mandag 12. januar 2009

Kva skal ein finne på i regnveret?

Det er ikkje mange dagane sidan snøen dekte både markane og vegane her hos oss. Det var eit riktig fint vinterver med kuldegrader, litt solgløtt og deilig knatrelyd under skorne. Borna var ute å leika frå dei var ferdig med leksene til det var på tide med kveldsmat.

 DSC02254

Er det noko vi alle veit, så er det at veret forandrer seg fort. Når eg i dag ser ut vindauget mitt er det bart, vinden susar og regnet øser ned. Borna har støvler, paraply og regnkle når dei tek fatt på skulevegen. Det er ikkje vinter lenger. Snøen smeltar vekk.  Alt minner om haust....

 

 image

 

Kva skal ein så ta seg til med på ein slik dag?

Trilletur fristar ikkje i det heile tatt. Alle vi kjenner er på jobb eller skule. Amfi fristar heller ikkje.

Kanskje vi skal ta oss ein bakedag Mikkel Johann og eg..... Både brød og kanelsnurrar vart det:)

8 deilige brød klar til å leggast i frysen. Det er så gøy når arbeidet er gjort!!

DSC02268   DSC02266

Eg er heldig som har ein ivrig tilskodar og hjelpar:)

DSC02288

Det ferdige resultatet...Nam-Nam:)

  DSC02292 

 

Kanelsnurrar er noko av det beste borna her i huset får. Dei elskar å kome heim å kjenne den deilige lukta når dei stig over dørstokken. Det gjekk ikkje mange minutta før nasen begynte sin vandring...og den fann vegen rakt inn på kjøkkenet:)

DSC02293    DSC02294

Dagen er snart over, regnet høljar ned, som det har gjort i heile dag...Haugen med kanelsnurra, ca 90 stk, er plutseleg snart halvert.

"Ikkje anna å vente det mamma når dei ligg framme på kjøkkenbenken og fristar både med lukt og utsjånad" seier dei når eg skjenner over apetitten deira:)

DSC02296

Med dette ynskjer eg alle ei fin veke. Håper nokre er meir heldige med vinterveret enn vi:)

Laila:)

 

 

4 kommentarer:

Lill sa...

Åååååå det såg så godt ut, og eg ser at Preben og Elise nyter kvar munnfull:0)) Flink du Laila. Er ikkje nokon brødbakar eg, dei blir alltid så utruleg flate.... Brukar gjær altså hehe, men ......
Ha ein flott kveld
Smil under ein paraply frå Lill

Anita sa...

Mmmmmmm, det så godt ut med kanelsnurrer. Kanskje jeg skal få datteren min til å lage det en dag.... Hun er så flink å bake - det er ikke jeg;o)

Anette {foreldremanualen} sa...

Angrer litt på at jeg gikk inn hit nå - her var det stoooore fristelser! ;-) Baking er en super inneaktivitet!

Anonym sa...

Flinke jente :-) Baksten fekk nok bein å gå på ja.... Her i huset snufsar vi nesten heile gjengen, ikkje rart når det skiftar frå + til - til + igjen like fort!
Helse til gjengen din.
Klem frå Selje