onsdag 5. november 2008

18 år!

Då er dagen komen. 18 års dagen. Ein stor dag vil eg tru? Tid for "lappen"? Lov til å gå ut på byen. Gammal nok til å kjøpe øl. Du er vaksen. Skikkelig vaksen meinar eg, ikkje som når ein blir konfirmert. No skal du stå på eigne bein. Eg kjenner det kribler i kroppen, eg er spent på dine vegne. Kva vil livet ditt bringe?

Utdanning er du godt i gang med, du er lærling i elektrofaget. Eg trur du trives både på arbeidsplassen din og med det valet du har tatt som yrkesveg. Det gjer meg stolt.

Eg hugser då du kom til verda, at det er 18 år sidan no er ganske utruleg. Tida går so veldig fort. Du var på ein måte ein liten attpåklatt som vi så fint kaller det, og vi store søskena gledde oss veldig til du skulle kome. Eg var 18 år sjølv då du såg dagens lys. Storesøster ja, men og litt reservemamma. Det var ikkje fritt for at eg lånte deg av og til. Ganske ofte faktisk. Eg var så heldig at eg fekk den store æra av å bere deg til dåpen. Du kan tru det var svært. Difor var det ekstra stas forrige jul då du bar vår lille Mikkel Johann til dåpen. Noko du klarte med glans. Sjeldan har vell eit barn sove så godt i onkel sine hender under dåpssermonien.

Eg har ikkje bekymringar no når du har nådd dette magiske talet. Du er så fornuftig og klok i avgjerdselene dine at eg slepp å tenke på alle ting som kan skje. Ikkje røyker du og ikkje drikk du. Du er heller ikkje av den typen som rek gatelangs dag etter dag og kveld etter kveld. Nei du likar deg godt heime ilag med mamma du.  Alikevel lever du livet slik ungdomar flest gjer. Du har dine interesser og dine fritidssyssler. Fortsett slik Ole Andre. Du er på rett veg!

I dag kjem vi fram og skal feire deg. Heile familien skal samlast. Vi mangler ein, og han vil alltid bli sakna. Men eg er sikker på at pappa ser på deg og tenker: For ein flott kar!! Og han er min:)

Vår kjære lillebror, svoger og gode onkel fyller 18 år i dag. Gratulerer med den store dagen Ole Andre!!!

Vi er så glade i deg alle sammen.

                  DSC00591                                                                                      DSC00593

6 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulere med dagen til en flott gutt!!

Astrid sa...

For eit fint innlegg til ein fine gut Laila!
Eg har noko til deg på bloggen min, ei utmerking som du kan lime inn i margen din og som du kan sende vidare til nokon du synest fortenar den:)

Bra innlegg under her, "følte oss truffet" :) men i dag er vi friske alle mann. *Bank i bordet* :)

Har du fri, lyst og anledning til å kome fram ein tur i morgonkveld?

Nunne sa...

For et flott innlegg du har laga, rett til onkel Ole.
Vi har og en onkel Ole her i huset. Fostergutten vår, han heter ole Kristian, men liker best å hete Ole, bare. Han er alle onekl-ungan sin drømmeonkel, og har herjer med dem og holder leven når de kommer. Han er 19...

KOSELIG at DU e rmed i denne blogginga! Velkommen iblant oss.
Hilsen fra Glomfjord, fra Nunne.

Anonym sa...

Åh, no vart ej utrulig rørt Laila:)Sitte med tåre i auene. Så fint du skrive til broren din. Han e heldig som he ei søster som deg. Ei flotte side du he laga:)

Og gratulere til broren:)

Hilsen Siv i Søgne.

Tove sa...

Grattis med Ole! Skjønningen... Tenkt at eg har hatt han som elev både på barneskule og ungdomsskule! Seier kanskje litt om kor gamle vi har vorte, eller kva???? Snakkast i morgon! Skal eg hente deg?

Anonym sa...

gratulerer med dagen Ole!