lørdag 10. januar 2009

Første dag i barnehagen for Lillebrorgull....

Ja så er dagen komen. Trudde eg skulle få nyte det lenge denne gangen, men det viser seg gang på gang at 1 år går så altfor fort...(og eg har gjort dette 4!!! ganger) Eg har til og med hatt 3 veker med ulønna permisjon, slik vi riktig kunne nyte Julehøgtida og Nyttårsfeiringa ilag.

Eg minnast med glede mandag 12 november 2007. Då kom lillebrorgull Mikkel Johann og lyste opp kvardagen vår. Familien vår vart med eit komplett. Å vere så velkomen er ei stor glede i seg sjølv. Å ha tre større syskjen som passar på. Oppmuntrar, hjelper ustødige små føter på rett veg igjen og klemmer deg når du er trist og lei. Du er så heldig, og du er så høgt elska lille vennen vår:)

Dei første månadane med deg gav oss utfordringar! Du skreik veldig mykje, og sov nokså lite. Etterkvart fekk du mykje utslett, først i ansiktet så på kroppen din. Etter ammestund var det særleg gale. Du skreik og skreik, ingenting hjalp. Og vi hadde så vondt av deg. Det var tydleg at du hadde smerter. Vi prøvde alt!! Ingenting er verre enn å sjå din eigen lille skatt streve og ha det vondt. Mammahjertet mitt verkte, tårene trilla og fortvilelsen steig.

Då vi fann ut at du ikkje tålte melk endra alt seg over natta. Bokstaveleg talt! Ikkje så rart med tanke på kva eg hadde i meg av melkeprodukt....

Endeleg kunne vi nyta tida ilag.

Månadane gjekk fort, vår vart til sommar, sommar vart til vinter. 1 års dagen din kom. Vi feira jul og nyår. Brått var dagen der: 6 januar 2009.

Din første dag i Mosmarka barnehage.

Eg må innrømme det var litt merkeleg å "begynne i barnehagen" igjen, men med eit så fint personalet og ein så ny og

flott barnehage er eg sikkert på at vi vil trives like godt denne gangen:)

DSC02269

 Kika meg rundt i første omgang...Smake litt på ting og tang er viktig:)

DSC02272

hopperommet likte Mikkel Johann seg veldig godt. Personalet huska godt at dei to andre gutane var like aktive der inne...

DSC02273

Det var stor stas å vaske hendene sine. Sidan Mikkel Johann er så begeistra for det våte element fann Grethe fort ut at dette kunne

brukast som avledningsmanøver når mamma/pappa skal seie hade:) Lurt!!

DSC02270    DSC02271

Her ser du resultatet etter nokre dagar på Småtrolla. Ein blid og fornøgd gut:)

Imidlertid må eg innrømme at eg var på tråden både ein og to gangar i løpet av dei første dagene. Svaret eg fekk var at alt gjekk så bra. Ein kjekke gut. Lett å trøste og så god mot alle:)

Mamma kan berre slappe av.

Lillebrorgull trives godt i barnehagen:)

 

Kjære Mikkel Johann:

Å oppleve ditt komme til verden

var den største gleden jeg noensinne

har kjent

Fullendt

Ingen lykke i mitt liv

har noengang vært så sann

Jeg kommer til å bære med meg

din første gråt gjennom

hele livet

Klem frå mamma....

 

 

 

8 kommentarer:

Guttemamma sa...

Blir så rørt av innlegget ditt, tårene presser på her..! Rart når minstemann blir "stor", jeg er overlykkelig over at vi var så utrolig heldige å få tredjemann,som du sier familien ble fullkommen!! Og tenk, du har fire gull!!! Stor klem

Anita sa...

Så herlig liten gullgutt du har. Fikk 2 sånne søte små på teamet mitt denne uka. De er så utrolig nydelige - koser meg når det begynner nye barn;o) Også er jeg takknemlig for den jobben jeg har, tenk å være så heldig å få jobbe med noe så dyrebart og fantastisk.
Ha ei fortsatt fin helg;o)

Tove sa...

Så kosleg du hadde skrive om lissjegullet... Er alltid vemodig å sende dei i b-hage for fyrste gong, og kanskje verst for mor...??? Enn om du og A4-dama hadde hatt tid til eit besøk i januar? Det hadde vore kjekt! Nyt søndagen!

Tove sa...

PS! Ser du har laga smal utgåve av bloggsida di. Då kan du velje mellom MANGE ulike bakgrunnar, veit du vel??????

Anette {foreldremanualen} sa...

For et sjarmtroll du har! :-D

Det er så vanskelig for oss foreldre det der, gruer meg til det blir min tur igjen... Men gratulerer med barnehageplass, så heldige har ikke vi vært (ennå!).

Ha en fortsatt flott søndag!

Dagny- Heim sa...

Veit ikkje anna råd enn at du lyte til med nr.5 slik at du får prøve å nyte det ein gong til :-D
Godt at han ser ut til å trivest så bra i barnehagen, litt lettare å vere mor då.
Og før du veit ordet av det skal han ned til oss :-o

Anna Lisa sa...

kor sjønn han er!!
Tida går alt for fort
Ha ei fin veke
Klem

AnneGrethe7 sa...

Å kor nydeleg skrive Laila...vart heilt rørt her eg sit:)

Lykke til med barnehage og jobb.

Ønsker deg ei fin veke !