mandag 12. januar 2009

Utslitt....

Her i huset har vi faste leggetider for alle barna. Sjølvsagt kan vi vike frå desse av og til, men regelen er der og den blir respektert. Når eg seier vike så tenker eg mest på at leggetida blir utsett. Difor var frustrasjonen stor i kveld då mamma bestemte det motsatte...:(

I går fekk nemleg Preben og Elise sitte oppe å sjå ein film ferdig. Dette merka vi godt i dag tidleg, og eg var snar å seie at i kveld er det kveld når mamma seier det!!!

Det er no spesielt storeguten som reagerer på denne "nyerverva regelen". Han synes det var heilt unødvendig at han måtte finne vegen til loppekassa sååååå tidleg (2130). Ikkje var han trøtt, ikkje kom han til å få sove og sjølvsagt var det noko på tv han veldig gjerne ville sjå....

Imidlertid vart det fort stilt, eg let bildet tale for seg....

DSC02299   

Å sovne med mp3 på øra, i sittande stilling seier vell litt om kor trøtt storeguten vår var i kveld:)

6 kommentarer:

Lill sa...

Hei Laila.
Tusen tusen takk for støttande helsing inne hos meg, satt veldig stor pris på det:0))
Bilete av Preben talar for seg sjølv... det har du rett i... trøtt han.... ikkje i det heile tatt:0))
Ha ein fin dag.
klem Lill

Anonym sa...

Joda, store gutter trenger også å sove :o)
Her har det gått over stokk og stein i jula, og far i huset er IKKE streng på legginga.. (Hmmm :o( )
Nå er mor plutselig sykemeldt og hjemme hver kveld, så da er det kveld kl 21.30 når David skal på skolen dagen etter. Unntaket er tirsdagene som er vår "kose oss dag" med CSI på TV.
Har forresten falt helt for bloggen din, er det greit at jeg legger deg til som venn? (Når jeg finner ut hvordan jeg skal gjøre det)...

Monika sa...

Hehe - ja dette kjenner eg igjen - eit stort problem her i huset og av og til - men som regel går det greit,
for minstemann på snart 11 er veldig trøtte etter ein lang aktiv dag.
Verre med ho på snart 16 - eller mamman ( hmm.. meg )
vi er ikkje flinke til å legge oss om kveldene - og jepp - kjempe trøtte om morgenen'
Smil fra monika

Unknown sa...

He he, ja ingen tvil om at dette var eit talande bilde!!
Her i heimen er vi VELDIG strenge på leggetidene, og det vert sjeldan fåveke verken kvardag, helg eller feriar...
Når ein har born med ADHD er det veldig viktig med faste rutiner, og dette dreg seg sjølvsagt over på minstemor og;0)
Men trur no likevel ingen har vondt av verken faste leksetider eller leggetider eg då...
Må tilstå at eg vert forundra når foreldre med born på same alder som mine seier at dei får vere oppe til klokka 11 i vekedagane, og langt over midnatt i helgane...men men...
Klem

Anette {foreldremanualen} sa...

Uff ja, ungene blir dårlige i flere dager etterpå om de ikke får nok søvn. (Husker med gru tilbake til en gang vi var hos noen venner og det ble nesten midnatt før ungene sovnet....)

Lill sa...

Hei
Ligg noko til deg inne hos meg
Klem Lill