fredag 30. januar 2009

Førde tur:)

Det er 15 år sidan eg flytta til Førde for å gå på sjukepleiehøgskulen. I tre år skulle eg halde til der. På ein plass eg nesten ikkje hadde høyrt om. Eg måtte flytte frå mamma og dei andre heime, vennane mine og ikkje minst kjæresten min Richard. Eg var ikkje særleg høg i hatten då eg vinka farvel til mamma og co som hadde kjøyrt meg og flyttelasset den lange vegen frå Ørsta til min nye studiestad.

Det skulle vise seg å bli tre fantastiske år. Eg sit igjen med berre positive minner. Sjølvom lengselen heim til tider var svært vanskeleg å takle så steig trivselen etter kvart som månadane gjekk. Richard kom ofte på besøk og bussturen heim på vel 4 timar vart berre kortare og kortare.

Sjukepleiestudiane gjekk så det suste, Kull 24 vart veldig sammensveisa og mang ein "eksamensfest" sit spikra i minnet. Det beste med tida i Førde er vennskapet med Ingrid. Dette er ei dame med bein i nasa og tunga rett i munnen. Ho veit akkurat kva ho vil og får det som oftast slik....Ikkje sant Helge :)

Ho har iallefall verdens snillaste mann!!

Til deg Ingrid: Eg er så glad i deg og dine. Håper vennskapet vårt varer for evig og alltid.

Så då det endeleg klaffa med Førde tur forrige fredag var vi ikkje seine med å kaste oss på bussen. Mikkel Johann og eg pakka det vi trengde og vinka på gjensyn til dei andre i Olsenbanden:)

Forresten er det eit lite mirakel at vi to har kvar sin 1 åring ilag. At vi skulle få oppleve å verte mamma same året var noko vi begge hadde slått ifrå oss. Difor er det ekstra kjekt å kunne snakke saman om Kasper og Mikkel Johann. Og som dokke ser er dei gode kompisar:

 

 IMG_1296

Førde er i grunnen ein flott plass å bu. På desse 15 åra har lille Førde vokst frå å vere ein liten plass mellom Ålesund og Bergen til ein middels stor by med fantastiske shopping moglegheiter. Byen veks for kvar gang eg er der, iallefall med antal butikkar. Der er både Hennes og Mauritz, Kappahl, Lindex, Spar kjøp, Plantasjen, Biltema  m.m

For meg er dette toppen. Og det er nok ikkje alltid  like kjekt for Ingrid å dilte etter meg overalt. Vi tek oss alltid tid til ein  kafetur og det kos. Då slapper vi av medan barna sover i vogn. Deilig!!

Søndag var det eit nydeleg vinter/vår veir.  Slik som det var her heime har eg høyrt, og sett på bloggane dykkar. Vi pakka litt niste til Odin og la i veg:)

IMG_1289

Vi var ikkje aleine om å gå på tur denne søndagen. Det verka som om halve Vieåsen såg sitt snitt til ein aldri så liten vårtur. Det var så fint å sjå sola kor ho spegla seg i vatnet, isen smelta og fuglane kvitra.

Vi har ikkje nådd Februar ein gang, men våren ligg i lufta likevel...

Her er nokre stemningsbilder:

IMG_1284  IMG_1286  IMG_1282

Dei tre gutane leika seg fint ilag. Sjølvom det kunne vere litt travelt for storebror Odin, ikkje alltid like kjekt å bli forstyrra av to små gutar når ein sit å leikar seg fint med bilane sine.

IMG_1247   IMG_1288

Odin Eide, snart 4 år. Ein fantastisk kjekk og fin gut.

Dei to andre rakkarane i fin leik:

IMG_1260 

Ser nesten ut som det er eit lite suss i lufta... 

IMG_1256

Fekk låne dumper med Fredrik. Det var svært!!

Tre dager går så altfor fort når ein har det gøy. Vi gleder oss til Ingrid og Kasper kjem til Ørsta i April/Mai. Vi kan kanskje håpe på at Odin blir med og??

Tusen Takk for denne gang Ingrid og Helge:)

Ellers kan eg skrive at i denne stund sit eg heime med to sjuke gutar. Benjamin har fjerna mandlar og polypper og skal vere i ro i 14 dager. Det kan by på utfordringar skal eg seie...

Mikkel Johann har høg feber og hoste atter ein gang...

Men vi får berre stå i det. God Helg til alle saman:)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei vennen min:-)
Du skriver så bra at jeg nesten sitt med tårer i øynene. Ja du vet at jeg også setter deg og dine umåtelig høgt. Vennskapet med deg er utrolig viktig for meg. Jeg vet du er der for meg uansett. Og håper du også vet jeg er der for deg. Takk for noen kjemefine dager sammen med deg og Mikkel Johann.Håper vi sees snart:-)
Klem fra Ingrid

Anonym sa...

Å du store min for ein mammagut Ingrid har fått :-)Ikkje vanskeleg å sjå kvar han høyrde heime. Det må no vere ekstra stas... Og Odin har no vakse seg så stor og fin. Kjekt å sjå slike fine bilder. Ynskjer at du får tid til å ta ein tur ut i Selje også, sjølv om ikkje eg kan lokke med så mange butikkar. Vi har prix'en vi...og så litt til, ha-ha.
God betring forresten...misunner deg ikkje.
Klem frå meg