeleg pizza og eit hyggeleg personale. Vi tek gjerne med ein heim vi:)

Eg kjem heller ikkje utanom Fugl Fønix kaffibar. Denne er absolutt verdt eit besøk. Lov meg at du stikk nasen innom dersom du er i Ørsta. Det er ikkje ein restaurant, men alikevel:)

Du får nykverna kaffi og dei mest fantastiske kakesortar. Prøv gulrotkaka, du vil ikkje angre!!

 

Fire ting på ynskjelista mi:

1. Fred på jord!! Veit det er eit umogleg ynskje, men det er verdt eit forsøk....

2. Få råd til å lage til loftet slik at min kjære og eg kan flytte opp og nyte kveldsola på balkongen vår :)

3. Sommarhus på Sæbø- Min draumeplass å bu....

4. Ny bil

Det vart mykje relatert til penger det her. Men eit ynskje er eit ynskje. Nesten som å drømme dette her:)

 

Eg vil gi denne utfordringa vidare til alle dei som kikar innom meg i morga ( 21 januar )

Ha ein fin kveld vidare.

Eg må legge meg dersom eg skal kunne trøste Mikkel Johann i natt...Øreverk er noko hærk!!

 

 

Utmerkelser

Desse utmerkelsane fekk eg av Gry Hege. Tusen Tusen Takk!! Eg er ofte inne hos Grys lille univers. Dette er ei dame som det er verdt å kike nærmare på. Som meg er ho småbarnsmor og det i seg sjølv er ein jobb som krev mykje. I tillegg er ho aleinemamma for den skjønne guten sin Kevin.  Eg har stor respekt for dei mødrene (og fedrene) som har ansvar for barna sine aleine. Eg kan berre forestille meg korleis det er, sjølv trur eg ikkje eg hadde klart meg utan Richard og det han bidreg med både i heimen og når det kjem til barna våre:)

image

image

 image

Så stå på vidare Gry Hege!! Og igjen TUSEN TAKK:)

 

 

fredag 16. januar 2009

Gratulerer med dagen Beth!!

Sender mine helsingar til Beth som på Sæbøneset bur. I dag fyller han 80 år. I morgon skal vi feire dagen på klubbhuset på Sæbø. Først familien og nære vener, deretter blir det åpe hus for alle som ynskjer å ta seg ein tur.

Som barn var det på "neset" med Mor og Beth eg likte meg best. Der fekk eg kose meg i fjøra så lenge eg ville, eg fekk hjelpe til med saudene og vi fekk vere med på sjøen å drage garn. Eg har mang ei historie frå barndomen som eg kunne tenkt meg å dele med dokke. Men ikkje i dag....

I dag er det deg Beth eg vil skrive om. Tenk 80 år er du, og nesten like sprek som du alltid har vore.

Du elskar å gå i fjellet, spesielt fjella du har rundt deg. Opp i Maradalen er det du trives best. Og kvar sommar er helikopteret på plass så det kan frakte deg og provianten din opp. 1 veke i strekk, og gjerne meir bur du der. Imponerande for ein mann på 80 år spør du meg:)

Saudene dine, som no egentleg er onkel Lasse sine, er du like glad i. Du klarer ikkje la vere å gå i fjøset, men som dei seier:  "Gammel vane er vond å vende" veit du:)

Sjølvom du kan vere kvass i kommentaren og bestemt i meiningane dine er du Beth, den gamle gode Bethen som alltid held døra åpen for oss.

Vil vi ha ei helg på Sæbø er vi hjarteleg velkomen. Seng og sengekle står der klart, alltid! Tusen Takk for det Beth!

Vi her i Olsenbanden gratulerer deg så mykje med 80 års dagen i dag. Og vi håper at dagen i morga blir ein dag du kan tenke tilbake på med glede.

Varm klem frå Laila

DSC01110   DSC01090

Å gle seg til ein arbeidsdag

Som de alle veit har eg nettopp byrja arbeide igjen etter eit fantastisk år heime med Mikkel Johann. Eg har storkosa meg, både med han og dei  andre borna i heimen. Det har og vore tid til kvalitetstid ilag med min kjære. I september tok vi turen til Oslo der vi kobla heilt av og budde på hotell. Her fekk vi med oss både stand up show og shopping på Karl Johan. Ein stor takk til mamma som passa borna denne helga:)

No er imidlertid kvardagen endra. Eg har ikkje berre byrja i ny jobb, men eg har ei heilt anna arbeidstid enn vi er van med frå før. Frå å kome heim om morgonen å vekke borna, dreg eg no på jobb før dei vaknar.

Eg lyg visst eg seier at eg gledde meg til å byrje på att. Eg vil heller ikkje seie eg grudde meg, men ei viss spenning kjende eg på. Spenning for det ukjende og det nye.

Men ting forandrar seg når ein føler seg trygg og velkomen.

I dag skal eg på kveldsvakt. Og eg gler meg. Gler meg til å besøke alle dei eldre som sit einsame å ventar i stua si. Eg gleder meg til å sjå smilet deira når eg viser meg i døråpninga. Dei har så mykje å fortelje, dei har så uendeleg mykje å dele. Og vi har så mykje å lære. Det som smertar meg er sorga i augene deira når eg ser på klokka og seier forsiktig at no må eg gå. Skulle så gjerne ha vore lenger i kvar ein heim, men med så mange som ventar må eg vidare. Og dei forstår, dei har full forståelse for at tida ikkje strekk til, men skuffelsen i auga klarer dei ikkje skjule.

Som helsearbeidar er eg sjølvsagt opptatt av eldreomsorga. Det å stadig lese om kutt, nedskjæringar og spare tiltak gjer meg arg. Kvifor skal dei eldre straffast, dei som har vore med på å bygge opp dette landet som vi er så stolt av? Noreg.....Eit av dei rikaste landa på jordkloda...Men vi har ikkje råd til å ta oss av dei som verkeleg fortenar det...Eg blir ikkje klok på politikken...

Eg har alltid synes det har vore interessant å høre historier frå gamalt av. Å sitte hos Mor eller Bestemor å høyre dei mange historiene frå deira barndom og ungdom har eg alltid sett på som ei glede. Kanskje er det difor eg har valt dette yrket?  Det er viktig å kunne fortelje desse historiane vidare til vår neste generasjon, vi kan ikkje gløyme kven vi er og kvar vi kjem frå. Og det er ei nødvendigheit at borna våre og lærer dette.

image

Eg har aldri tvilt på om eg har valgt rett yrke, eg har vore sikker sidan første dag på sjukepleiehøgskulen om at dette er det eg vil halde på med. Eg er utruleg takksam for jobben min. Eg utfører den med glede og omsorg.

Eg ser fram til mange koselege samtalar med alle dei eg kikar innom i løpet av ein arbeidsdag.

Eg ynskjer alle som har arbeidshelg i helsevesenet ei riktig god jobbehelg:)

Laila

 

 

onsdag 14. januar 2009

Med hjartet på rette staden...

image

Denne fine awarden fekk eg med Lill i dag. Fordi eg kom med trøystande ord når Silje måtte reise tilbake til U.S.A

Er den ikkje fin? Og heilt heimelaga. Tusen Tusen Takk Lill. Det varmar å få ei slik påskjønning ein kald onsdagskveld:)

mandag 12. januar 2009

Utslitt....

Her i huset har vi faste leggetider for alle barna. Sjølvsagt kan vi vike frå desse av og til, men regelen er der og den blir respektert. Når eg seier vike så tenker eg mest på at leggetida blir utsett. Difor var frustrasjonen stor i kveld då mamma bestemte det motsatte...:(

I går fekk nemleg Preben og Elise sitte oppe å sjå ein film ferdig. Dette merka vi godt i dag tidleg, og eg var snar å seie at i kveld er det kveld når mamma seier det!!!

Det er no spesielt storeguten som reagerer på denne "nyerverva regelen". Han synes det var heilt unødvendig at han måtte finne vegen til loppekassa sååååå tidleg (2130). Ikkje var han trøtt, ikkje kom han til å få sove og sjølvsagt var det noko på tv han veldig gjerne ville sjå....

Imidlertid vart det fort stilt, eg let bildet tale for seg....

DSC02299   

Å sovne med mp3 på øra, i sittande stilling seier vell litt om kor trøtt storeguten vår var i kveld:)

Kva skal ein finne på i regnveret?

Det er ikkje mange dagane sidan snøen dekte både markane og vegane her hos oss. Det var eit riktig fint vinterver med kuldegrader, litt solgløtt og deilig knatrelyd under skorne. Borna var ute å leika frå dei var ferdig med leksene til det var på tide med kveldsmat.

 DSC02254

Er det noko vi alle veit, så er det at veret forandrer seg fort. Når eg i dag ser ut vindauget mitt er det bart, vinden susar og regnet øser ned. Borna har støvler, paraply og regnkle når dei tek fatt på skulevegen. Det er ikkje vinter lenger. Snøen smeltar vekk.  Alt minner om haust....

 

 image

 

Kva skal ein så ta seg til med på ein slik dag?

Trilletur fristar ikkje i det heile tatt. Alle vi kjenner er på jobb eller skule. Amfi fristar heller ikkje.

Kanskje vi skal ta oss ein bakedag Mikkel Johann og eg..... Både brød og kanelsnurrar vart det:)

8 deilige brød klar til å leggast i frysen. Det er så gøy når arbeidet er gjort!!

DSC02268   DSC02266

Eg er heldig som har ein ivrig tilskodar og hjelpar:)

DSC02288

Det ferdige resultatet...Nam-Nam:)

  DSC02292 

 

Kanelsnurrar er noko av det beste borna her i huset får. Dei elskar å kome heim å kjenne den deilige lukta når dei stig over dørstokken. Det gjekk ikkje mange minutta før nasen begynte sin vandring...og den fann vegen rakt inn på kjøkkenet:)

DSC02293    DSC02294

Dagen er snart over, regnet høljar ned, som det har gjort i heile dag...Haugen med kanelsnurra, ca 90 stk, er plutseleg snart halvert.

"Ikkje anna å vente det mamma når dei ligg framme på kjøkkenbenken og fristar både med lukt og utsjånad" seier dei når eg skjenner over apetitten deira:)

DSC02296

Med dette ynskjer eg alle ei fin veke. Håper nokre er meir heldige med vinterveret enn vi:)

Laila:)