mandag 2. mars 2009

Ein ny liten verdensborgar....

Søndag 1 mars vart min bror Bjørn Ottar og hans kjære Janita foreldre for første gang!! Ein liten prins såg dagens lys etter ei strabasiøs natt på føden i Volda.

Guten var 2830 gr og 47 cm lang, ein liten og nette gut med andre ord:)

Vi gratulerer dei stolte foreldra og gleder oss over å ha vorte Tante og Onkel atter ein gang!!

Dei fire små i heimen gleder seg over eit nytt søskenbarn å bli kjent med:)

Eg kunne ikkje dy meg og måtte ta turen bort for å sjå den lille prinsen.

Og eg kan berre konstantere at følelsen du får når du held eit nyfødt barn er den samme som den alltid har vore. Dufta av det dunkledde hovudet, den lette kroppen, dei små fingrane som strekker seg ut. Føtene som sparkar fritt....Blir ein nokon gang ferdig med å ynskje seg slike små?

Eit ord beskriver følelsen godt:

NYDELEG!!!

Lillebror Krøvel

Til Lillebror

Å oppleve ditt komme til verden

er den største glede

Fullendt!

Inga lykke

har nokon gang

vore så sann

Din første gråt vil vi bære med oss

gjennom heile livet

Klem frå Mamma og Pappa:)

 

Så kjære bror og svigerinne:

Gratulerer med den skjønne guten de ilag har sett til verda, han er deres til odel og eie.

Nyt tida framover, set pris på dei små kvardagsaugeblikka og sist men ikkje minst gled dokke over broren og over kvarandre:)

God varm klem frå

Tante og Onkel

Preben, Elise, Benjamin og Mikkel Johann

3 kommentarer:

Guttemamma sa...

Gratulerer,tante!! Han er utrolig vakker, og jeg KAN gutter..ha-ha!!
Og nei, jeg blir aldri ferdig med å ønske meg sånne små...men dypt takknemmlig for de jeg har og sier stopp og ydmykt takk!!
kos deg med tanteungen!!
klem

Tove sa...

Grattis, Laila!!! Men du, det lissje nurket er utruleg lik, Mikkel!!!!! Kan det stemme???? Skjønning....

Lill sa...

Hei hei
Tusen takk for hyggeleg helsing:0) Grattis som tante også og for ein utruleg nydeleg gut. Nyt tysdagen og tanteguten:0)
Stort smil til deg