torsdag 22. januar 2009

Eg vann!!!!

Seint onsdagskveld ser eg det har kome inn ein kommentar til meg. Sjølvsagt må eg sjekke kven det er ifrå. Og overraskelsen er meget stor, ikkje fordi det er frå Tove, men pga av bodskapet hennar.

Som mange av dokke allereide har registrert har denne dama hatt 1 års jubileum som bloggar. Og for ei bloggdame!! Det er ingenting som er for lite eller for stort for Tove. Og som eg skreiv til henne: Du har mange jarn i ilden, men ingen av dei blir kalde.

Det står respekt av deg og arbeidet ditt. Både det du utfører som lærar, husmor, politikar og bloggdame.

At eg skulle bli den heldige vinnar av hennar konkurranse er eg veldig glad for. Og slike fine premiar!

Det har seg nemleg slik at denne flotte boka snart kjem meg i hende:

image

Slik beskriver Tove den på bloggen sin:

Dette er ei rykande fersk bok med dikt og foto av Turid Skjelten frå Brattvåg. Ho har boklansering og sleppfest i dag, og eg ringte henne i dag for å bestille ei bok til utlodning på bloggen min! Tekstene handlar om det som skjer mellom og i mennesker, det som ikkje i første omgang er beviseleg og handfast. Boka er både ei mental og visuell reise i kjensler  og stemningar (både bilete og fakta om boka er hente frå heimesida til Turid, som du kan finne her). Denne har du vel lyst på???

Om eg har!! Eg gleder meg til den er på plass. Først må eg finne tid og rom til å invitere Tove, og kanskje nokre andre blggdamer, på vaflebesøk m/meir:)

Tusen Takk Tove fordi du trakk meg ut av denne store haugen med lappar:

image

God helg til alle saman.

I morgon reiser eg forhåpentlegvis til Førde på etterlengta veninnebesøk:)

6 kommentarer:

Guttemamma sa...

Så gøy,masse gratulerer!! Klem fra meg

Anonym sa...

Hei igjen snuppa, og takk for igår. Det var ein kjempetriveleg kveld:-)Gratulerer med prisen. Eg håper eg får "låne" boka og lese litt når eg kjem på besøk neste gong. Og då får eg kanskje vafler?
Idag får du kun klem på høgre sida, for eg har ein grusom tannverk på venstre, Ugh!!!

Lill sa...

Hei Laila
Gratulerer så mykje med gevinsten, er heilt sikker på at den boka er flott:0))
Nyt torsdagen
Klem Lill

Lill sa...

Hei igjen:0)
Har ei lita utfordring til deg vis du vil
Smil frå Lill

Dagny- Heim sa...

WoW! Gratulerer, heldiggrisen :-D Kjekt at det var nettopp du som vann, da! Og med all den responsen ho fekk, så var det jammen flaks.

Blir supert for ungane å kome på skule på måndag. Har blitt kjempefint! Vi har sjaua og styrt på i heile dag, så no er filialane ein saga blott, tomme og triste...

Kos deg i Førde!
Fredagsklem :-)

Silje sa...

Gratulerer Laila, kjekt at det var du som vann!!!!! Håper du kosar deg i Førde :))