søndag 22. februar 2009

Hei igjen.....

Føler eg må byrje slik, for det er tross alt nokre veker sidan sist. Eg har ikkje behov for å begrunne mitt "fråvær" i denne bloggverda. Det eg kan seie er at innerst inne har eg sakna dokke alle saman, Sjølv om eg har vore innom mange av dokke og lest dei siste innlegga.

Eg har starta med å realisere ein draum eg har hatt i mange år. Eg tok endeleg mot til meg og meldte meg inn i eit lokalt kor. Eg har alltid likt godt å synge, men aldri tatt meg tid til å ta steget fullt ut....Eg trur eg kan bidra med noko, men eg er fullstendig klar over at eg ikkje er ei ny Gloria Gaynor eller Whitney Houston:)

Berre det å ha ein hobby utanfor husets fire veggar trur eg er med på å "piffe" opp kvardagen min. Eg treng litt tid for meg sjølv og det beste av alt er at min kjære støttar meg 100 % :)

Etter nokre øvingar og ei rykande fersk øvingshelg bak meg føler eg berre glede. Eg går og trallar å syng mest heile dagen og studerer notar opp og ned. Den største utfordringa ligg i å lese notar. Dette er heilt nytt for meg, men eg får god hjelp av dei andre kordamene. Og det skal dokke vite: Desse damene får meg til å føle meg veldig velkomen. Dei uttrykte slik glede over ei ny kordame at det var reint rørande.

Og dirigenten er verkeleg ei dame med stor D!! Ei flott jente med bein i nasa og eit fantastisk engasjemang for jobben sin!!

Tusen takk til alle i Åmdalskoret "Berre damer" og ein spesiell takk til dirigent Janne for velkomsten eg har fått. Alle er ein inspirasjon til å fortsette med min nyerverva hobby!!!

10 kommentarer:

Guttemamma sa...

Godt å ha deg tilbake!! Veldig lurt å ha itt tid for seg selv, jeg har 1,5 time yoga i uka, det "redder" meg...klem og kos deg med sangen

Monika sa...

Heia
Kor tøffe du er - og syng i veg
Alltid koselig det
smil fra monika
ps. kjekt å sjå liv på bloggen din igjen :)

Anette {foreldremanualen} sa...

Gøy at du er tilbake og gratulerer med ny hobby! Det er kjempeviktig, og kor er jo absolutt en morsom og sosial ting! :-)

Anonym sa...

Så fint å ha deg tilbake her .....har savnet deg :)

Det er gøy å synge i kor, så jeg skjønner du er glad for tiden....jeg sang i kor fra jeg var 6 til jeg var 19 og har sunget i både kirkekor og gospelkor. Er veldig glad i å synge, men får nå heldigvis synge mye i jobben min som førskolelærer.
Lykke til videre med sangen din :)

Ha en flott uke...

Klem :)

Dagny- Heim sa...

Gratulerer med ny hobby, Laila! Eg er sikker på at du har noko å fare med her også. Og kjekt er det. Hugsar den første korøvinga eg var på i "mitt" kor. Var heilt overraska då øvinga var over. Hadde gløymt å tenke på ungane, jobb, alle tinga eg burde gjere... nesten som i eit vakum. Herrrrleg med berre seg sjølv, heilt åleine ei lita stund :-) Lukke til!

Anonym sa...

Huska du når me va me i ten-sing? Ikkje berre songen som sto i fokus den tida, nei... Velkomen i korsongar-klubben. Er det ikkje kjekt? Ein kan føle seg trøtt og sliten, haudeverk og kanskje tilogmed litt låk i halsen. Men så går vi på korøving, og etterpå er vi heilt friske :-) Det er faktisk forska på dette, kva korsong kan gjere med humøret ditt. Og det er berre positive resultat. Trur eg må prøve å få til å kome oppover til "herskapeleg", å vere servitøren din. Men fiksa du eit party hos Lise på laurdag då? Dessuten skal vi ha kor-kafe her ute i slutten på april, kanskje eg skal invitere dokke som gjestekor? Det hadde vore stilig! Får snakkast om det. Iallefall bra du er igang igjen med blogging! Klem.

Anonym sa...

Så godt å ha "sin egen" tid.. Jeg går bare og gleder meg til treningsstudioet åpner. Det blir min "arena"....
Lykke til med sangen og koret
Happy day!

-klem-

Lykkeligkaos sa...

Det må vere kjekt å synge i kor,
vertfal berre det å ha litt "laila" tid :)
Eg håpar på å kunne byrje med noko igjen når eg er ferdig med studiane :) Kanskje kor, kanskje dans :)
Men noko blir det :)
Kjekt å sjå liv att på bloggen også! :)

Ha ei fortsatt fin veke!

Dagny- Heim sa...

Om du har lyst så ligg det ei utfordring til deg hos meg :-) God tur!

Astrid sa...

Hei:)
Du rekke over med det meste du Laila! :)
Ønskar deg lykke til vidare med korøvingar og framsyningar, vi snakkast vel undervegs vi to;)
Eg har ei utfordring til deg på bloggen min, ta den om du har tid og lyst!
God helg til heile Olsenbanden frå alle oss her framme:)