fredag 30. januar 2009

Utfordring frå Tove

Det er no kanskje over 1 veke sidan eg fekk denne utfordringa no. Men betre seint enn aldri seier dei:)

Eg skulle gå inn på bildemappene mine. Finne mappe nr 6 og bilde nr 6.

Så skal eg legge dette bilde ut på bloggen min og skrive litt om det.

Her er bildet:

DSC00649

Dette er frå ein kjempe fin sommar dag/kveld i fjor sommar. Vi var invitert fram til Gry og Frode på Myra på ein aldri så liten grill sammenkomst.

Tre familier, 6 vaksne og 9 barn. Kjempekoseleg!!

Som dokke ser er det fotball som er det store for både barna og fedrene. Det gjekk aktivt for seg, alle var både sveitte og slitne. Nokre måtte til og med bytte både T-skjorte og underkle....Fremst i bilde ser du mannen min og Daniel. Sittande i raud skjorte Ådne, Pappa Frode, Pappa Kim og Sigurd i mål.

Det ser ut som det er midt på dagen, men klokka er faktisk nærmare 2300....

Dette er ein kveld vi minnast med glede. Og vi vil gjerne gjere det opp igjen.

Tusen takk til vertskapet for ein koseleg grill kveld :)

Legg ved nokre bilder til for å vise kor kjekt vi hadde det

DSC00664

Eit fint knippe med blide barn. Mikkel Johann sov i vogna si..

DSC00660

To blide jenter:)

DSC00662

Fotball er livet Fotball er gøy!!

 

Førde tur:)

Det er 15 år sidan eg flytta til Førde for å gå på sjukepleiehøgskulen. I tre år skulle eg halde til der. På ein plass eg nesten ikkje hadde høyrt om. Eg måtte flytte frå mamma og dei andre heime, vennane mine og ikkje minst kjæresten min Richard. Eg var ikkje særleg høg i hatten då eg vinka farvel til mamma og co som hadde kjøyrt meg og flyttelasset den lange vegen frå Ørsta til min nye studiestad.

Det skulle vise seg å bli tre fantastiske år. Eg sit igjen med berre positive minner. Sjølvom lengselen heim til tider var svært vanskeleg å takle så steig trivselen etter kvart som månadane gjekk. Richard kom ofte på besøk og bussturen heim på vel 4 timar vart berre kortare og kortare.

Sjukepleiestudiane gjekk så det suste, Kull 24 vart veldig sammensveisa og mang ein "eksamensfest" sit spikra i minnet. Det beste med tida i Førde er vennskapet med Ingrid. Dette er ei dame med bein i nasa og tunga rett i munnen. Ho veit akkurat kva ho vil og får det som oftast slik....Ikkje sant Helge :)

Ho har iallefall verdens snillaste mann!!

Til deg Ingrid: Eg er så glad i deg og dine. Håper vennskapet vårt varer for evig og alltid.

Så då det endeleg klaffa med Førde tur forrige fredag var vi ikkje seine med å kaste oss på bussen. Mikkel Johann og eg pakka det vi trengde og vinka på gjensyn til dei andre i Olsenbanden:)

Forresten er det eit lite mirakel at vi to har kvar sin 1 åring ilag. At vi skulle få oppleve å verte mamma same året var noko vi begge hadde slått ifrå oss. Difor er det ekstra kjekt å kunne snakke saman om Kasper og Mikkel Johann. Og som dokke ser er dei gode kompisar:

 

 IMG_1296

Førde er i grunnen ein flott plass å bu. På desse 15 åra har lille Førde vokst frå å vere ein liten plass mellom Ålesund og Bergen til ein middels stor by med fantastiske shopping moglegheiter. Byen veks for kvar gang eg er der, iallefall med antal butikkar. Der er både Hennes og Mauritz, Kappahl, Lindex, Spar kjøp, Plantasjen, Biltema  m.m

For meg er dette toppen. Og det er nok ikkje alltid  like kjekt for Ingrid å dilte etter meg overalt. Vi tek oss alltid tid til ein  kafetur og det kos. Då slapper vi av medan barna sover i vogn. Deilig!!

Søndag var det eit nydeleg vinter/vår veir.  Slik som det var her heime har eg høyrt, og sett på bloggane dykkar. Vi pakka litt niste til Odin og la i veg:)

IMG_1289

Vi var ikkje aleine om å gå på tur denne søndagen. Det verka som om halve Vieåsen såg sitt snitt til ein aldri så liten vårtur. Det var så fint å sjå sola kor ho spegla seg i vatnet, isen smelta og fuglane kvitra.

Vi har ikkje nådd Februar ein gang, men våren ligg i lufta likevel...

Her er nokre stemningsbilder:

IMG_1284  IMG_1286  IMG_1282

Dei tre gutane leika seg fint ilag. Sjølvom det kunne vere litt travelt for storebror Odin, ikkje alltid like kjekt å bli forstyrra av to små gutar når ein sit å leikar seg fint med bilane sine.

IMG_1247   IMG_1288

Odin Eide, snart 4 år. Ein fantastisk kjekk og fin gut.

Dei to andre rakkarane i fin leik:

IMG_1260 

Ser nesten ut som det er eit lite suss i lufta... 

IMG_1256

Fekk låne dumper med Fredrik. Det var svært!!

Tre dager går så altfor fort når ein har det gøy. Vi gleder oss til Ingrid og Kasper kjem til Ørsta i April/Mai. Vi kan kanskje håpe på at Odin blir med og??

Tusen Takk for denne gang Ingrid og Helge:)

Ellers kan eg skrive at i denne stund sit eg heime med to sjuke gutar. Benjamin har fjerna mandlar og polypper og skal vere i ro i 14 dager. Det kan by på utfordringar skal eg seie...

Mikkel Johann har høg feber og hoste atter ein gang...

Men vi får berre stå i det. God Helg til alle saman:)

torsdag 22. januar 2009

Eg vann!!!!

Seint onsdagskveld ser eg det har kome inn ein kommentar til meg. Sjølvsagt må eg sjekke kven det er ifrå. Og overraskelsen er meget stor, ikkje fordi det er frå Tove, men pga av bodskapet hennar.

Som mange av dokke allereide har registrert har denne dama hatt 1 års jubileum som bloggar. Og for ei bloggdame!! Det er ingenting som er for lite eller for stort for Tove. Og som eg skreiv til henne: Du har mange jarn i ilden, men ingen av dei blir kalde.

Det står respekt av deg og arbeidet ditt. Både det du utfører som lærar, husmor, politikar og bloggdame.

At eg skulle bli den heldige vinnar av hennar konkurranse er eg veldig glad for. Og slike fine premiar!

Det har seg nemleg slik at denne flotte boka snart kjem meg i hende:

image

Slik beskriver Tove den på bloggen sin:

Dette er ei rykande fersk bok med dikt og foto av Turid Skjelten frå Brattvåg. Ho har boklansering og sleppfest i dag, og eg ringte henne i dag for å bestille ei bok til utlodning på bloggen min! Tekstene handlar om det som skjer mellom og i mennesker, det som ikkje i første omgang er beviseleg og handfast. Boka er både ei mental og visuell reise i kjensler  og stemningar (både bilete og fakta om boka er hente frå heimesida til Turid, som du kan finne her). Denne har du vel lyst på???

Om eg har!! Eg gleder meg til den er på plass. Først må eg finne tid og rom til å invitere Tove, og kanskje nokre andre blggdamer, på vaflebesøk m/meir:)

Tusen Takk Tove fordi du trakk meg ut av denne store haugen med lappar:

image

God helg til alle saman.

I morgon reiser eg forhåpentlegvis til Førde på etterlengta veninnebesøk:)

tirsdag 20. januar 2009

Ei utfordring:)

Her ein dag hadde Tove vore frampå med ei aldri så lita utfordring til meg. Eg har lete den vente lenge nok no  så her kjem min eigen lille fasit på

Fire x Fem:)

Fire favorittprogram på TV:

1. Greys

2.Prison Break

3. 71 grader Nord

4. Farmen

Eg er vell det ein kalle ei TV kjerring :)

 

Fire ting eg gjorde i går:

1. Prøvde så godt eg kunne å trøste ein sjuk Mikkel Johann

2. Var på Stil og Stemning å kjøpte noko for eit gavekort eg har hatt liggande sidan jul

3. Hadde ein lengre telefonsamtale med ei venninne som eg, desverre, ikkje får sjå så ofte som eg skulle ynskje

4. Prøvde å sove av meg eit migreneanfall

 

Ting eg ser fram til:

1. Somaren, varmere tider og kanskje Syden tur

2. Arbeidsdagen min

3. Førde tur. Planen er å besøke Ingrid m/fam i helga. Kryssar fingre og tær for at Mikkel Johann er frisk fredag

4. Varme gode klemmar frå Richard og mine fire englar

 

Favorittrestauranter:

Her må eg berre seie at vi sjeldan går ut for å ete. Og dessutan er det ikkje så mange restauranter  å velge mellom her i Ørsta.

Eg vil likevel trekke fram Mamma Mia fordi dei har ein nydeleg pizza og eit hyggeleg personale. Vi tek gjerne med ein heim vi:)

Eg kjem heller ikkje utanom Fugl Fønix kaffibar. Denne er absolutt verdt eit besøk. Lov meg at du stikk nasen innom dersom du er i Ørsta. Det er ikkje ein restaurant, men alikevel:)

Du får nykverna kaffi og dei mest fantastiske kakesortar. Prøv gulrotkaka, du vil ikkje angre!!

 

Fire ting på ynskjelista mi:

1. Fred på jord!! Veit det er eit umogleg ynskje, men det er verdt eit forsøk....

2. Få råd til å lage til loftet slik at min kjære og eg kan flytte opp og nyte kveldsola på balkongen vår :)

3. Sommarhus på Sæbø- Min draumeplass å bu....

4. Ny bil

Det vart mykje relatert til penger det her. Men eit ynskje er eit ynskje. Nesten som å drømme dette her:)

 

Eg vil gi denne utfordringa vidare til alle dei som kikar innom meg i morga ( 21 januar )

Ha ein fin kveld vidare.

Eg må legge meg dersom eg skal kunne trøste Mikkel Johann i natt...Øreverk er noko hærk!!

 

 

Utmerkelser

Desse utmerkelsane fekk eg av Gry Hege. Tusen Tusen Takk!! Eg er ofte inne hos Grys lille univers. Dette er ei dame som det er verdt å kike nærmare på. Som meg er ho småbarnsmor og det i seg sjølv er ein jobb som krev mykje. I tillegg er ho aleinemamma for den skjønne guten sin Kevin.  Eg har stor respekt for dei mødrene (og fedrene) som har ansvar for barna sine aleine. Eg kan berre forestille meg korleis det er, sjølv trur eg ikkje eg hadde klart meg utan Richard og det han bidreg med både i heimen og når det kjem til barna våre:)

image

image

 image

Så stå på vidare Gry Hege!! Og igjen TUSEN TAKK:)

 

 

fredag 16. januar 2009

Gratulerer med dagen Beth!!

Sender mine helsingar til Beth som på Sæbøneset bur. I dag fyller han 80 år. I morgon skal vi feire dagen på klubbhuset på Sæbø. Først familien og nære vener, deretter blir det åpe hus for alle som ynskjer å ta seg ein tur.

Som barn var det på "neset" med Mor og Beth eg likte meg best. Der fekk eg kose meg i fjøra så lenge eg ville, eg fekk hjelpe til med saudene og vi fekk vere med på sjøen å drage garn. Eg har mang ei historie frå barndomen som eg kunne tenkt meg å dele med dokke. Men ikkje i dag....

I dag er det deg Beth eg vil skrive om. Tenk 80 år er du, og nesten like sprek som du alltid har vore.

Du elskar å gå i fjellet, spesielt fjella du har rundt deg. Opp i Maradalen er det du trives best. Og kvar sommar er helikopteret på plass så det kan frakte deg og provianten din opp. 1 veke i strekk, og gjerne meir bur du der. Imponerande for ein mann på 80 år spør du meg:)

Saudene dine, som no egentleg er onkel Lasse sine, er du like glad i. Du klarer ikkje la vere å gå i fjøset, men som dei seier:  "Gammel vane er vond å vende" veit du:)

Sjølvom du kan vere kvass i kommentaren og bestemt i meiningane dine er du Beth, den gamle gode Bethen som alltid held døra åpen for oss.

Vil vi ha ei helg på Sæbø er vi hjarteleg velkomen. Seng og sengekle står der klart, alltid! Tusen Takk for det Beth!

Vi her i Olsenbanden gratulerer deg så mykje med 80 års dagen i dag. Og vi håper at dagen i morga blir ein dag du kan tenke tilbake på med glede.

Varm klem frå Laila

DSC01110   DSC01090

Å gle seg til ein arbeidsdag

Som de alle veit har eg nettopp byrja arbeide igjen etter eit fantastisk år heime med Mikkel Johann. Eg har storkosa meg, både med han og dei  andre borna i heimen. Det har og vore tid til kvalitetstid ilag med min kjære. I september tok vi turen til Oslo der vi kobla heilt av og budde på hotell. Her fekk vi med oss både stand up show og shopping på Karl Johan. Ein stor takk til mamma som passa borna denne helga:)

No er imidlertid kvardagen endra. Eg har ikkje berre byrja i ny jobb, men eg har ei heilt anna arbeidstid enn vi er van med frå før. Frå å kome heim om morgonen å vekke borna, dreg eg no på jobb før dei vaknar.

Eg lyg visst eg seier at eg gledde meg til å byrje på att. Eg vil heller ikkje seie eg grudde meg, men ei viss spenning kjende eg på. Spenning for det ukjende og det nye.

Men ting forandrar seg når ein føler seg trygg og velkomen.

I dag skal eg på kveldsvakt. Og eg gler meg. Gler meg til å besøke alle dei eldre som sit einsame å ventar i stua si. Eg gleder meg til å sjå smilet deira når eg viser meg i døråpninga. Dei har så mykje å fortelje, dei har så uendeleg mykje å dele. Og vi har så mykje å lære. Det som smertar meg er sorga i augene deira når eg ser på klokka og seier forsiktig at no må eg gå. Skulle så gjerne ha vore lenger i kvar ein heim, men med så mange som ventar må eg vidare. Og dei forstår, dei har full forståelse for at tida ikkje strekk til, men skuffelsen i auga klarer dei ikkje skjule.

Som helsearbeidar er eg sjølvsagt opptatt av eldreomsorga. Det å stadig lese om kutt, nedskjæringar og spare tiltak gjer meg arg. Kvifor skal dei eldre straffast, dei som har vore med på å bygge opp dette landet som vi er så stolt av? Noreg.....Eit av dei rikaste landa på jordkloda...Men vi har ikkje råd til å ta oss av dei som verkeleg fortenar det...Eg blir ikkje klok på politikken...

Eg har alltid synes det har vore interessant å høre historier frå gamalt av. Å sitte hos Mor eller Bestemor å høyre dei mange historiene frå deira barndom og ungdom har eg alltid sett på som ei glede. Kanskje er det difor eg har valt dette yrket?  Det er viktig å kunne fortelje desse historiane vidare til vår neste generasjon, vi kan ikkje gløyme kven vi er og kvar vi kjem frå. Og det er ei nødvendigheit at borna våre og lærer dette.

image

Eg har aldri tvilt på om eg har valgt rett yrke, eg har vore sikker sidan første dag på sjukepleiehøgskulen om at dette er det eg vil halde på med. Eg er utruleg takksam for jobben min. Eg utfører den med glede og omsorg.

Eg ser fram til mange koselege samtalar med alle dei eg kikar innom i løpet av ein arbeidsdag.

Eg ynskjer alle som har arbeidshelg i helsevesenet ei riktig god jobbehelg:)

Laila

 

 

onsdag 14. januar 2009

Med hjartet på rette staden...

image

Denne fine awarden fekk eg med Lill i dag. Fordi eg kom med trøystande ord når Silje måtte reise tilbake til U.S.A

Er den ikkje fin? Og heilt heimelaga. Tusen Tusen Takk Lill. Det varmar å få ei slik påskjønning ein kald onsdagskveld:)

mandag 12. januar 2009

Utslitt....

Her i huset har vi faste leggetider for alle barna. Sjølvsagt kan vi vike frå desse av og til, men regelen er der og den blir respektert. Når eg seier vike så tenker eg mest på at leggetida blir utsett. Difor var frustrasjonen stor i kveld då mamma bestemte det motsatte...:(

I går fekk nemleg Preben og Elise sitte oppe å sjå ein film ferdig. Dette merka vi godt i dag tidleg, og eg var snar å seie at i kveld er det kveld når mamma seier det!!!

Det er no spesielt storeguten som reagerer på denne "nyerverva regelen". Han synes det var heilt unødvendig at han måtte finne vegen til loppekassa sååååå tidleg (2130). Ikkje var han trøtt, ikkje kom han til å få sove og sjølvsagt var det noko på tv han veldig gjerne ville sjå....

Imidlertid vart det fort stilt, eg let bildet tale for seg....

DSC02299   

Å sovne med mp3 på øra, i sittande stilling seier vell litt om kor trøtt storeguten vår var i kveld:)

Kva skal ein finne på i regnveret?

Det er ikkje mange dagane sidan snøen dekte både markane og vegane her hos oss. Det var eit riktig fint vinterver med kuldegrader, litt solgløtt og deilig knatrelyd under skorne. Borna var ute å leika frå dei var ferdig med leksene til det var på tide med kveldsmat.

 DSC02254

Er det noko vi alle veit, så er det at veret forandrer seg fort. Når eg i dag ser ut vindauget mitt er det bart, vinden susar og regnet øser ned. Borna har støvler, paraply og regnkle når dei tek fatt på skulevegen. Det er ikkje vinter lenger. Snøen smeltar vekk.  Alt minner om haust....

 

 image

 

Kva skal ein så ta seg til med på ein slik dag?

Trilletur fristar ikkje i det heile tatt. Alle vi kjenner er på jobb eller skule. Amfi fristar heller ikkje.

Kanskje vi skal ta oss ein bakedag Mikkel Johann og eg..... Både brød og kanelsnurrar vart det:)

8 deilige brød klar til å leggast i frysen. Det er så gøy når arbeidet er gjort!!

DSC02268   DSC02266

Eg er heldig som har ein ivrig tilskodar og hjelpar:)

DSC02288

Det ferdige resultatet...Nam-Nam:)

  DSC02292 

 

Kanelsnurrar er noko av det beste borna her i huset får. Dei elskar å kome heim å kjenne den deilige lukta når dei stig over dørstokken. Det gjekk ikkje mange minutta før nasen begynte sin vandring...og den fann vegen rakt inn på kjøkkenet:)

DSC02293    DSC02294

Dagen er snart over, regnet høljar ned, som det har gjort i heile dag...Haugen med kanelsnurra, ca 90 stk, er plutseleg snart halvert.

"Ikkje anna å vente det mamma når dei ligg framme på kjøkkenbenken og fristar både med lukt og utsjånad" seier dei når eg skjenner over apetitten deira:)

DSC02296

Med dette ynskjer eg alle ei fin veke. Håper nokre er meir heldige med vinterveret enn vi:)

Laila:)

 

 

lørdag 10. januar 2009

Første dag i barnehagen for Lillebrorgull....

Ja så er dagen komen. Trudde eg skulle få nyte det lenge denne gangen, men det viser seg gang på gang at 1 år går så altfor fort...(og eg har gjort dette 4!!! ganger) Eg har til og med hatt 3 veker med ulønna permisjon, slik vi riktig kunne nyte Julehøgtida og Nyttårsfeiringa ilag.

Eg minnast med glede mandag 12 november 2007. Då kom lillebrorgull Mikkel Johann og lyste opp kvardagen vår. Familien vår vart med eit komplett. Å vere så velkomen er ei stor glede i seg sjølv. Å ha tre større syskjen som passar på. Oppmuntrar, hjelper ustødige små føter på rett veg igjen og klemmer deg når du er trist og lei. Du er så heldig, og du er så høgt elska lille vennen vår:)

Dei første månadane med deg gav oss utfordringar! Du skreik veldig mykje, og sov nokså lite. Etterkvart fekk du mykje utslett, først i ansiktet så på kroppen din. Etter ammestund var det særleg gale. Du skreik og skreik, ingenting hjalp. Og vi hadde så vondt av deg. Det var tydleg at du hadde smerter. Vi prøvde alt!! Ingenting er verre enn å sjå din eigen lille skatt streve og ha det vondt. Mammahjertet mitt verkte, tårene trilla og fortvilelsen steig.

Då vi fann ut at du ikkje tålte melk endra alt seg over natta. Bokstaveleg talt! Ikkje så rart med tanke på kva eg hadde i meg av melkeprodukt....

Endeleg kunne vi nyta tida ilag.

Månadane gjekk fort, vår vart til sommar, sommar vart til vinter. 1 års dagen din kom. Vi feira jul og nyår. Brått var dagen der: 6 januar 2009.

Din første dag i Mosmarka barnehage.

Eg må innrømme det var litt merkeleg å "begynne i barnehagen" igjen, men med eit så fint personalet og ein så ny og

flott barnehage er eg sikkert på at vi vil trives like godt denne gangen:)

DSC02269

 Kika meg rundt i første omgang...Smake litt på ting og tang er viktig:)

DSC02272

hopperommet likte Mikkel Johann seg veldig godt. Personalet huska godt at dei to andre gutane var like aktive der inne...

DSC02273

Det var stor stas å vaske hendene sine. Sidan Mikkel Johann er så begeistra for det våte element fann Grethe fort ut at dette kunne

brukast som avledningsmanøver når mamma/pappa skal seie hade:) Lurt!!

DSC02270    DSC02271

Her ser du resultatet etter nokre dagar på Småtrolla. Ein blid og fornøgd gut:)

Imidlertid må eg innrømme at eg var på tråden både ein og to gangar i løpet av dei første dagene. Svaret eg fekk var at alt gjekk så bra. Ein kjekke gut. Lett å trøste og så god mot alle:)

Mamma kan berre slappe av.

Lillebrorgull trives godt i barnehagen:)

 

Kjære Mikkel Johann:

Å oppleve ditt komme til verden

var den største gleden jeg noensinne

har kjent

Fullendt

Ingen lykke i mitt liv

har noengang vært så sann

Jeg kommer til å bære med meg

din første gråt gjennom

hele livet

Klem frå mamma....