tirsdag 4. november 2008

Eg ein bloggar?

Ja er eg det? Eg har brukt mange timar framfor dataskjermen for å lese om deg og dine, på det jamne kvar kveld etter at husfreden har senka seg er eg på plass. Og eg er like imponert kvar gang. Kvar tek du ideane frå? Og korleis har du tid til dette? Om eg er misunneleg?...Ja ein tanke.

Eg skal innrømme at eg har blitt påverka, faktisk i lengre tid, av gode venner til å ta fatt på dette. Forhåpentligvis klarer eg meg godt i denne verda av bloggarar, men som med alle andre ting er eg forberedt på at ting tek tid å lære. Til mitt forsvar kan eg seie at eg ikkje er den som gir opp utan kamp!

Då er det altså i gang. Eg har laga meg ein blogg. Her vil eg prøve å formidle korleis vi har det i vår lille verden. Kvardagen vår er til tider hektisk, men full av gode stunder og samtaler og. Vi veit at vi er glade i kvarandre sjølvom diskusjonane til tider går høglytt for seg. Håper du har lyst å bli betre kjend med Olsenbanden og at du har tolmod nok til å følge utviklinga mi som "nytilsett bloggar".

7 kommentarer:

Tove sa...

Fantastisk, Laila!!! Gratulerer som bloggar og velkomen etter! Det var jammen på tide.... Stilig at eg fekk fyrste kommenteren på bloggen din! Gler meg til å fylgje utviklinga av bloggen og kvardagen til Olsenbanda di. Stå på - dette klarer du!

Astrid sa...

Ja no er du endeleg ein bloggar Laila:)
Kor kjekt!!!
Då må eg legge deg til på bloggrullen min med ein gong, for her skal eg fylgje med:D
Lukke til vidare, dette vert kjekt!

Tove sa...

Sjå der ja! No har du jammen vorte flink!

Anonym sa...

Heisann.
Heia vennen.
Har vore innom her fleire gongar idag, men ikkje greidd å legge igjen kommentar. Men no er moglegheita større :-)
Har lagt deg inn på favorittar, så no skal eg nok følgje med. Har gjort det til ein vane å kike på Tove kvar dag, så no gjer eg det med deg også. Dokke blir liksom litt nærmare då...lettare å følgje med dokke.

Anonym sa...

Hei vennen!
Jammen klarte jeg det ikke jeg og, å finnne ut hvordan jeg skal skrive en hilsen til deg her inne. Lover å følge med på det du skriver, selv om jeg ikke vil miste alle våre gode og lange telefonsamtaler (som det har vore litt mindre av i det siste- travelt med arbeidende mødre....)
Veldig glad i deg Laila. Lykke til som blogger:-)
Klem fra Ingrid

Unknown sa...

Hei Laila! Gratulerer med fin blogg. Har skjønt på diverse kommentarer at du var en blogger-spire, så jeg har ventet på dette;) Kommer nok til å følge med på nytt om deg og dine! Lykke til:o)

Anonym sa...

Flinke, Laila ;-))