onsdag 26. november 2008

Dørskilt

Eg har lenge sett meg etter eit skilt til å ha ved inngangsdøra. Har leita både på nettet og på diverse handverksmesser rundt omkring utan å finne det heilt store. Lite visste eg at skiltet som passa oss perfekt var å finne ved døra til den nærmaste naboen vår :)

Eg fekk vite at vedkomande hadde bestilt det i Pandura katalogen og gjekk straks til verks sjølv. Det var ca 14 dagers leveringstid så stor var overraskelsen då pakken kom i går etter ei knapp veke. Når eg skal utføre noko, og spesielt noko eg har venta på må eg gjere det der og då. Så i går kveld fann eg fram maling og pensel, lim og tusj. Eg kan ikkje skryte på meg å vere spesilet kunstnerisk, men dette måtte eg vell klare??

 

                                DSC01916                     DSC01917

Drygolin er ein sterk utandørsbeis som tåler ein trøkk, den er i samme farge som karmane og listene våre og det vil nok bli bra tenkte eg. Skiltet kom nemleg ubehandla, men det var fort gjort å gi det to strøk med eggekvit beis.

Så til figurane som eg falt pladask for. Dei fantes i alle variasjonar og fargar. Det vansklegaste var å finne mamma og pappa figur...Barna fekk velge sjølv og det var sjølvsagt stas.

 

                              DSC01919                      DSC01922

Valet enda på denne koselige mannen med briller. Sidan pappa brukar briller syntest vi alle at denne brillemannen passa fint og talet på magen symboliserar fotball interesssa så klart.  Mamma figuren passa og syntest vi..for mamma er alltid blid :) "Nesten alltid iallefall" kom det forsiktig frå Elise...

Benjamin lever og ånder for fotball og valgte denne spreke guten med ball. Mikkel Johann måtte ta babyen sidan han ikkje har stemmerett enda. Elise er ei hoppande glad og sprudlane jente så denne passa henne ypperleg. Så lurer du vell på kvifor Preben valgte ein gut i fangedrakt?  Det gjer faktisk eg og.  Vi får håpe det er fordi han les Donald og har B-gjengen som favoritt og ikkje fordi han føler seg som ein fange her i Einemarka :)

 

 

                    DSC01925            DSC01927

 

Slik vart det endelege resultatet. Ikkje noko stort kunstverk, men eg har laga det sjølv og alle er fornøgde med det. Det er på plass allereide så no kan alle sjå kven som bur i det kvite huset i enden av Einemarka:)

4 kommentarer:

Silje sa...

Kjekt med noko eige og spesielt, noko som ikkje alle andre har! Lurer faktisk på å bestille eg også, dette var berre knall :)

Astrid sa...

Du imponerar Laila!! :)
Ikkje visste eg at du var av den kreative sorten også, du er no så engasjert og flink til så mykje, og så dette i tillegg!
Artige figurar, sjølvsagt ser eg likheitene med figurane og den verkelege Olsenbanden:D Og Preben i fangedrakt må no vere fordi han er eldst av ungane og dermed sjefen i OlsenBANDEN;)
Flott og originalt dørskilt -og som du seier; det at du har laga det heilt sjølv er no ekstra stas!!
Skulle eg ha laga eit slikt måtte eg ha hatt eit større skilt...eller mindre figurar;)

Anonym sa...

Kjempestilig dørskilt du har laga! Flinke jente...du kan litt av kvart du :-)

Anonym sa...

stilig skilt. hvor kjøpte du figurene?