onsdag 4. februar 2009

Mikkel Johann hos Fotograf Martha

Rundt 1 års dagen til Mikkel Johann var vi til fotograf. Vi ville ta dei vanlege bilda av minstemann, slik vi har gjort med alle dei andre, og samtidig prøve å få tatt nokre familiebilder.

Valget falt på Fotograf Martha Lystad

Det er henne vi har brukt tidlegare, både til barna og bryllaupet vårt og vi fann ut at vi ville bruke ho denne gangen og.

Og vi er svært nøgde med resultatet!! Servicen er det heller ingenting å seie på. Vi måtte nemleg utsette fotograferinga av Mikkel Johann både ein og to ganger pga sjukdom, alikevel stilte Martha opp, like blid og kjekk.  Dette er ei dame som kan faget sitt og eg nøler ikkje med å anbefale henne til andre.

Her er eit lite utdrag av bilda våre:

image

image

image

image

Olsen-0975

Olsen-0958

Olsen-0988

Olsen-0974

No er tid komen til å bestille evt forstørringar. Det er så populært med lerrets bilder no, og eg kunne gjerne tenkt meg både eit og to til å ha i trappegangen eller på stua.

Spørsmålet er kva skal vi velge....

No blir det ei stund til neste gang vi er med fotograf. Eller så lenge er det vel egentleg ikkje til, Preben er visst konfirmant om 4 år....

Som eg har sagt meir enn ein gang: Tida går så altfor fort!

 

 

4 kommentarer:

Astrid sa...

Kjempefine bilete Laila! Har no sett dei før eg då, men kjekt å sjå dei her på bloggen din også;)
De er ein flott familie!

Alle friske i heimen no? Håpar det, synest de har hatt nok sjukdom for ei stund... Vi er ikkje friske her endå, men slik er det nok når vi har slike store familiar...basilluskane dansar sin evige runddans:/

Anonym sa...

Familiebilda har eg no sett før...og dei av Mikkel var no kjempefine. Ikkje enkelt å velge nei, det er heilt sikkert. Men du har no dei på data, så du kan kose deg med dei i ny og ne. Vi har faktisk fått litt snø her ut i havgapet idag. Skal ikkje mykje til før ungane finn fram akebrettet. Eg har baka brød idag, innimellom anna forefallande husarbeid. I kveld er det kor :-o
Vi snakkast.

Lill sa...

Hei Laila
Dette var noko av det finaste eg har sett!!!!! Heilt fantastiske bilder men jammen har du fantastiske born også:0) Her blir det nok valgets kvaler er eg redd:0)
Nyt torsdagen
Klem frå Lill

Anonym sa...

Kjempefine bilder:-)
Kjekt å få se de.Ja det er valgets kval hva du skla velge. Klem