fredag 16. januar 2009

Gratulerer med dagen Beth!!

Sender mine helsingar til Beth som på Sæbøneset bur. I dag fyller han 80 år. I morgon skal vi feire dagen på klubbhuset på Sæbø. Først familien og nære vener, deretter blir det åpe hus for alle som ynskjer å ta seg ein tur.

Som barn var det på "neset" med Mor og Beth eg likte meg best. Der fekk eg kose meg i fjøra så lenge eg ville, eg fekk hjelpe til med saudene og vi fekk vere med på sjøen å drage garn. Eg har mang ei historie frå barndomen som eg kunne tenkt meg å dele med dokke. Men ikkje i dag....

I dag er det deg Beth eg vil skrive om. Tenk 80 år er du, og nesten like sprek som du alltid har vore.

Du elskar å gå i fjellet, spesielt fjella du har rundt deg. Opp i Maradalen er det du trives best. Og kvar sommar er helikopteret på plass så det kan frakte deg og provianten din opp. 1 veke i strekk, og gjerne meir bur du der. Imponerande for ein mann på 80 år spør du meg:)

Saudene dine, som no egentleg er onkel Lasse sine, er du like glad i. Du klarer ikkje la vere å gå i fjøset, men som dei seier:  "Gammel vane er vond å vende" veit du:)

Sjølvom du kan vere kvass i kommentaren og bestemt i meiningane dine er du Beth, den gamle gode Bethen som alltid held døra åpen for oss.

Vil vi ha ei helg på Sæbø er vi hjarteleg velkomen. Seng og sengekle står der klart, alltid! Tusen Takk for det Beth!

Vi her i Olsenbanden gratulerer deg så mykje med 80 års dagen i dag. Og vi håper at dagen i morga blir ein dag du kan tenke tilbake på med glede.

Varm klem frå Laila

DSC01110   DSC01090

8 kommentarer:

Tove sa...

Såg bilete av denne utruleg staselege mannen i avisa i går - både ein spreking og ein barsking! Eg veit du er flink å vise han kor mykje de alle set pris på han - du er hjartegod du, Laila!
Ta ein tur innom bloggen min og bli med på feiringa, flotte premier!

Anna Lisa sa...

For eit koseleg innlegg.
Du er flink å sette ord på ting.
Håpa dykk fe ei flott feiring og ei flott helg.
Klem

Anonym sa...

Hei igjen, og takk for praten her om dagen. Jammen lett å ta opp igjen tonen sjølv om det var ei stund sidan sist.
Du må helse så mykje til den spreke jubilanten. Blir nok ein dag med sterke følelsar, både såre og gode. Men kjekt å vere saman med familien.
Vi snakkast på onsdag.
Klem.

Guttemamma sa...

Så koselig med sånn innlegg! Ha en flott helg, klem fra Anette

Lill sa...

Hei Laila
Så flott bloggen din har blitt, og bilde på logoen var berre nydeleg, frå Romedalen? Ha ein kjekk feiring saman med den spreke 80 åringen.
Klem frå Lill

Dagny- Heim sa...

Hugsar eg var nesten litt misunnelege på det flotte familiebandet som eksisterte der ute på Neset. Og i ettertid er det flott å sjå at det framleis er slik :-)
Håper de alle får ein flott dag i lag. Eg fekk klar beskjed då eg melde mitt besøk hjå foreldra mine i dag: Kl 19 skulle dei på klubbhuset, så då var visittida over :-D

Anonym sa...

Det ligger noe å venter på deg inne hos meg :)

Klem.....

Tove sa...

Det ligg ei utfordring og ventar på deg på bloggen min - ta den om du har lyst og tid! Ynskjer deg ein deilig søndag!