lørdag 29. november 2008

Moteshow på Amfi

Butikkkane bugner over av fine kle. Alt er retta mot oss kjøparar. Enten det er julegåver til venner og familie eller nytt antrekk til oss sjølve eller barna. Alle butikkar vil gjerne vise oss kva dei har å by på, det er stadig noko nytt å bruke pangane på. Og barna blir meir og meir bevisst på kva dei vil ha. Det merkar iallefall eg. Preben på snart 12 veit meget godt kva han vil ha, eg har nesten slutta å kjøpe kle til han utan å "konferere" med han først. Eg risikerer berre ein byttedag alikevel:)

Det er fredag, julegata og julehandelen skal offisielt åpnast her i Ørsta. Amfi skal kjøre moteshow. Våre 3 eldste skal vise motar for Cubus, det er ikkje første gang så dei er godt forberedt, iallefall trur dei det. Det var berre så forferdeleg mykje folk på Amfi denne dagen. Alle ville sjå årets julekle:) Det er ikkje berre berre å klargjere alle store og små til eit moteshow, det tek tid å prøve kle, finne rett antrekk og rett størrrelse. Mange skal sminkast og fiksast på håret. Eg kan godt forstå at Jeanett sveitta. Her er eit lite innblikk i livet som mannekeng:

 

DSC01930          DSC01929       DSC01933

Dei store gutane var veldig opptatt av om hattane kom til å øydelegge den flotte sveisen.

Benjamin fann seg fort ein saccosekk å slappe av i medan andre tok siste finpussen. Elise er nydeleg som alltid.

DSC01936          DSC01931       DSC01961   

Preben likar å tøyse litt. Forresten var det han som reagerte på folkemengda..."Herligheit mamma!!! Eg holdt på å få hjarteinfarkt på toppen av rulletrappa!"

 

DSC01963        DSC01956        DSC01964

Elise likar veldig godt å "leike" modell...Er kanskje alle jenter slik? Tøff var ho iallefall. Legg merke til det moteriktige skotyet!!

 

DSC01957         DSC01955      DSC01960

Oj!! Her var det mylke folk du...Jentene later til å vere verdensvante:) Benjamin er sliten....men du så tøff:)

 

DSC01951       DSC01946

Mikkel Johann ville sjølsagt sjå han og. Det er godt å ha ein sterk pappa til å løfte seg høgt over folkemassene.

Då var det over for denne gang. Gåvekortet som alle får er ei kjærkoma "betaling". Som regel blir det brukt med ein gang, også i går. Og som regel er det kleda dei har vist som blir kjøpt. Det var tre fornøgde born som prøvde kle på stovegolvet i går kveld, vel vitande om at etter endt arbeidsdag vankar det løn for strevet:)

5 kommentarer:

Guttemamma sa...

Så stolt du må være!!! Herlige unger! KLem

Anonym sa...

For noen hærlige unger du har :)
Ikke rart du er stolt mamma.
Skulle egentlig ha kevin på overnatting til i morgen, men nå kl 23 måtte jeg dra å hente han. Han savnet mamma så mye at han fikk ikke sove. Nå sover han søtt som bare det i min seng :)

Har nå lagt deg til listen min sånn at jeg lettere kan stikke innom bloggen din :)

Ha en flott søndag :)

Astrid sa...

Kor fine dei va Laila!!!
Fine, flotte og fotogene:)
Grei måte å "handle" kle på dette, når ungane får slik flott løn for strevet:)

AnneGrethe7 sa...

Heilt nydelege...kan tenke meg morshjarte svulma over då desse flotte ungane dine kom ned rulletrappa:) Stilige va dei alle tre.

Desse tøfle-støvlettane har eldste prinsessa fått kjøpe seg i dag...Bug, trur eg var namnet...hihi...prøvde dei då eg skulle ut med bosset tidlegare i kveld...gode og varme var dei i alle fall :) Dei to andre prinsessene var fort framme med at slike ønska dei seg til jul også:)

Ønskjer deg ein fin laurdagskveld Laila:)

AnneGrethe7 sa...

Nei, no ser eg jammen lenger ned på bloggen din at eg har fått ei utmerking frå deg.....no vart eg glad:)
Tuuuusen takk Laila:) Det var virkeleg kjekt!!!

Klem