fredag 30. januar 2009

Utfordring frå Tove

Det er no kanskje over 1 veke sidan eg fekk denne utfordringa no. Men betre seint enn aldri seier dei:)

Eg skulle gå inn på bildemappene mine. Finne mappe nr 6 og bilde nr 6.

Så skal eg legge dette bilde ut på bloggen min og skrive litt om det.

Her er bildet:

DSC00649

Dette er frå ein kjempe fin sommar dag/kveld i fjor sommar. Vi var invitert fram til Gry og Frode på Myra på ein aldri så liten grill sammenkomst.

Tre familier, 6 vaksne og 9 barn. Kjempekoseleg!!

Som dokke ser er det fotball som er det store for både barna og fedrene. Det gjekk aktivt for seg, alle var både sveitte og slitne. Nokre måtte til og med bytte både T-skjorte og underkle....Fremst i bilde ser du mannen min og Daniel. Sittande i raud skjorte Ådne, Pappa Frode, Pappa Kim og Sigurd i mål.

Det ser ut som det er midt på dagen, men klokka er faktisk nærmare 2300....

Dette er ein kveld vi minnast med glede. Og vi vil gjerne gjere det opp igjen.

Tusen takk til vertskapet for ein koseleg grill kveld :)

Legg ved nokre bilder til for å vise kor kjekt vi hadde det

DSC00664

Eit fint knippe med blide barn. Mikkel Johann sov i vogna si..

DSC00660

To blide jenter:)

DSC00662

Fotball er livet Fotball er gøy!!

 

1 kommentar:

Silje sa...

Ser ut til at dåkke hadde ein kjempekjekke kveld, med grilling og fotball...kjenner eg lengtar etter sommar når eg ser slike minner!!! Heldigvis går vi lysare tider i møte :)