fredag 16. januar 2009

Å gle seg til ein arbeidsdag

Som de alle veit har eg nettopp byrja arbeide igjen etter eit fantastisk år heime med Mikkel Johann. Eg har storkosa meg, både med han og dei  andre borna i heimen. Det har og vore tid til kvalitetstid ilag med min kjære. I september tok vi turen til Oslo der vi kobla heilt av og budde på hotell. Her fekk vi med oss både stand up show og shopping på Karl Johan. Ein stor takk til mamma som passa borna denne helga:)

No er imidlertid kvardagen endra. Eg har ikkje berre byrja i ny jobb, men eg har ei heilt anna arbeidstid enn vi er van med frå før. Frå å kome heim om morgonen å vekke borna, dreg eg no på jobb før dei vaknar.

Eg lyg visst eg seier at eg gledde meg til å byrje på att. Eg vil heller ikkje seie eg grudde meg, men ei viss spenning kjende eg på. Spenning for det ukjende og det nye.

Men ting forandrar seg når ein føler seg trygg og velkomen.

I dag skal eg på kveldsvakt. Og eg gler meg. Gler meg til å besøke alle dei eldre som sit einsame å ventar i stua si. Eg gleder meg til å sjå smilet deira når eg viser meg i døråpninga. Dei har så mykje å fortelje, dei har så uendeleg mykje å dele. Og vi har så mykje å lære. Det som smertar meg er sorga i augene deira når eg ser på klokka og seier forsiktig at no må eg gå. Skulle så gjerne ha vore lenger i kvar ein heim, men med så mange som ventar må eg vidare. Og dei forstår, dei har full forståelse for at tida ikkje strekk til, men skuffelsen i auga klarer dei ikkje skjule.

Som helsearbeidar er eg sjølvsagt opptatt av eldreomsorga. Det å stadig lese om kutt, nedskjæringar og spare tiltak gjer meg arg. Kvifor skal dei eldre straffast, dei som har vore med på å bygge opp dette landet som vi er så stolt av? Noreg.....Eit av dei rikaste landa på jordkloda...Men vi har ikkje råd til å ta oss av dei som verkeleg fortenar det...Eg blir ikkje klok på politikken...

Eg har alltid synes det har vore interessant å høre historier frå gamalt av. Å sitte hos Mor eller Bestemor å høyre dei mange historiene frå deira barndom og ungdom har eg alltid sett på som ei glede. Kanskje er det difor eg har valt dette yrket?  Det er viktig å kunne fortelje desse historiane vidare til vår neste generasjon, vi kan ikkje gløyme kven vi er og kvar vi kjem frå. Og det er ei nødvendigheit at borna våre og lærer dette.

image

Eg har aldri tvilt på om eg har valgt rett yrke, eg har vore sikker sidan første dag på sjukepleiehøgskulen om at dette er det eg vil halde på med. Eg er utruleg takksam for jobben min. Eg utfører den med glede og omsorg.

Eg ser fram til mange koselege samtalar med alle dei eg kikar innom i løpet av ein arbeidsdag.

Eg ynskjer alle som har arbeidshelg i helsevesenet ei riktig god jobbehelg:)

Laila

 

 

1 kommentar:

Tove sa...

Takk og lov for at du jobbar med det du jobbar med, du har hjartet på rett plass og har omsorg for alle rundt deg - både dei heime, dei du jobbar med/for og alle oss i venekretsen! Cowboy-Laila sine altan-vafler er legendariske, det håper eg du veit, og vi set utruleg stor pris på alle invitasjonane! Huset ditt er aldri fullt og har god plass til alle!