søndag 30. november 2008

ADVENT

Så er endeleg dagen her. Første søndag i advent. Nedtellinga til Julehøgtida har begynt. Borna er fulle av forventningar til både advent og jul. Dei ventar spent på at pakkekalendaren skal kome på veggen, kikar nyskjerrig i alle posar eg kjem berande med og lurer fælt på kva dei får til jul i år.

I denne tida med så mykje terror, krig og elende ute i verda tykkjer eg det er viktig å fortelje borna kor heldige vi er. Her bur vi i eit flott land, eit fredfullt land, vi får gå på skule og vi har alle moglegheiter for framtida vår. Ikkje alle er like heldige seier eg med ei formanande finger. Tenk på alle små barneføter rundt omkring som ikkje har verken sko eller varme nok klede til å møte ein kald vinter. Tenk på alle dei som ikkje eingang her ein heim å gå til.

Elise sa ved frukostbordet i dag at ho håpte på ei koseleg jul utan for mykje tårer. "Eg tenker spesielt på mormor". "Fordi det er klart vi kjem til å gråte denne jula" sa ho vidare. For dokke som ikkje veit så var det vår tur til å opppleve det største marerittet i år. Ein dag i mai kom presten på døra med det triste bodskapet om at vår kjære pappa og morfar hadde omkome i ei arbeidsulykke. Så borna veit kva det vil seie å sørge. Livet er til tider vanskeleg å leve. Heldigvis står vi samla i sorga, ein stor syskjenflokk ilag  og med vår kjære gode snille mamma midt i.

Vi laga til ein litt ekstra god frukost i dag. Kokte egg og laga kakao med kremtopp. Dekka fint på og hadde ei koseleg førmiddag ilag. Men kven skulle tende det første lyset? Det er den same diskusjonen kvart år. Så det endar med loddtrekning. I år vart det Preben sin tur:) Heldigvis er det tre lys igjen:)

 

DSC01969  DSC01972  DSC01974

                                                             Tenn lys!

                                                  Eit lys skal brenne

                                                  for denne vesle jord,

                                                  den blanke himmelstjerna

                                                  der vi og alle bor.

                                                  Må alle dele håpet

                                                  så gode ting kan skje

                                                  Må jord og himmel møtest.

                                                  Eit lys er tendt for det.

 

Ynskjer alle i blogglandia ei riktig fin adventstid. Kos deg mykje ilag med familien, ta vare på kvarandre og gled dykk over tida de får ilag.

Varme klemmar frå Laila

 

12 kommentarer:

Guttemamma sa...

Et nydelig innlegg! Ja, det er viktig å ta vare på de rundt en og det er klart at sorgen kommer ekstra godt innpå en i disse tider også. Selv mistet jeg mamma'n min altfor tidlig, hun ble ikke 40 engang...så mine barn har dessverre ingen mormor. Godt at dere er mange som står sammen og ta ekstra godt vare på mamma'n din som sikkert får en helt spesiell jul..varm klem fra Anette

Anonym sa...

Hei! Flott advents"stake-fat" du fann deg!Du huska; eg traff deg på leiting...
Syns du har ein veldig kjekke blogg, kjekt å kike innom .
Åsso alle dei flotte ungane, då! Tenk kor heldige me er, egentleg!
God adventstid til deg og dine, Laila!! -Eva-

Anonym sa...

For noen flotte ord fra deg.....ja det er ikke tvil om at adventen er ei tid for ettertanke og ikke minst tid for å la barna våre få vite hvilken flott hverdag vi egentlig lever i...hvor godt vi har det i forhold til andre ute i vår store verden :)

Håper dere har hatt en vidunderlig 1.søndag i advent :)

Klem ;)

annhelene sa...

Hesan Laila.Dette var reint so rørande og lese.Du e so flink og skrive ej fe tåre i augene. Prøva mej på ditta her blogg "styret",men om ej fe detotil fe vise seg .God adventstid til ddeg og dine.

Lill sa...

Så flott innlegg du har laga og den nydelege adventsstaken. Min har ikkje kome opp endå, emn det blir idag. Vore på Fjørtofta i helga og kom heim mondag kveld:)
Så flotte bilder frå moteframsyning, er jo så moro når dei får vere med på slikt. Vakre born har dokke, ingen tvil om det:))
Nyt Dagen Laila
Stort smil frå Lill

Astrid sa...

Kjempefint innlegg Laila.
Elise er slik ei god jente med eit godt hjerte:) Det er nok like greit å innstille seg på at tårene kjem til å sitje lett denne jula... Samstundes kan tårene godt få blande seg med smil og latter når dokke deler mange av dei fine, vakre, artige episodene som dokke har hatt saman med Anders. Det er godt at dokke har kvarandre, som du seier så står dokke samla i sorga. Det er bra.
Adventsstaken din vart fin den Laila:) Flotte bilete!

rod i hob sa...

Takk for titten i en nydelige blogg :-) Masse kjekke innlegg og bilde,så eg dukke plutselig opp igjen!! Ha en fine kveld!

Ida Mari... sa...

Hei! Det ligg ei utfordring til deg på bloggen min, ta den om du har lyst og tid :)

Lill sa...

God morgon:)
Ligg noko til deg hos meg:))
Klem Lill

Dagny- Heim sa...

Heisan! Har vore litt ute av bloggedrift i det siste. Tid, lyst og inspirasjon kjem og går. Men i dag fekk eg endeleg tid til å kikke litt rundtomkring :-) Og då skrollar eg sjølvsagt nedover for å sjå alt eg har gått glipp av. Då såg er plutseleg at eg hadde fått ei utmerking av deg. Tusen, tusen takk! Det var jammen meg kjekt :-D

Og ikkje har eg fått med meg at ungane dine har vore klemodellar heller. Sikker på at dei takla det veldig bra! Såg at Elise var så fin her ein dag, dei får kanskje eit antrekk i "betaling"? Var likt det skjørtet ho hadde på biletet.

AnneGrethe7 sa...

Supert innlegg Laila :)

Har noko til deg på bloggen min :)

Ønskjer deg og dine ein fin laurdag:)

Cecilie sa...

For ein flott adventsstake du har. I morgon får vi tende to lys og jula begynner for alvor å melde sin ankomst.

Det ligg noko til deg på bloggen min