torsdag 11. desember 2008

Visste du dette om meg?

Utfordringane kjem på rekke og rad. Ikkje noko er kjekkare enn det, men eg ser at tida ikkje alltid strekk til. Iallefall skal eg no prøve å fortelje 7 ting om meg sjølv som eg trur du ikkje veit frå før. Men som Astrid sa så bur vi i ei bygd der alle kjenner alle så vi får sjå....

 

1. Som lita jente trakka eg mine barnesko ut på Neset ilag med Mor og Beth (mormor og morfar). Eg likar å kalle meg halvt Sæbøjente og er så pass glad i denne staden at hadde eg fått med meg mannen min så hadde vi flytta dit.

2. Eg var litt av ei gutejente då eg var lita. Banka opp mange av gutane i klassa og hadde rykte på meg for å vere veldig sterk!! Kan ikkje seie eg er vidare stolt av dette...

3. Ser eg ei raud boble minner det meg veldig om barndomen og alle bilturane mamma og eg hadde ilag. Ho hadde nemleg ei slik og eg brukte å få ligge heilt bake i den lille luka. Var ikkje mykje snakk om barnesete og barnesikring for 33 år sidan nei....

4. Som 13 åring var eg fullestendig hekta på Carola. Kunne alle sangane hennar og hadde alle bøker om ho. Stod med den tradisjonelle hårbørsta og mima framfor mamma og resten av familien mang ein laurdaskveld:)

5. Då eg som 22 åring flytta til Førde for å gå på sjukelpleiehøgskulen hadde eg slik heimlengsel at eg gret kvar kveld. Både etter Richard, mine småsøsken og mamma....Dette gav seg sjølvsagt, men det tok tid!

6. Som 16 åring tok eg paraglidarsertifikat. Har hatt mange luftige turar frå fjelltoppar rundt omkring. Eg skal vere så pass å innrømme at eg har hatt nokre "harde" landinger og, bla i ei bjørk og halveis på panseret til ein bil.....No hadde eg aldri turt dette, eg føler at livet er altfor verdifullt etter at eg fekk barn:)

7. Då eg fekk sertifikat kjøpte eg meg ein plommeraude Talbot med elektriske vindauge og takluke for kr 3000,-.....Du huska den Maj Britt:)

Når ein bur i "grisgrente" strøk må ein investere. Bilen gjorde plikta si og meire til, den frakta meg og venner både hit og dit i mange år. Den vart til og med brukt som skyssbil til og frå Førde i 2 år.

Då er eg spent. Fekk du vite noko nytt om meg no? Denne utfordringa gjev eg vidare til alle som er innom bloggen min. Kjekt å få vite meir om alle andre bloggvenner:) Ynskjer alle ei god helg:)

8 kommentarer:

Dagny- Heim sa...

Var ikkje alt eg visste, nei. I alle fall ikkje at du har teke paraglidersertifikat :-) Tøfft!

Korleis gjekk det med korta i går? Var det noko hjelp i med kuttmaskina?

Lill sa...

Hei og god morgon:))
Tøff dame du Laila:) artig å lese blir litt betre kjent då:)) Håper dokke nyter førjulstida. Var forresten på juleavslutninga til Velle, kjempekjekt og 5. klassingane var kjempeflinke:))
Smil frå meg

Anonym sa...

Ja, gjett om eg hugsa den bilen då...Huska at eg sykla fram i dalen for å vere med deg på "synfaring". Var det fram med Lillian vi var? Og for ein stas med el.vindu, og takluke ikkje minst :-) Vi råna mykje med den vi, he-he.

Anna Lisa sa...

Eg så på besøksteljaren min at du hadde vore innom, så eg måtte kjike innom deg da:) For en flott blogg du har:)
Og nydelige barn!
Ønska deg ei flott helg
Klem frå Mork i Volda

Astrid sa...

Ja her var det faktisk eit par ting eg ikkje hadde anelse om. PARAGLIDING LAILA?! Det hadde eg aldri gjetta rett på:-) Tøffa!

Eg har noko til deg på bloggen min:)

Guttemamma sa...

Har noe til deg...!

Heidi-anitha sa...

Så kjempekoselig at du kom innom meg! Setter alltid så stor pris på noen få ord:)- så koselig å finne deg også.

Vakre barn, og så god stemning her.. skal titte mere nå...:)

Kos deg med førjulstiden!

klemmer White vintage

Astrid sa...

Eg har ei ny utfordring til deg på bloggen min!